NRK Meny
Normal

Lindegaard har reist til Manchester

Aalesund-keeper Anders Lindegaard er på veg til Manchester. Overgangen til Manchester United er nær, melder dansk TV2.

Anders Lindegaard

Overgangen til Manchester United kan snart vere i boks, ifølgje dansk media.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / Scanpix

Lindegaard har den siste tida vore heime i Odense på ferie.

Aalesund vil ikkje kommentere om overgangen for keeperen er i mål enno.

– Svaret er det samme som eg har gjenteke fleire tusen gonger. Vi kjem ikkje til å kommentere noko rundt ein overgang for Anders Lindegaard, seier klubbdirektør Henrik Hoff til Sunnmørsposten.

Heller ikkje styreformann Vjarne Haagensen i Ålesund Fotball AS ønskjer å kommentere opplysningane frå Danmark.

Ifølgje den engelske avisa The Guardian skal overgangssummen for den danske landslagsmålvakta vere i overkant av 30 millionar kroner.

Sist veke var representantar for Aalesund i Manchester for å ferdigstille avtalen med Manchester United. Ingen i klubben ville kommentere korleis salet gjekk, men ein nettartikkel låg klar til publisering.

Fotballnyheter

Videoklipp

Ingrid Hjelmseth ble tråkket på armen og ble liggende lenge på banen.
Caroline Graham Hansen. Så bommer Graham Hansen. Keeperhøyde og forholdsvis enkelt for keeper. Dette er tungt.
Ada Hegerberg var ikke fornøyd etter kampen mot Belgia