Stort sett har dei også vunne opningskampen klart. Berre Uniteds 1-0-tap for Everton i 2012/13-sesongen øydelegg statistikken, og United vann ligaen klart likevel.
Om City blir meister, er det ni månader før vi får vite. Men kaampen i kveld bar iallfall bod om at dei vil vere med i kampen.
– Vi hadde noko å bevise
Denne måndagskvelden greidde aldri West Bromwich å utfordre Manchester City, trass heimebane.
– Vi hadde noko å bevise. Førre sesong var under det vi skal prestere. Dette var ein god måte å opne den nye sesongen på, sa Citys kaptein Vincent Kompany. Dette var femte året på rad City vinn i sesongopninga.
Han rosa også Raheem Sterling, som ligadebuterte for City.
– Han har gitt oss fart på topp, det vil gjere det vanskeleg for motstandarane. Eg trur vi gav andre lag litt å tenke på i kveld, sa ein svært godt nøgd City-kaptein.
To mål av Toure
Det var klasseforskjell heile vegen. Yaya Toure scora begge Citys mål før pause – begge på skot frå like utanfor 16-meteren. Vincent Kompany heada inn det tredje etter eit hjørnespark eit kvarter ut i andre omgang.
Statistikken frå kampen er også oppmuntrande for City. Dei hadde 692 vellukka pasningar – 211 fleire enn noko anna lag denne runden. David Silva med 90 og Fernandinho med 89 hadde også fleire pasningar enn nokon annan spelar i sesongopninga.