NRK Meny
Normal

Her er orda du aldri skal høyre på Anfield

Liverpool innfører nulltoleranse for bruk av "uakseptabelt" språk, og publiserte i dag ei liste over ord ingen av dei tilsette i klubben får lov å bruke.

Fyord

Slik ser Liverpools 'fy-ordliste' for dei tilsette ut

Foto: LFC

Det er verbal mobbing på arbeidsplassen klubben først og fremst vil til livs med denne handboka, som "fy-ordlista" er ein del av.

Boka er delt ut til alle i klubben, både heiltidstilsette og dei som jobbar for klubben i mindre grad. Unntaket er spelarane, som har sine eigne retningslinjer å følgje.

– Som ein del av klubbens arbeid mot alle former for diskriminering, og for likebehandling og mangfald. Liverpool FC har aktivt engasjert seg i haldningsskapande arbeid her, seier Rishi Jain, velferdsmedarbeidar i klubben, til Huffington Post.

Liverpool samarbeider tett med organisasjonane Kick it Out, Show Racism the Red Card og Anthony Walker Foundation.

– Dette programmet skal føre til at våre tilsette skal kjenne att upassande språk og ta dei nødvendige steg for å sikre at Anfield er fri for alle former for diskriminering, seier Jain.

Kick it Out applauderer Liverpools initiativ. – Dette er eit positivt steg for å bevisstgjere staben på Anfield, seier leiaren i organisasjonen, Lord Herman Ouseley.

Liverpool vil på denne måten jobbe for å utrydde alle former for diskriminering både på og utanfor banen.

– Det er viktig å forstå betydinga av det som blir sagt, og her er døme på ord som ein bør vere svært forsiktige med fordi dei er krenkande og uakseptable i klubbens auge, står det i handboka.

Fotballnyheter

Videoklipp

Se alle målene her.
Se alle målene her.
Se alle målene fra kampen mellom Manchester United og Basel.