Chelsea gikk på eit sviande tap mot London-nabo Arsenal i kveld.
På VIP-tribuna på Stamford Brigde sat også Lyn-direktør Erik Langerud saman med styremedlem Oddbjørn Lende og informasjonssjef Joachim W. Andersen. I timane før kampen sat Lyn-leiinga i forhandlingar om å inngå eit forlik med den engelske storklubben.
-Det ligger vel i korta at når vi er i London er vi tett på ei avgjerd, seier Erik Langerud til NRK.
NRK veit at Chelsea har gått bort fra erstatningskravet på 170 millionar. I staden krevde dei 1,2 millionar som skulle dekke advokatutgifter. Men også dette kravet nekta Lyn å godta, som til førte til at Chelsea har lagt bort alle økonomiske krav.
I september stemna Chelsea FC Lyn Oslo for Oslo tingrett med eit erstatningskrav på 170 millionar kroner. Men økonomisk skakkøyrte Lyn har ingen pengar å gi bort. Klubbane har i lang tid vore i dialog for å kome fram til eit forlik.
Etter det NRK erfarar prøvar Lyn å få til ei endeleg avtale før dei reiser tilbake til Oslo i morgon tidleg.
-Det betyr at vi skal bli ferdig med denne saka i løpet av kort tid, seier Langerud.