Kroaten var i sentrum for mange av dei tøffe duellane i kampen. Tidleg i andre omgang fekk han Sergio Ramos' alboge i ansiktet, og måtte ut på sidelinja for å stanse blødinga som såg stygg ut på nærbileta på tv.
To gonger til måtte han ut for å få legane til å stanse blødinga.
Litt seinare i omgangen var det kroaten som brukte sin alboge i overkant stygt mot Dani Carvajal. Real-spelaren vart liggande, og spelarane frå begge lag tente. Dommaren roa det heile ned før det utarta.
Mandzukic fekk også eit slag i magen, og blei svært godt passa på av Real-splearane. Han var derfor også sentral i mange av dei tøffe fuellane som kampen var spekka med.
Avgjerande gule kort
0–0 er eit godt utgangspunkt for Real, som spelar heime på Santiago Bernabeu i returkampen neste onsdag.
– Sjølvsagt vil vi gjerne score. Men det er også viktig å ikkje ha sleppt inn mål i heimekampen, seier Atleticos keeper Jan Oblak. Det hadde han sjølv ein stor del av æra for.
– Eg veit ikkje kven som er favoritt no. Real har eit godt lag med mange gode spelarar, så vi får sjå kva vi kan klare mot dei, seier Oblak.
Det må dei gjere utan backen Marcelo, som må stå over etter sitt gule kort. Også Atleticos Mario Suarez mister returkampen på grunn av gule kort.
Innsatsen og duellane var langt betre enn spelet ute på bana. Real hadde dei fleste av dei få sjansane før pause, medan Atletico ikkje hadde ein einaste kvalifisert målsjanse før i sluttminutta då dei pressa for scoringa som ville gi dei ein fordel framfor returkampen.
Men Real lukkast ikkje å score denne gongen heller. For fjerde gong denne sesongen måtte dei gå av Atleticos bane utan scoring, og det er klubbrekord for veslebror Atletico.
Real hadde før kveldens kamp hadde scora i 27 av sine siste 28 bortekampar i meisterligaen. Og Ronaldo kom ikkje på scoringslista - etter å ha scora i 13 strake bortekampar i meisterligaen.