NRK Meny
Normal

Liverpool kan vere til sals igjen

Liverpools eigarar skal vere villige til å vurdere sal av klubben, fordi dei ikkje skal ha fått nok igjen for investeringane sine. Eigarane sjølve avviser likevel rykta.

Gerrard scorer i Australia

Her er det Liverpool-jubel i Australia. Men hos klubbeigarane skal det ikkje vere mykje jubel, ifølgje The Sun, som meiner å vite at eigarane vil kvitte seg med Liverpool

Foto: MAL FAIRCLOUGH / Afp

Det er avisa The Sun som skriv dette i dag. Dei meiner å vite at amerikanske Fenway Group kom til denne konklusjonen etter at Liverpool i mai ikkje greidde å kome til kvalifiseringa for meisterligaen i år heller.

Klubben har brukt 1,7 milliardar kroner på spelarkjøp sidan Fenway overtok, men utan å klare å kjempe i toppen av Premier League.

Men ein talsperson for Liverpool avviser dette på vegner av eigarane. – Fenway Sports Group gjer det heilt klart at Liverpool FC ikkje er til sals. Det er inga sanning i denne historia, seier talspersonen.

– Vi har ikkje snakka med nokon om sal, og vi anar ikkje kva desse rykta kjem frå, seier Fenway i ei anna pressemelding.

The Sun skriv likevel at det saudiarabiske oljeselskapet Saudi Aramco har lagt inn uformelt bod på klubben, og at to amerikanske milliardærar også skal vere mogelege kjøparar – dette ifølgje kjelder i Londons bankmiljø. Klubben skal uoffisielt ha ein marknadspris på 350 millionar pund, eller opp mot 3,2 milliardar kroner.

– At det er aktuelt å selje Luis Suarez no, er ikkje tilfeldig. Sal av ein stjernespelar er eit klassisk signal for å ønskje seg ut, seier bank-kjelda som The Sun siterer.

Fenway Sports Group kjøpte Liverpool for 300 millionar pund (2,7 milliardar kroner) hausten 2010.

Fotballnyheter

Videoklipp

En viktig scoring for Norge av Martin Ødegaard mot Irland.
Se alle målene her.
Se alle målene her.