Opningskampen går måndag 21. november.
Meisterskapet er flytta frå det vanlege tidsrommet i juni/juli på grunn av ekstrem varme i Qatar om sommaren. Temperaturane kjem ofte opp i meir enn 40 grader på den tid, og FIFA har akseptert at det er helsefarleg å spele fotball då.
I mars vedtok FIFA å legge finalen til søndag 18. desember, Qatars nasjonaldag. I dag vart det bestemt at opninga skal vere 21. november. Dermed blir VM på berre 28 dagar, tre dagar kortare enn det som har vore vanleg dei siste meisterskapa.
Dette får stor betydning for fotballkalenderen, og har derfor skapt store reaksjonar i ligaene.
Klubbane må frigi spelarar til dei 32 deltakarlanda seinast måndag 14. november – ei veke før opningskampen. Det er midt i sesongen i dei fleste ligaene, inkludert alle dei store i Europa. Det betyr ligapause i halvannan månad fram til jul.
Det er ikkje sett av landskamphelger i oktober det året. I staden blir det ein sterkt komprimert landskampperiode i mai/juni men opptil fire kvalifiserings- og privatlandskampar.