NRK Meny
Normal

Lyn låner Tromsø-keeper

Lyn løyser keeper-problemet sitt i juni månad med å låne Tromsø-keeper Kenny Stamatopoulos i fire månader.

Kenny Stamatopoulos
Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

Lyns førstekepper Johan Dahlin blir oppteken med U-21 EM på heimebane i heile juni månad.

Dermed går han i verste fall glipp av fem kampar.

For å løyse problemet har Lyn henta inn Kenny Stamatopoulos frå Tromsø på utlån i fire månader.

Kanadiaren har slete med speletid i Triomsø, og er innstilt på å bli leigd ut til Lyn.

- Med ein andrekeeper på berre 17 år, meinte vi det var best å hente inn Kenny. Kampprogrammet i juni er tøft, og vi er svært glad for å ha på plass ein erfaren keeper som Kenny, seier sportssjef Rolf Magne Walstad i Lyn til NRK.

Fotballnyheter

Videoklipp

En viktig scoring for Norge av Martin Ødegaard mot Irland.
Se alle målene her.
Se alle målene her.