Nedrykk likevel

Truleg blir det likevel nedrykk frå eliteserien i fotball i år, sjølv om serien skal utvidast til 16 klubbar.

Starts nedrykk
Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

Fotballtinget vil etter alt å dømme vedta ei  utvidning av eliteserien frå sesongen 2009. Dermed blir 2008 eit overgangsår. 

Det er Norsk Toppfotball som legg fram forslaget om at i år skal eitt lag rykke ned i 1. divisjon, og tre opp i eliteserien.

I tillegg skal nr 13 i eliteserien spele kvalifisering mot nr 4 i 1. divisjon.

Det opprinnelege forslaget går ut på at ingen skal rykke rett ned frå eliteserien i år, men det har møtt hard motstand.

Tysdag skal forbundsstyret behandle det nye forslaget, og mykje tyder på at det blir vedteke, skriv Dagbladet.

Eliteserien skal etter det nye forslaget utvidast frå 14 til 16 lag. Serien har hatt 14 lag sidan 1995.

Fotballnyheter

Videoklipp

LSK Kvinner vant 2-0 over Røa i cupfinalen. Komm.: Christian Nilssen og Tom Nordlie.
Cupfinalen for gutter 19 mellom Vålerenga pg Molde måtte avgjøres med straffekonk. Komm.: Olav Traaen og Karl-Petter Løken.
Se målene fra kampen mellom Rosenborg og Bodø/Glimt her.
Rosenborg vant seriegullet da de vant fotballkampen mot Molde lørdag.