Referat:
Sist Start vann heime var 19. april mot Vålerenga, då Ernest Asante blei matchvinnar med kampens einaste mål.
I førre serierunde glimta laget frå Kristiansand til med ein sterk bortesiger mot nettopp Vålerenga. Heime mot Haugesund blei det aldri ny jubel, trass i at 2-2-utlikninga var farleg nære i sluttminutta.
Om både Hønefoss og Sarpsborg 08 vinn sine heimekampar klokka 18.00, vil Start vere tabelljumbo etter at serierunde nummer 20 er ferdigspelt.
– Vi kjem ut som eit nytt lag i andre omgang, og vi skaper ein del sjansar, men vi slepp inn to i første og då vinn vi ikkje fotballkampar, kommenterte Start-kaptein Glenn Andersen til CSports etter kampslutt.
Tor Arne Andreassen, her i duell med Bismark Acosta, var nære for Haugesund etter 16 minutt.
Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpixKlønete av Mathisen
Kampopninga var av det seige slaget. Haugesund fekk eit lite overtak tidleg, men sjansane uteblei det første kvarteret. Så small det.
Eit innlegg signert Tor Arne Andreassen trefte Joakim Våge Nilsen, og frå fem meter fekk Våge Nilsen nesten stjernetreff. Skotet på heil volley gjekk derimot like utanfor.
Start var svært nære ved Alejandro Castro etter 34 minutt, men det var bortelaget som tok leiinga – fullt fortent.
Haugesund angreip på venstresida, før ballen blei slått hardt inn av Andreassen. Der stod Jesper Mathisen på feil stad, for via leggen blei kampens første scoring kløna i nærmaste hjørne av Start-midtstopparen.
– Eg trur Glenn skal få tak i ballen når eg står der, og så går den sjølvsagt på feil side av stolpen. Det blir ei tung veke, slo Mathisen fast etter kampen.
To minutt seinare blei det endå tyngre for Start, då Christian Gytkjær stussa 0–2 i det lengste hjørnet etter innlegg frå Vegard Skjerve.
Start-trenar Mons Ivar Mjelde var spent før kampstart på Sør Arena. Etter kampen var ikkje stemninga på topp.
Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpixNytt lag
I andre omgang kom Start ut som eit nytt lag, og kampen blei både meir fartsfylt og spennande. Begge lag kom til store sjansar, før heimelaget endeleg fekk ballen i nettet i det 76. minutt.
Asante slo inn frå høgre, før Alejandro Castro kasta fram ein fot mellom Haugesund sine midtstopparar. Ballen gjekk i nettet bak keeper Per Morten Kristiansen, og håpet blei tent.
Det siste kvarteret gjekk føre seg på Haugesund sin banehalvdel, men ein verdig sluttspurt enda aldri i meir enn éi scoring. Kampen blei den sjuande heimekampen på rad utan siger.
– Vi gjer det vanskeleg for oss sjølve når vi kjem under 2–0. Det blir vanskeleg å vinne fotballkampar då, sjølv om det er all ære over det vi gjer i andre omgang, sa Start-trenar Mons Ivar Mjelde til CSports etter kampslutt.
– Haugesund har balansen mellom robustheit, balanse og ballspelarar, så Haugesund er eit lag som kan ta medalje, følgde han opp.
– Ein god følelse
For Haugesund blei 2-1-sigeren tredje siger på rad.
– Det strålande. Tre på rad gjer at vi tek store steg på tabellen. Vi er framleis med i cupen og godt plassert i serien, så det kan bli ein kjekk haust, konkluderte FKH-kaptein Kristiansen.
– Det er ein kollektiv siger i dag, sa trenar Jostein Grindhaug.
På spørsmål om Haugesund no kan prate medaljar og toppkamp, var trenaren lett unnvikande.
– Vi må vente eit par rundar til, men det er herleg at vi tek nye steg. Det er i kampar som dette vi har «drite på draget» før. Det er herleg med tre poeng, og ein god følelse no, avslutta han.