Si din mening til Jan Åge Fjørtoft
Det er mange usaklege åtak på trenaren og personen Kjetil Rekdal. Ikkje alle kjem på trykk. Det pratast om ein trenar som ikkje har stil og som ikkje er audmjuk.
Og la det vere sagt: Kjetil er ein original, ingen kopi. Kanskje er det derfor så mange lar seg provosere. Ikkje er han ein Drillo- kopi, ikkje er han uteksaminert i Brakka på Lerkendal. Han er rett og slett sin eigen mann. Henta litt her og ikkje minst litt der.

Kjetil Rekdal
Han er individualisten blant trenarane.
Han blir nok aldri med i nokon trenar-komité. Får nok heller aldri tillit til å bli landslagstrenar for noko aldersbestemt–landslag. Han er vel ikkje strukturert nok. Ikkje så lett å vite kvar vi har han.
Men no vinn han fotballkampar.
Tenk kor farleg han blir no.
Ha is i magen, Viking!
Bjarne Berntsen er ein god trenar. Hadde han ikkje vore i Viking–leiar ved Kjell Inge Olsen sin avgang, hadde dei sagt: - Hent han, Bjarne!
Vel, no er han der. Men ikkje lenge, i fylgje Bjarne sjølv. Han skal bli leiar att.
Kvifor det?
Bør han ikkje vere der han gjer det best for fotballklubben Viking?
Han bør gjere begge delar ut sesongen, slik at dei få ein god sesong og ein god trenar. Forhastar klubben seg kan dei ende opp med ein dårleg trenar og ein dårleg trenar.