Hopp til innhold

Mållaust mellom målkongar

ANALYSE: Molde og Vålerenga har nærmast vore garantist for målrike oppgjer denne sesongen.

Molde - Vålerenga

Tøffe tak i Molde: Ola Kamara (t.v.), Daniel Fredheim Holm og keeper Michael Langer i heftig luftduell

Foto: Alley, Ned / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

Men i sitt innbyrdes oppgjer på Aker Stadion maktar ingen av laga å oppnå nettkjenning .

Molde og Vålerenga kjem til denne kampen som nære tabellnaboar, men likevel med svært forskjellig utgongspunkt. Medan Kjetil Rekdals menn har all grunn til å vere nøgd med å delta i medaljekampen, har Tor Ole Skulleruds elevar neppe til hensikt å seie seg tilfredse med den femteplassen dei innehar i dag.

Interessant nok er dei to laga óg motpolar reint statistisk. Sidan tapet mot Odd i serieopninga har Molde vore særs dominante heime på Aker Stadion: Dei står utan nederlag dei fem siste heimekampane og har scora minimum tre mål i kvart av desse oppgjera.

Vålerenga, derimot, er etter tolv rundar det einaste laget i eliteserien utan nederlag på framandt gras. Dei har tatt fleire poeng borte (14) enn heime (9) og har også scora fleire mål. Faktisk har Enga alt tatt fleire bortepoeng til no i år enn dei gjorde i løpet av heile fjorårssesongen.

Skepsis gjort til skamme

Kjetil Wæhler

- Orsak, seier artikkelforfattaren til Kjetil Wæhler. Han trudde ikkje det var rett å satse på veteranen som forsvarssjef, men har sett at han tok feil

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

Av mange moglege grunnar til dette vil eg gjerne framheve ein: Kjetil Wæhler. Eg tilstår at eg var skeptisk då nesten-namnebror Rekdal bestemte seg for å satse på ein 39-åring som ny forsvarssjef, men den skepsisen har eg måtta ete i meg.

Veteranen er framleis i framifrå fysisk form, og har ein spelestil og ein mentalitet som gjer han perfekt til tøffe borte-bataljar. Han er eit utmerkt føredøme for dei yngre spelarane på laget, og få i Noreg er dyktigare til å organisere ei forsvarslinje. Vålerenga har rett nok sleppt inn (for) mange mål, men utan Wæhler ville det definitivt vore langt fleire. Eg har med andre ord ei orsaking å framføre, og den kjem her: Sorry, Kjetil.

Både Skullerud og Rekdal er offensive trenarar som gjerne ser at så mykje av spelet som mogleg finn stad på motstandarlagets banehalvdel, men har samstundes vald ulike vegar til målet. Molde er det laget i årets eliteserie som kjem nærast å spele ein klassisk 4-4-2, med to tovegsspelarar sentralt på midtbanen, hurtige, energiske kantar og eit særskilt fokus på å involvere sidebackane i angrep.

Sårbare defensivt

Dette har lukkast godt – Per Egil Flo har seks målgjevande på dei tolv første kampane – men medfører, logisk nok, at moldensarane tidvis er sårbare defensivt. Sidan heimelaget i Vegard Forren har den forsvararen i eliteserien med det største pasningsregisteret, hender det óg at dei slår ein del langt når motstandar er i balanse.

Skullerud og Rekdal

Både Vålerenga-trenar Kjetil Rekdal og Molde-trenar Tor Ole Skullerud gjorde overraskande laguttak

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Vålerenga, derimot, stillar i ein 4-2-3-1-formasjon, kor svært mykje av det kreative ansvaret er lagt på akslene til playmaker Ghayas Zahid. Molde si fremste utfordring i denne kampen er med andre ord å hindre Enga-tiaren i å utfalde seg i mellomrommet, utan at dette i for stor grad reduserer heimelagets eigen offensive kapasitet.

Begge trenarane gjer interessante og til dels overraskande endringar før dette oppgjeret. Skullerud vrakar Forrens meir eller mindre faste makker Joona Toivio til fordel for Fredrik Semb Berge og sett inn den primært sentrale midtbanespelaren Thomas Kind Bendiksen på høgre kant.

Rekdal satsar mellom anna på den unge islendingen Elías Mar Omarsson framfor Daniel Braathen åleine på topp. Sistnemnte grep tyder på at den gamle landslagsdirigenten trur Vålerenga har større sjanse til å utfordre Molde sitt bakre ledd med tempo enn med duellkraft. Håpet er truleg at Omarsson skal tiltrekkje seg merksemda til Forren og Semb Berge, slik at Zahid får lov til å operere meir eller mindre fritt i luka mellom midtbane og angrep.

Forrykande start

Molde har dei seinaste åra hatt tradisjon for å starte i eit forrykande tempo, særleg på heimebane, og lever opp til sitt ry i kveldens kamp. Dei dominerer ballinnehavet og har to store sjansar dei første ti minutta, begge skapt gjennom hurtige brot etter Vålerenga-balltap sentralt.

For bortelaget syner Omarsson at han har meir enn nok tempo til å parkere Forren – han er uheldig som ikkje får straffe i det 14. minutt – men problemet for Vålerenga er at Rasmus Lindkvist og formspelaren Daniel Fredheim Holm vert liggjande for djupt i banen, slik at dei ikkje kjem fort nok med mange nok mann ved når kontringssjansar oppstår.

Til eliteserielag å vere har Molde eksepsjonell teknisk kvalitet i midtbaneleddet, men utover i første omgang vert dette paradoksalt nok eit problem.

Kind Bendiksen, Harmeet Singh og Etzatz Hussain er alle spelarar som både er og ynskjer å vere kreative, men når alle tre helst vil halde på ballen til ei luke openberrar seg i motstandaren sitt bakre ledd, vert flyten i heimelaget sitt spel skadelidande. Saknet etter ein meir direkte flankespelar som eksempelvis skadeplaga Mattias Moström er tidvis påfallande stort.

Omgangens augneblink

Ein kan innvende at den sentrale Vålerenga-duoen Christian Grindheim og Herman Stengel stort sett er usynlege, men grunnen til det er at dei konsentrerer seg om å dekkje det rommet kor Molde sine kreatørar helst vil spele ball, og gjer dette på ein måte som fortener ros.

Omgangens augneblink kjem rett nok når Hussain utmanøvrerer Grindheim og fyrer av eit knallhardt venstrefotsskot som treff stolpen så det syng, men trass i eit markant overtak det første og siste kvarteret, er det ved halvspelt kamp vanskeleg å unngå kjensla av at ein kunne vente meir frå Molde.

Andre omgang opnar med at Singh gjer noko han burde gjere oftare. Ein nydeleg pasning på første touch ut mot venstre til Flo startar eit angrep som ender med at Kind Bendiksen breisidar over frå ein posisjon kor ein eliteseriespelar strengt tatt skal treffe mål.

Eit teikn på at Molde har lært av feila frå i går? Tja. Iallfall eit teikn på at Skullerud etter 45 minutt har identifisert høgreflanken som Vålerenga sitt svakaste defensive ledd. Daniel Fredheim Holm er ein fin-fin spelar, men har ikkje verdas største arbeidskapasitet, og tillet difor litt for ofte at høgreback Simon Andreas Larsen vert isolert ein-mot-ein mot den energiske Flo.

Likevel, det vil seg ikkje heilt for Molde, og sjølv om heimelaget dominerer, er gjestene heller ikkje ufarlege, trass i at den energiske Omarsson falmar betydeleg etter kvilen og må erstattast av superveteranen Morten Berre.

Veteranen sjølvskriven kaptein

Daniel Berg Hestad

Klubblegenden Daniel Berg Hestad overtok kapteinsbindet då han kom innpå

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Ein sit med kjensla av at viss denne kampen vert avgjort, vil det skje på grunn av ei tilfeldig hending, ein dum personleg feil, eit brot med normaliteten, heller enn at eitt av laga får utteljing for sin opphavlege slagplan.

Slikt skjer jo gjerne mot slutten av kampar, når både kropp og sjel er slitne etter lang tids innsats og konsentrasjon.

Med ti minutt igjen å spele tek Skullerud ut Etzatz Hussain og sender innpå norsk fotballs største aktive klubblegende, Daniel Berg Hestad. Heimelagets kaptein Ørjan Håskjold Nyland er framleis på banen, men overlet utan oppfordring kapteinsbindet til veteranen.

Eit tydelegare eksempel på kva ein stor, lojal spelar kan bety for ein klubb er vanskeleg å førestelle seg.

Elleve bak skjema

For Molde-fansen vil ei sein, avgjerande scoring ved Berg Hestad vere ein perfekt måte å sikre seg tre poeng. Men så vakker er verda naturlegvis ikkje. Rett nok klarar gamlefar å vinne ein luftduell tre minutt på overtid og sende Ola Kamara gjennom på blank goal, men symptomatisk nok går avslutninga utanfor stengene Michael Langer voktar.

Vålerenga vil nok, alt i alt, vere særs nøgd både med å ha halde nullen og å bevare sin knallsterke bortestatistikk. Molde ligg elleve poeng bak fjorårets skjema for seriegull og må no i praksis vinne neste kamp. Den går mot serieleiar Rosenborg. På Lerkendal. Eg treng neppe seie meir.

Laster innhold, vennligst vent..

Fotball

  • Martin Ødegaard tilbake på trening før storkampen mot Bayern München

    Arsenal-kaptein Martin Ødegaard var sammen med resten av laget som forbereder seg til kvartfinalen i Champions League mot Bayern München.

    Det opplyser Sky Sports.

    Ødegaard tuslet av banen etter 77 minutter mot Aston Villa i helgen.

    – Han hadde et problem med beinet, det er årsaken (til at han ble tatt av), sa Arsenal-sjef Arteta, ifølge BBC.

    Onsdag kveld møtes Bayern München og Arsenal. Det første oppgjøret endte 2-2 i London. (NTB)

    Ødegaard
    Foto: Reuters
  • «Kniklas» ute i lengre periode: Ikke aktuell før tidligst til høsten

    Niklas Jensen Wassberg, «Kniklas», blir borte fra fotballbanen i en lengre periode. Det skriver Brann på sine nettsider.

    – Niklas har fått en kneskade som vi fremdeles utreder og gjør vurderinger av hvilke behandlingstiltak vi skal utføre. Men det er uansett ikke aktuelt for han å være på banen igjen før tidligst til høsten, sier Brann-lege Arne Instebø.

    Det var under søndagens kamp mot Viking at 19-åringen pådro seg en kneskade.

    – Det er utrolig kjipt og veldig tungt å få denne skaden nå, men nå skal vi sammen med det medisinske apparatet finne ut hva som blir veien videre, sier Jensen Wassberg.

    Niklas Jensen Wassberg
    Foto: Carina Johansen / NTB
  • Stygg smell for Start-keeper – sendt til sykehus

    Start kunne mandag juble for sitt første poeng denne sesongen etter 1–1 mot Mjøndalen. Det var imidlertid noe helt annet som stjal fokuset.

    Etter 20 drøye minutter smalt det da Start-keeper Jasper Silva Torkildsen skulle avverge et angrep, men ble meid ned av Mjøndalens Mathias Bringaker.

    Keeperen reiste seg først opp og sjanglet bortover, før han måtte sette deg ned igjen med ansiktet dekket av blod. Thorkildsen ville fortsette, men ble til slutt byttet ut med Mats Viken.

    – Han er helt fortumlet, helt sprellemann, fastslo TV 2-kommentator Petter Bø Tosterud.

    Underveis i annen omgang kom Start med en skadeoppdatering på keeperen:

    – Han er ved bevissthet og får medisinsk behandling. Nå er han på vei til sykehuset for videre undersøkelser, skrev klubben på X.

    (NTB)

    1. divisjon fotball 2024: Start - Aalesund
    Foto: Tor Erik Schrøder / NTB
  • Lyn knuste Aalesund på bortebane etter rødt kort

    Jan Halvor Halvorsens Lyn kunne juble for sin første seier siden opprykket til 1. divisjon da Aalesund ble rundspilt med 3-0 mandag.

    Før mandagens knallsterke borteseier sto hovedstadslaget med én uavgjort og ett tap. Lyn har rykket opp to sesonger på rad og har ikke spilt i 1. divisjon siden 2010.

    Mandag fikk Lyn litt hjelp på veien mot sesongens første seier da Aalesunds Sander Kilen pådro seg sitt andre gule kort og ble sendt i dusjen etter bare 35 minutter.

    Daniel Schneider, Henrik Kristiansen og Andreas Hellum scoret målene for Oslo-klubben.

    (NTB)

    NM fotball cup 2023: Vålerenga - Lyn (1-2)
    Foto: Rodrigo Freitas / NTB
  • TV 2: Løkberg brakk ankelen: – Jeg har det blytungt

    Viking-profil Kristoffer Løkberg er sønderknust etter at han fikk påvist et brudd i ankelen etter en Viking 2-kamp mandag.

    – Akkurat nå prøver jeg å finne motivasjon. Jeg har det blytungt, sier Løkberg til TV 2 og tar til tårene.

    Det var fem minutter inn i Viking 2s 2-1-seier hjemme over Jerv at det gikk galt for NRK-eksperten.

    – En god gammeldags grisetakling bakfra. Hvordan han ikke ble utvist, må du spørre dommeren om, sier Løkberg.

    TV 2 gjorde som de fikk beskjed om, men dommer Amir Ajjour har ikke besvart kanalens henvendelser.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2022: Viking - Sarpsborg 08
    Foto: Carina Johansen / NTB
Erling Haaland
Phil Foden
Guro Reiten
Champions League - Round of 16 - Second Leg - Borussia Dortmund v PSV Eindhoven