Og apropos Stabæk. Dei har no fått erfare kva det betyr å ikkje skåre på sjansane sine. I fleire kampar har klubben hatt sjanse på sjanse, men stang ut og mangel på avslutningseigenskapar kan koste dei dyrt.
For ein ting har dei til felles med nærast alle klubbane som må kjempe mot nedrykk: Dei er på jakt etter ein spiss som kan skåre dei avgjerande måla.
Vi såg det tydeligast med Lillestrøm i fjor. Utan Uwe Rössler som blei henta inn på sommaren er det vel ein stor sjanse for at LSK denne sesongen kunne ha spela mot Alta.
Tyskland
No vil Kjetil Rekdal og Vålerenga også vende blikket mot Tyskland. Og Kjetil har nok større føresetnadar enn sine kollegaer til å finne den rette. For ofte blir det bokstaveleg talt eit skot i mørke.
Å kome til ein klubb midt i sesongen, med krav om å levere i går, krev spesielle typar. Tida ein treng til å venne seg til nye lagkameratar, nytt språk og ein ny kultur, er ein luksus du ikkje kan gje desse spelarane.
Derfor må ein i størst mogleg grad søkje norske løysningar. Derfor var halve fotball–Noreg etter ein Schei Lindbæk og ein Årst. Med von om at ein kåt målskårar skal skyte klubben ut av sumpen.
10-12 mål i sesongen
Alle klubbar må ha minst ein spelar som har potensiale til å skåre 10-12 mål per sesong. Vålerenga hadde ingen i fjor, ingen før sesongen og ingen midt i sesongen. Derfor må Rekdal handle.
Han har eitt forsøk, han har lite pengar, for han veit så godt at mangel på mål er det som sender lag ned ein divisjon. Så enkelt og så vanskeleg er det.