UEFA-president Michel Platini vart førre veke suspendert frå FIFA i 90 dagar av FIFAs etiske komite. I morgon skal alle medlemslanda i UEFA diskutere korleis dei skal handtere saka, og val av mellombels president er ei mogeleg løysing.
– UEFA står i ein spesiell situasjon når vår president er suspendert, seier Karen Espeslund, styremedlem i UEFA.
Platini er skulda for å ha motteke 17 millionar kroner frå FIFA-president Sepp Blatter – som også er suspendert – i 2011. Platini seier sjølv at dette var ei heilt ordinær etterbetaling for den tida han var rådgivar for Blatter, og har anka suspensjonen.
Tidlegare UEFA-president Lennart Johansson har sagt at UEFA ikkje kjende til utbetalingane.
Platini aksepterer å trekke seg tilbake frå presidentjobben medan han er suspendert, skriv The Guardian.
– Må innsjå at det kan ta tid
– Situasjonen krev at styret handterer ein del formelle ting som vi valde å utsetje i førre veke, seier ho til NRK.
Då gav UEFA klart uttrykk for at organisasjonen står samla bak sin president.
– Då håpa vi at granskinga skulle gå raskt. No må vi innsjå at det kan ta noko tid og handle ut frå det, seier Espeland.
«Formelle ting» inneber til dømes spørsmålet om det skal konstituerast ny president i den tida Platini er suspendert og etterforskinga mot han er i gang.
Torsdag skal først styret i UEFA drøfte problemstillinga. Deretter skal alle dei 54 medlemslanda møtest for å ta stilling til sakene.
Truar med å trekkje Platini-støtte
Ifølgje The Guardian truar fleire nasjonale forbund med å trekkje støtta til Platini dersom han ikkje kan vise fram dokumentasjon på utbetalinga.
Både det engelske og det danske forbundet er blant dei som no revurderer si støtte til Platini, skriv avisa.
Michel Platini har også sagt at han skal stille som presidentkandidat i FIFA ved valet i februar. For å kunne gjere det, må han formelt ha meldt seg innan 26. oktober – om mindre enn to veker. Då er han framleis suspendert om ikkje etterforskinga er avslutta.
– Møtet torsdag blir svært viktig for å stake ut vegen vidare for europeisk fotball, seier Espelund.
– Ser du for deg at det blir konstituert ein ny UEFA-president torsdag?
– I UEFAs lover er det regulert korleis ein kan handtere slike saker, og vi skal behandle dette innanfor dei lovene, seier Espelund. (Sjå UEFA-lovenes artikkel 28 i faktaramme).
– Kva ser du for deg blir utfallet av møtet?
– Eg vil ikkje forskottere noko. Det viktige er at alle er med på ein brei diskusjon og får best mogeleg informasjon om det som skjer, seier Espelund.