Ho følgde finalen frå tribunen, og let seg imponere av finalistane Japan og USA.
- Det er ein av de flottaste fotballkampane eg har vore på, og eg har vore på mange, seier Landsem til NRK.
seint søndag kveld på den mest dramatiske måten. USA dominerte kampen, men Japan utlikna USAs leiing i sluttminutta både i ordinær tid og i ekstraomgangane. Dei fekk også ein spelar utvist i sluttsekunda av ekstraomgangane. Kampen enda 2-2, og USA bomma på tre straffer i straffesparkkonkurransen.
Video: Her blir Japan verdsmeister
Se straffesparkkonkurransen i VM-finalen
- Dette var ein kamp som hadde alt - spenning, mål, utvisning, straffer. Det var utruleg morosamt, seier Landsem.
Ho hadde på førehand mest tru på USA, og trudde også på amerikansk siger heilt til USA bomma på den tredje straffen.
Les:
Trudde på USA til siste bom
- Dette var ein finale som hadde absolutt alt, seier Eli Landsem
Foto: Aas, Erlend / Scanpix- Dei gjorde jo ein god kamp, og dei var vel alt i alt best også i finalen. Men japanarane kom alltid tilbake. Det hadde eg ikkje trudd, men det er berre å ta hatten av for det dei gjorde, og gratulere. Det var ein stor prestasjon, seier Landsem.
Ho har late seg imponere av det Japan har klart også tidlegare i meisterskapet. Dei slo ut favoritt og heimelag Tyskland i kvartfinalen og Sverige - som tok bronsen til slutt - i semifinalen.
- Dei har spela teknisk god fotball med stor fart i årets VM, og har tatt store steg på kort tid.
Venta ingenting av Japan
- Kva hadde du sjølv venta av Japan før VM?
- Eigentleg nesten ingenting. Vi spela jamnt med dei i Algarve Cup i vår, tapte rettnok 1-0, men den kampen kunne vippa begge vegar. Og dei tapte 2-0 for USA der. Dei var bra, men ikkje så bra at eg ville heise dei opp som ein av favorittane. Det var ei stor overrasking, men veldig moro, seier Landsem.
- Beste VM nokonsinne
Japans keeper Ayumi Kaihori vart superhelt med sine strafferedningar
Foto: JOHN MACDOUGALL / AfpLandsem meiner at årets VM har vore det beste nokonsinne. Ei fantastisk ramme rundt arrangementet og overraskande resultat er viktig for kvinnefotballen, meiner Landsem.
- Dette har vore eit fenomenalt VM frå start til mål. Alt har vore heilt eneståande.
Det var berre så frykteleg synd at vi ikkje kunne vere med litt lenger sjølv, seier Landsem, som måtte sjå sitt lag bli slått ut i gruppespelet.
- Feirar sølvet - om nokre veker
USAs svenske landslagssjef Pia Sundhage prøvde så godt ho kunne og skjule vonbrotet over finaletapet.
- På dette nivåret veit vi at alt kan hende. No skal vi heim og nyte sølvet - om nokre veker.