Boxing Day-runden i England blir avslutta med storkampen i London måndag kveld.
Manchesters doble leiing i Premier League kan stå for fall i kveld, men berre dersom Arsenal slår Chelsea. Då vil Arsenal ta andreplassen på tabellen, på målforskjellen framfor Manchester City. Chelsea går forbi Arsenal og til tredjeplassen med siger i den 175. ligakampen mellom desse to London-rivalane.
Chelsea har eit klart overtak over Arsenal i dei siste kampane, og Arsenals kaptein Cesc Fabregas har vedgått at hans lag manglar den mentale styrken som skal til for å vinne toppkampar.
- Vi er litt redde i slike kampar. Vi klarer ikkje fullt ut å gå for å avgjere dei, vi har for lett for å sjå kva motstandaren gjer først, seier Fabregas.
Arsenal tapte 2-0 i bortekampen mot Chelsea i haust, og har tapt tre av åtte heimekampar denne sesongen.
Arsenal-dødaren
Chelsea har tapt berre to av dei 18 siste kampane mot Arsenal, og har vunne alle dei fem siste. Og Didier Drogba åleine har scora 13 mål i dei siste 13 kampane han har spela mot Arsenal.
- Drogba er mannen vi må stanse. Det trur eg er hovednøkkelen, seier Arsenal-manager Arsene Wenger.
Men Drogba har ikkje funne seg sjølv heilt att etter sin malaria-sjukdom. Og Chelsea har ikkje vunne i ligaen sidan 1-0 over Fulham 10. november.
Så Arsenal har kanskje sin sjanse til revansje i kveld.
På'an igjen
Og allereie i morgon og onsdag er det ny runde i Premier League. Manchester-klubbane skal forsvare si leiing i dobbelmøte med Birmingham. City tar imot Aston Villa, United skal til Midlands-byen og møte Birmingham City.
Arsenal og Chelsea skal i sving på onsdag. Chelsea møter Bolton heime, Arsenal spelar mot Wigan borte. Den tredje London-klubben i tetsjiktet, Tottenham, møter Newcastle i morgon.
Julefred er eit ukjent begrep i engeks fotball. Og på nyttårsdagen er det full fart igjen!