NRK Meny
Normal

Må ha 17 mill på 18 dagar

- Dessverre, Lyn - det lar seg nok ikkje gjere, seier redaktør Tom Staavi i Dine Penger.

Lyn
Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

Lyn slit fortsatt med økonomien. I sommar måtte dei ha 10 mill for å kunne halde fram med drifta.

No treng dei 17 mill på 18 dagar for å unngå konkurs. Redaktør Tom Staavi i Dine Penger trur det blir for vanskeleg å finne pengane denne gongen.

- Eg har stor respekt for Lyn-direktøren, han har hatt nokre tøffe år. Men dette trur eg blir for tøft, seier Staavi.

Han grunngjev det med at potensielle investorar allereie har svidd seg.

- Mange av dei som kunne gitt bort pengane sine - eller satsa veldig risikabelt - har allereie brent seg på børsen. Det er ikkje like lett lenger, seier Staavi.

- Dersom vi skal lytte til alle tvilarane, kjem ein ingen veg. Vi må jobbe ut frå det vi trur på, svarer Lyn-direktør Erik Langerud til NRK.

Video nsps_upload_2009_9_10_17_31_23_1257.jpg

"Kjøpe seg inn"

Lyn vil løyse krisa ved å la investorar "kjøpe seg inn" i seks enkeltspelarar.

- Vi har jobba med dette ei stund, og trur det er mogeleg, seier Lyn-direktør Erik Langerud til NRK.

Lyn har gitt seg sjølv frist til slutten av månaden. Får dei ikkje inn nok pengar, blir kampen mot Tromsø 27. september den siste for klubben.

Fotballnyheter

Videoklipp

En viktig scoring for Norge av Martin Ødegaard mot Irland.
Se alle målene her.
Se alle målene her.