– Klubbane i England har altfor mange kampar og altfor mange turneringar, seier Jürgen Klopp. Tyskaren har vore Liverpool-manager sidan november, og er i BBC ute og kritiserer det tøffe jule- og nyttårsprogrammet i Premier League.
– Utan julepausen vil dei beste spelarane gå eit heilt år med tøffe kampar og utan ferie. Det er klart at det er eit hinder for både klubbar og landslag internasjonalt, seier han.
Han er ikkje åleine om å meine det. Dei aller fleste andre utanlandske managerane som kjem til England, har sagt det same. Nyleg fekk juleprogrammet liknande kritikk frå både Manchester Uniteds Louis van Gaal og Southamptons Ronald Koeman.
Også Brede Hangeland er kritisk. – På grensa til uforsvarleg, seier han til Stavanger Aftenblad.
– Alle andre land har julepause og vinterferie der spelarane får ein sjanse til å koble av og bygge seg opp, seier Klopp.
Spania kuttar vinterpausen
Nei, ikkje alle, viser det seg. For i år kuttar La Liga i Spania den tradisjonelle jule- og nyttårspausen.
Vanlegvis har La Liga pause frå siste søndag før jul til Heilage Trekongarsdagen 6. januar. Men i år har dei serierunde allereie i romjula, 29. og 30. desember, og ny runde 2. og 3. januar. Og til overmål er det full cuprunde 6. januar før ligaen held fram 9. og 10. januar.
Med unntak av Boxing Day – 2. juledag – er det det same programmet som Premier League har.
EM og klubb-VM
Hovudårsaka er fotball-EM i Frankrike, der Spania er tittelforsvarar, og Barcelonas deltaking i klubb-VM like før jul.
For å gje Barcelona rom til å førebu seg, skulle ikkje ligaen avsluttast før 22. mai.
Men EM opnar 10. juni, og landslagssjef Vicente del Bosque og landslagsspelarane mislikte ei så sein serieavslutning.
Derfor vart ligaen og spelarforeininga (AFE) samde om å korte ned på vinterpausen, og i staden flytte siste serierunde fram til 15. mai.
– Vi tilbyr derfor å spele kampar i den tradisjonelle juleperioden for å optimalisere kalenderen, skreiv AFE.
Avtalen i Spania gjeld førebels berre for denne sesongen.
Kuttar neppe Boxing Day
Om England kjem til å innføre julepause, er uansett svært usikkert. Boxing Day-fotballen er høgdepunktet i den engelske fotballkalenderen, og klubbleiinga og fansen vil nok nødig gi slepp på den.
Ikkje berre fansen.
– Det er tøft for oss spelarar, men vi må berre like det. For det er spesielt for supporterane både på tribunene og framfor tv, sa Arsenals Tomas Rosicky til BBC ved juletider i fjor.