Si din mening til Jan Åge Fjørtoft
Avisstreiken er en av få ting Ola By Rise kan glede seg over. (Foto: Gorm Kallestad / SCANPIX)
Mykje tyder på at dei laga som ligg i botnen etter neste runde, vil vere der resten av sesongen, og er du på øvre halvdel av tabellen vil du truleg halde deg der.
Og mange trenar–lagnadar skal også avgjerast. Vil dei få fred denne sesongen? Kven går media etter?
Kven tenkjer eg på?
Kandidat 1: Ola By Rise: Kasta inn i manesjen etter at Åge Hareide gjekk til seters for å gjere landslaget feitt att. Rosenborg skal vinne kampar – dei har mest pengar – dei har dei beste spelarane – trenaren har alltid ansvaret.
Kandidat 2: Gaute Larsen: Bronsemedalje i fjor. Til tider elendig i treningskampane – og den miserable forma har vedvart inn i Tippeligaen. Ingebrigt Steen Jensen etterlyser entusiasme i heile organisasjonen. Er Gaute rett mann til å få fram dette?
Stripping til folket
16. mai er ein fantastisk fotballdag. Fulle tribuner over alt, bortsett frå i hovudstaden då.
Under 5000 på vår hovudarena seier vel kanskje mest om Lyn og taket dei har på Oslo sine borgarar.
Men Lyn–spelar Lustü skal i alle fall ha for at han gjer sitt. Stripping i pausen av ein spelar er ikkje kvardagskost.
Men morosamt innslag, strippar han av alt blir kanskje Ullevål utselt.
Streik
Ola By Rise blei teken ut i streik nyleg.
Den skrivande Ola leverer framleis bidrag til Adresseavisen.
Akkurat no trur eg Ola er glad for at det er avisstreik.