Hopp til innhold

Gammal storklubb er tilbake

– Vi er tilbake i ligaen. Då kan vi også vere tilbake i Premier League snart, seier Luton-direktøren.

Luton-jubel

Ein av Lutons få lykkelege dagar dei siste åra: Med 1-0 over Norwich i FA-cupen i fjor blei dei det første ikkje-ligalaget som slo eit lag frå toppdivisjonen ut av FA-cupen på 24 år

Foto: STEFAN WERMUTH / Reuters

Han kan juble no, «Hatters»-direktøren. Luton er endeleg oppe av hengemyra Conference og tilbake i League Two. Då Cambridge tapte mot Kidderminster tysdag kveld, vann Luton tittelen.

– Og med all respekt for League Two: Vi vil ikkje stanse der. Dette er starten på oppturen, det er ingen grenser for det vi kan oppnå, seier klubbdirektør Gary Sweet.

– Eg er optimist. Laga som rykkjer opp frå Conference gjer det ofte bra. Ikkje sjeldan får dei eit nytt opprykk etter berre ein eller to sesongar, og eg trur vi har godt nok lag til å gjere det. Iallfall dersom vi får behalde spelarane, og det trur eg nok vi får, seier Nils-Tore Heggestad til NRK..

Han er leiar i Lutons skandinaviske supporterklubb, og kan endeleg juble etter mange år med nedturar for dei oransjekledde.

– Korleis har klubben klart å snu nedturen?

– Først og fremst ved å rydde opp i økonomien. Lenge gjekk det over stokk og stein. Men ved å kutte lønnsutgiftene kraftig, har Luton klart å få ein sunn økonomi. Så vidt eg veit, er driftsutgiftene redusert med 70 prosent. Og vi har ein svært dyktig manager i John Still, seier Heggestad.

89 år i ligaen

Det er ein klubb med stor ligahistorie som no er tilbake etter fem år på nivå fem i engelsk fotball. Så seint som for 22 år sidan avslutta Luton ein epoke på ti år i øvste divisjon. Og då dei rykka ned til Conference i 2009, var det etter 89 år samanhengande som ligalag.

Klubben vart i 1890 den første profesjonelle i Sør-England, og kom med i ligaen i 1897. Men ettersom dei fleste ligaklubbane låg i nord, fekk Luton høge reisekostnader. Etter tre år melde dei overgang til Southern League.

Først med opprettinga av 3. divisjon kom Luton med i ligaen igjen i 1920.

Slo Arsenal i ligacupfinalen

Beste ligaplasseringa var sjuandeplassen i 1987, framfor lag som Manchester United, Chelsea og Manchester City. Året etter vann dei ligacupen med 3-2 over Arsenal i finalen, då keeperen redda straffe og Brian Stein scora sigersmålet med kampens siste spark.

Året etter nådde dei også ligacupfinalen, men tapte. I 1959 tapte dei finalen i FA-cupen. Begge gongane var motstandar Nottingham Forest.

Luton var blant dei første ligaklubbane som la kunstgras på si bane. Det var ikkje populært i 1985, og klubben gjekk tilbake til naturgras etter få år.

Kontroversielt var også avgjerda om å nekte bortefansen tilgang til Lutons heimekampar. Engelsk fotball var herja av tribunebråk på 80-talet, og Lutons svar på problemet var å ikkje selje billettar til tilhengarane av gjestelaget. Det gjekk fem sesongar før dei på nytt opna for bortefansen.

Ti mål på ein kamp

Joe Payne scorer ett av sine ti mål mot Bristol Rovers

I rekordbøkene: Her scorer Joe Payne eitt av sine ti mål mot Bristol Rovers i 1936

Luton er i historiebøkene også av ein annan grunn. 13. april i 1936 scora Joe Payne ti mål då Luton slo Bristol Rovers 12-0 i ein tredjedivisjonskamp. Ingen i ligaens historie har gjort det same. Payne scora 55 mål sesongen etter, det er det berre to mann som har overgått.

Men med 2000-talet kom den store nedturen. Økonomien var heilt skakkøyrd, klubben vart sett under administrasjon og straffa med minuspoeng. Med 30 minuspoeng i sesongen 2008-09 var dei sjanselause, og rykka ut av ligaen og ned i Conference.

– Tilbake der vi høyrer heime i 2020

Der har dei brukt tida på å bygge klubben opp igjen. No er dei tilbake og på veg opp igjen.

Direktør Gary Sweet viser til Swansea og Hull – klubbar som i dag er i Premier League, og som har spela i League Two i løpet av det siste tiåret. Doncaster og Yeovil er klubbar som er i Championship i dag, men som har spela i Conference for få år sidan.

– Vi tok over Luton i 2008 med ein visjon om å få klubben tilbake der han høyrer heime innan 2020. Og då snakkar eg ikkje om League Two, seier direktør Sweet.

Sweet er supporterleiaren som vart overtalt til å styre den daglege drifta då organisasjonen Luton 2020 tok over eigarskapet i 2008.

Framtida inneber også bygging av nytt stadion. Kenilworth Road er gammalt og forfalle, og 10.000 tilskodarar er heller ikkje nok dersom Luton skal gå oppover i divisjonane.

Målrik tippekamp gav nye tilhengarar

Luton Town er ein av berre to klubbar som har spela i alle dei fem landsfemnande divisjonane i England. Den andre er Oxford United. Og det pussige er at det var nettopp dei som møttest i den aller mest målrike av dei 370 engelske tippekampane NRK i si tid viste. På Kenilworth Road i februar 1988 vann Luton 7-4.

– Eg trur faktisk at den kampen er ei av dei viktigaste enkeltårsakene til at vi har så mange supporterar, seier supporterleiar Heggestad. Medlemstalet er på rundt 50, og dei har kvar vår ein supportertur til Luton. Dei fleste er norske, men det er også nokre frå dei andre nordiske landa.

Hekta av tekst-TV

Sjølv vart han supporter tidlegare enn det.

– Eg trur det kom på den tida tekst-TV kom til Noreg. Då låg Luton høgt oppe i ligasystemet, og eg la merke til dei. Det var spennande å studere tabellen kvar helg. Det la nok eit sterkt grunnlag, seier Heggestad.

– Kor høgt trur du dette Luton-laget kan nå?

– Det burde ikkje vere umogeleg å nå Championship. Premier League er nok litt for høgt slik det ser ut i dag. Men ingen veit, seier Heggestad, som no er leiar for supporterklubben til eit ligalag.

Fotball

  • Martin Ødegaard tilbake på trening før storkampen mot Bayern München

    Arsenal-kaptein Martin Ødegaard var sammen med resten av laget som forbereder seg til kvartfinalen i Champions League mot Bayern München.

    Det opplyser Sky Sports.

    Ødegaard tuslet av banen etter 77 minutter mot Aston Villa i helgen.

    – Han hadde et problem med beinet, det er årsaken (til at han ble tatt av), sa Arsenal-sjef Arteta, ifølge BBC.

    Onsdag kveld møtes Bayern München og Arsenal. Det første oppgjøret endte 2-2 i London. (NTB)

    Ødegaard
    Foto: Reuters
  • «Kniklas» ute i lengre periode: Ikke aktuell før tidligst til høsten

    Niklas Jensen Wassberg, «Kniklas», blir borte fra fotballbanen i en lengre periode. Det skriver Brann på sine nettsider.

    – Niklas har fått en kneskade som vi fremdeles utreder og gjør vurderinger av hvilke behandlingstiltak vi skal utføre. Men det er uansett ikke aktuelt for han å være på banen igjen før tidligst til høsten, sier Brann-lege Arne Instebø.

    Det var under søndagens kamp mot Viking at 19-åringen pådro seg en kneskade.

    – Det er utrolig kjipt og veldig tungt å få denne skaden nå, men nå skal vi sammen med det medisinske apparatet finne ut hva som blir veien videre, sier Jensen Wassberg.

    Niklas Jensen Wassberg
    Foto: Carina Johansen / NTB
  • Stygg smell for Start-keeper – sendt til sykehus

    Start kunne mandag juble for sitt første poeng denne sesongen etter 1–1 mot Mjøndalen. Det var imidlertid noe helt annet som stjal fokuset.

    Etter 20 drøye minutter smalt det da Start-keeper Jasper Silva Torkildsen skulle avverge et angrep, men ble meid ned av Mjøndalens Mathias Bringaker.

    Keeperen reiste seg først opp og sjanglet bortover, før han måtte sette deg ned igjen med ansiktet dekket av blod. Thorkildsen ville fortsette, men ble til slutt byttet ut med Mats Viken.

    – Han er helt fortumlet, helt sprellemann, fastslo TV 2-kommentator Petter Bø Tosterud.

    Underveis i annen omgang kom Start med en skadeoppdatering på keeperen:

    – Han er ved bevissthet og får medisinsk behandling. Nå er han på vei til sykehuset for videre undersøkelser, skrev klubben på X.

    (NTB)

    1. divisjon fotball 2024: Start - Aalesund
    Foto: Tor Erik Schrøder / NTB
  • Lyn knuste Aalesund på bortebane etter rødt kort

    Jan Halvor Halvorsens Lyn kunne juble for sin første seier siden opprykket til 1. divisjon da Aalesund ble rundspilt med 3-0 mandag.

    Før mandagens knallsterke borteseier sto hovedstadslaget med én uavgjort og ett tap. Lyn har rykket opp to sesonger på rad og har ikke spilt i 1. divisjon siden 2010.

    Mandag fikk Lyn litt hjelp på veien mot sesongens første seier da Aalesunds Sander Kilen pådro seg sitt andre gule kort og ble sendt i dusjen etter bare 35 minutter.

    Daniel Schneider, Henrik Kristiansen og Andreas Hellum scoret målene for Oslo-klubben.

    (NTB)

    NM fotball cup 2023: Vålerenga - Lyn (1-2)
    Foto: Rodrigo Freitas / NTB
  • TV 2: Løkberg brakk ankelen: – Jeg har det blytungt

    Viking-profil Kristoffer Løkberg er sønderknust etter at han fikk påvist et brudd i ankelen etter en Viking 2-kamp mandag.

    – Akkurat nå prøver jeg å finne motivasjon. Jeg har det blytungt, sier Løkberg til TV 2 og tar til tårene.

    Det var fem minutter inn i Viking 2s 2-1-seier hjemme over Jerv at det gikk galt for NRK-eksperten.

    – En god gammeldags grisetakling bakfra. Hvordan han ikke ble utvist, må du spørre dommeren om, sier Løkberg.

    TV 2 gjorde som de fikk beskjed om, men dommer Amir Ajjour har ikke besvart kanalens henvendelser.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2022: Viking - Sarpsborg 08
    Foto: Carina Johansen / NTB
Erling Haaland
Phil Foden
Guro Reiten
Champions League - Round of 16 - Second Leg - Borussia Dortmund v PSV Eindhoven