NRK Meny
Normal

Rekdal: – Ei fantastisk redning av Gudmund

God organisering og ein keeper i storform hindra Rosenborg-siger. Dermed har Strømsgodset ei gyllen moglegheit til å innta tabelltoppen måndag.

Gudmund Taksdal Kongshavn

Vålerenga-keeper Gudmund Taksdal Kongshavn imponert i andre omgang mot Rosenborg.

Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix

Referat: Rosenborg - Vålerenga 0-0

– Det er mykje nesten. Vi bør vinne, men Vålerenga legg seg lågt og det blir tøft. Stang ut, kommenterte Mikael Dorsin til CSports etter kampen.

Børven avsluttar

Torgeir Børven (nummer) avsluttar i duell med Rosenborg-keeper Daniel Örlund.

Foto: Alley, Ned / NTB scanpix

Rosenborg pressa og pressa på Lerkendal, men ingenting blei godt nok mot eit defensivt organisert Vålerenga.

Les også: Supporterne tror på seier

I første omgang var det lite gull over Rosenborg. Sjansane uteblei, og det næraste ein kom scoring var då Torgeir Børven var frampå etter 10 minutt.

Jan Lecjaks slo inn på første stolpe, der Børven var først på ball. 21-åringen frå Øystese fekk derimot ikkje styrt ballen i mål.

Rekdal Kjetil

Vålerenga-trenar Kjetil Rekdal var godt fornøgd etter 0–0 og poengdeling på Lerkendal.

Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix

Rosenborg vakna

I pausen må RBK-trenar Per Joar Hansen tatt i litt, for ut på banen kom eit kvitt og svart lag med litt meir på hjartet.

Allereie etter eitt minutt i andre omgang kom den første gigantiske sjansen. Daniel Berntsen slo fint inn, og Jonas Svensson banka til frå kort hald. Ei fenomenal redning signert Gudmund Taksdal Kongshavn gjorde at skotet enda i corner.

– Ei fantastisk redning av Gudmund. Han held nullen, og er ein spennande keeper. Det er vel den einaste redninga der han treng topp klasse i dag, sa VIF-trenar Kjetil Rekdal etter kampen.

Etter 57 minutt var Stefan Strandberg nære etter eit frispark, og etter 60 minutt var Tobias Mikkelsen svært nære med ein lobb over Kongshavn. Avslutninga frå Mikkelsen gjekk derimot til side for mål.

Vålerenga låg kompakt og godt, og trass i fire lange overtidsminutt hala Oslo-laget uavgjort i hamn.

– Eit herleg poeng

Poenget, og null baklengs, gjorde godt for Rekdal og Vålerenga.

– Det er ei stund sidan vi har heldt nullen. Eitt poeng frå Lerkendal etter andre omgang er vi fornøgde med. Det blei ein lang andre omgang, konkluderte Daniel Fredheim Holm i prat med CSports rett etter kampen.

– Eit grufullt kvarter i andre omgang gjer at Rosenborg får blod på tann. Men innsatsen er formidabel, og vi held dei godt unna. Eit herleg poeng, var Rekdal sin konklusjon.

Skuffa Perry

Rosenborg-trenar Per Joar Hansen var skuffa, både over to tapte poeng og første omgang.

– Ein svak første omgang, med dårleg balltempo. Vi hevar oss og spelar ein veldig god andre omgang, og det er synd vi ikkje spelte slik heile kampen, sa han til CSports.

At det ikkje blei scoring går på udyktigheit, uflaks og litt marginar, sa «Perry».

– Vi spelar ein så god andre omgang og har meir enn nok sjansar. Det går på presisjon og trøkk i boksen, og vi har eit tosifra mengd cornerar som ikkje blir utnytta. Eg sa til gutta at om vi tek med oss andre omgang inn mot onsdagen, så blir det bra.

Førstkomande onsdag er det ny kamp mellom Rosenborg og Vålerenga på Lerkendal, då i kvartfinale i NM.

Før den tid spelar resten av Eliteserien ferdig den 20. serierunda, og på måndag har Strømsgodset ei gyllen moglegheit til å innta tabelltoppen. Med siger borte mot Lillestrøm vil Godset gå forbi Rosenborg med betre målforskjell.

Tobias Mikkelsen

Tobias Mikkelsen var svært nære etter 60 minutt. Den 26 år gamle dansken blei spelt gjennom av Daniel Örlund, før han kom åleine med Gudmund Taksdal Kongshavn. Åleine med VIF-keeperen fekk Mikkelsen vippa ballen over Kongshavn, men ballen gjekk utanfor mål.

Foto: Ned Alley / Scanpix

Fotballnyheter

Videoklipp

En viktig scoring for Norge av Martin Ødegaard mot Irland.
Se alle målene her.
Se alle målene her.