Normal

Kor gammal er denne mannen eigentleg?

Monaco kjøpte Radamel Falcao i sommar, men var det ein 27-åring eller ein 29-åring dei kjøpte?

Radamel Falcao

Radamel Falcao kosta Monaco 60 millionar euro – men er han 27 eller 29 år?

Foto: Karl-Josef Hildenbrand / Ap

Det er plutseleg blitt uklart. For i dei offisielle papira står at det var ein 27 år gammal colombianar Monaco betalte rundt 60 millionar euro (opp mot 480 millionar kroner) for i sommar då dei henta han frå Atlético Madrid. Der hadde han scora 52 mål på 67 kampar.

Men i TV-programmet "Noticias Uno" har rektor Wilson Serrano for Falcaos gamle skule vist fram dokument som viser at Falcao er 29 år. Han er fødd 10. februar 1984, ikkje 10. februar 1986 som tidlegare trudd, meiner rektoren å kunne dokumentere.

Rektor har henta papir frå 1989. Då var unge Radamel i førskulen. – Denne skulen var for femåringar, og for å få vere med, måtte foreldra registrere elevane med originale dokument, seier rektoren i programmet.

Om Falcao ikkje hadde blitt fem før i 1991, hadde han ikkje vore på den førskulen. For då fanst ikkje den lenger.

– 10. februar eller deromkring

– Her må det vere ein feil. Radamel er definitivt berre 27, seier pappa Falcao. Han får støtte av Radamels farmor, som også står fast på at barnebarnet er berre 27. – Han er fødd 10. februar eller deromkring, men heilt sikkert i 1986, seier ho.

Falcao debuterte som fotballspelar for Lanceros Boyaca på nivå to i den colombianske ligaen 28. august 1999. Då var han offisielt 13 år og 199 dagar, og vart den yngste som nokosinne har spelt på så høgt nivå i profesjonell colombiansk fotball.

No må kanskje rekordnoteringa strykast.

Monaco har neppe kjøpt katta i sekken når dei handla inn storscoraren – men han har kanskje eit par år kortare karriere framfor seg?

Fotballnyheter