NRK Meny
Normal

Lever og andar for 3. divisjonsfotballen

Han er ein fotballinteressert lektor frå Bergen. Men hans hovudinteresse er ikkje retta mot Barcelona og Rosenborg, heller ikkje Brann. Han reiser i staden landet rundt for å sjå kampar i 3. divisjon.

Odd Løvset

Odd Løvset lever og andar for breiddefotballen i 3. divisjon landet rundt, og bruker all fritida si på dette

Foto: Privat

– Ja, det er nede i breiddefotballen du kjem i kontakt med fotballinteresserte flest. Der er det engasjement, og der det lokalpatriotisme som du aldri les om i dei store avisene eller ser på tv, seier Odd Løvset.

Dei ti avdelingane i 3. divisjon i Sør-Noreg har serieopning denne helga. Dei to i Nord-Noreg ventar ei veke til.

Brukar all si fritid

Odd Løvset

Odd Løvset reiser gjerne land og strand rundt for å sjå 3. divisjonsfotball

Foto: Privat

Lektoren ved Gimle skole i Bergen brukar all si fritid på 3. divisjon. Han har eit stort kontaktnett innan divisjonen, og han samlar det meste han får greie på i nettstaden 3. divisjon.no .

Han brukar helgane i sesongen til å reise rundt på kampar – mest i nærmiljøet i og rundt Bergen, men fleire gonger i sesongen reiser han på langturar til andre landsdelar.

– Toppfotball er vel og bra, men det er så uendeleg mykje fotball som aldri kjem opp i aviser og tv. Det er eit vell av gode historier knytte til kampane i breiddefotballen, seier Løvset.

Begynte i Dale

Han fortel at interessa for breiddefotball og 3. divisjon for alvor vart vekt då han var lektor i Dale i Sunnfjord på slutten av 90-talet.

– Den oppslutninga som det lokale laget hadde der, imponerte meg. "Alle" var involvert eller interessert. Seinare har interessa berre vakse, seier Løvset. No brukar han all fritida si på å følgje med på 3. divisjon.

I 2007 oppretta han ei nettside for denne divisjonen, ei side som naturleg nok heiter 3. divisjon.no. Og i 2011 begynte han å gi ut magasinet 3. divisjon.

– Det var eit behov for ein nettstad der du kunne få vite mest mogeleg om denne divisjonen. Det er i dag 164 klubbar på dette nivået, og det er svært mange lokalmiljø med masse patriotisme og interesse knytte til desse klubbane, seier Løvset.

Størst interesse på mindre stader

Tornado Måløy

På mindre stader er interessa rundt 3. divsjonslaget størst. Som for eksempel når Tornado Måløy spelar

Foto: Stig Høynes

Han ser at det er på dei mindre stadene interessa rundt laga er størst. I dei store byane er interessa nesten null blant publikum, men ute på bygdene kjem det fleire hundre på kampane, som blir livleg diskutert etterpå.

– Det er sjølvsagt naturleg. I dei store byane har dei mange betre lag, men på dei mindre stadane er tredjedivisjonslaga dei beste. Men det er også det som gjer det så triveleg å vere der, seier Løvset. Han har etter kvart fått eit svært godt kontaktnett i lokalfotballen.

Reiser landet rundt

Han reiser gjerne land og strand rundt fleire gonger i året for å få med seg kampar. I desse dagar held han på å legge opp reiseruta kysten rundt, som han skal gjennomføre i vår og sommar. Der skal han besøke lag i fylka frå Sogn og Fjordane til Østfold.

– Det er mange som er glade for at 3. divisjon blir dratt fram i lyset, seier Løvset, som gleder seg til å kome ut og treffe folk og miljø rundt desse klubbane.

Odd Løvset er naturleg nok opptatt av det meste av det som rører seg i 3. divisjon. Ikkje minst 2.-lagsproblematikken. Det inneber at alle lag har lov å melde på sine 2.- og 3.-lag i seriespel. Og i 3. divisjon er det mange av dei.

– 2.-lagsregelen må endrast

– Eg meiner ikkje at desse laga nødvendigvis må bort, men reglane må endrast slik at det er meir føreseieleg kva lag dei stiller med. I dag er det ofte heilt tilfeldig om topplaga stiller med reint juniorlag eller om dei har mange A-lagsspelarar. Dei stiller med heilt andre føresetnader enn klubbar som har A-lag i denne divisjonen, seier Løvset engasjert.

NFF har sett ned eit utval som skal sjå på denne problematikken, og som skal legge fram si innstilling på fotballtinget neste år. Det er Odd Løvset glad for.

– Eg håpar dei kjem fram til ei ordning som er litt meir rettferdig enn den vi har i dag, seier han.

6 av 10 meiner reglane ikkje fungerer

Ei undersøking som Løvset har fått gjort, viser at 61 prosent av klubbane med førstelag i 3. divisjon meiner dagens modell ikkje fungerer. Det er mindre enn det Løvset trudde på førehand.

– Men det er likevel for mykje, og det fortel om eit system som ikkje fungerer, seier Løvset til NRK.no.

I 2. divisjon er det berre eliteserielaga som har lov å ha 2.-lag. Men vidare nedover i systemet kan alle ha så mange lag som dei vil. Einaste avgrensinga er at eit 2.-lag må vere minst ein divisjon under 1-laget, og at eit eventuelt 3.-lag må vere minst ytterlegare ein divisjon under.

I 2. divisjon kan heller ikkje 2.-laga stille med meir enn tre spelarar over 23 år, men lenger nede er det ingen slike grenser. Der er laget avgrensa av at det ikkje kan brukast spelarar som starta siste kamp på 1.-laget.

– Det betyr at eit 2.-lag i 3. divisjon vil kunne stille eit heilt lag frå A-stallen, og då har jo ikkje eit "vanleg" 3.-divisjonslag ein sjanse. Det var neppe det som var ideen med ordninga, seier Løvset.

Rosar Rosenborg

I undersøkinga var motsanden mot 2.-lag i seriesystemet minst i Trøndelag, og Løvset meiner han veit kvifor:

– Det er på grunn av Rosenborg, det har eg fått tydelege tilbakemeldingar om frå klubbane der. Rosenborg er ryddige og forutsigbare, dei andre laga veit kvar dei har RBK, seier Løvset. Rosenborg har hatt 2.-laget sitt i 2. divisjon og 3.-laget i 3. divisjon i mange år.

Sportsleg godt, men krevjande

– Kva meiner du om seriesystemet i 3. divisjon etter omlegginga?

– Det er sportsleg betre og meir givande for klubbane enn det gamle. Men det er mykje meir krevjande økonomisk og reisemessig, og vi har sett fleire eksempel på klubbar som trekkjer seg på grunn av dette, seier Løvset.

Før sesongen 2011 vart 3. divisjon spissa. Talet på avdelingar vart halvert, talet på klubbar nesten likeså.

Trondheims-klubben Kvik var kvalifisert for årets 3. divisjon. Men etter at dei kom i avdeling med lag frå Austlandet og skulle på mange lange reiser sørover, fann dei ut at dette ikkje gjekk. Dei måtte trekkje seg.

– Det er kanskje det klaraste eksempelet, men vi har sett fleire. Det er ikkje berre økonomien som set grenser, det er også reisebelastninga. Dette er breiddefotball der spelarane har arbeid, skule og studiar på heiltid. Mange har også familie. Vi ser at det er urovekkjande få spelarar mellom 22–23 og 35 år i denne divisjonen, og det har med livssituasjonen å gjere, seier Løvset.

"Kirkenes 1074 km"

Når det gjeld reiser og avstandar fortel han om ei lita, men tankevekkande oppleving etter ein kamp i Salangen i Troms i fjor. Salangen spelar i den nordlegaste avdelinga saman med mellom anna laga frå Finnmark. Der er det snakk om enorme avstandar som amatørlaga må reise i kvar einaste serierunde.

– Eg kom frå Salangen og svinga ut på E6. Der stod vegskiltet "Kirkenes 1024 km". Dei to klubbane spelar i same avdeling. Og sjølv om dei nok tar fly til kampane seg imellom, gir dette ein ettertanke.

– Trur du reiser og økonomi etter kvart kan slite ut dagens klubbar i 3. divisjon?

– Eg veit ikkje om eg trur det, men eg er redd for det, seier Odd Løvset.

Som gleder seg til seriestarten. Han har 164 klubbar å følgje. Og dei 164 set umåteleg pris på mannen som brukar fritida på å få dei lengst mogeleg fram i lyset.

Fotballnyheter

Videoklipp

En viktig scoring for Norge av Martin Ødegaard mot Irland.
Se alle målene her.
Se alle målene her.