Hopp til innhold

Rørt Gerrard: – Kan ikkje drøyme enno

Eit sleivtreff frå Vincent Kompany gjorde at Coutinho kunne banke inn 3–2 på Anfield. No kan Liverpool avgjere sjølv, og gullukta er forsterka i Nordvest-England.

Coutinho jublar

Denne scoringsjubelen luktar det seriegull av. Coutinho har nettopp banka inn den avgjerande 3-2-scoringa og blir jaga ned av Steven Gerrard og John Flanagan.

Foto: Clint Hughes / Ap

Laster innhold, vennligst vent..
Skrtel og Gerrard

Denne klemmen fekk Martin Skrtel hardt og kontant frå kaptein Gerrard etter 2-0-scoringa.

Foto: ANDREW YATES / Afp

– Dette er dei lengste 90 minutta eg nokon gong har spelt. Eg flasha tilbake til andre store kampar, men i dag kjennast det som klokka tidvis gjekk baklengs, kommenterte ein utmatta Liverpool-kaptein Steven Gerrard etter kampen.

– Men dette er ein så stor siger for oss. No har vi fire cupfinalar igjen, sa han vidare.

For no er det fem poengs klaring ned til Chelsea og sju poeng ned til Manchester City. Chelsea har éin kamp mindre spelt, medan City har to mindre. Men alt er no i Merseyside-klubben sine eigne hender.

Det veit kaptein Gerrard òg.

– Ingenting er vårt enno, og det viktige no er å ikkje bli for fornøgde etter dette resultatet. Vi må halde oss rolege og fokusere på neste kamp mot Norwich, meinte kapteinen.

Hard og kontant scoringsklem

Det starta forrykande på Anfield. Etter ei hektisk opning kom 1–0 etter berre seks minutt. 19 år gamle Raheem Sterling var mannen som sette inn scoringa.

Brendan Rodgers

Liverpool-boss Brendan Rogers var i ekstase etter 3-2-sigeren.

Foto: Clint Hughes / Ap

Den unge Liverpool-spelaren blei trilla gjennom av Suarez, men var hindra av Vincent Kompany og City-keeper Joe Hart. Med stoisk ro vanta derimot Sterling ut begge, før han iskaldt plasserte 1–0 i nettet.

Bortelaget var tannlause etter scoringa, og den raudkledde serieleiaren køyrde kampen. Daniel Sturridge var nære 2–0 etter 15 minutt, medan ei meisterleg redning hindra at Steven Gerrard dobla leiinga med hovudet etter 26 minutt.

På den etterfølgjande corneren etter Gerrard-headinga kom derimot 2–0.

Og det var kapteinen som no serverte frå cornerflagget. På første stolpe raga Martin Skrtel høgst og stussa ballen inn i lengste hjørne til 2–0. Skrtel storma mot Gerrard og det heile enda i ein hard og kontant jubelklem.

– Eg synest vi var fantastisk i dag. Vi viste mykje lagånd og kvalitet. Vi var glimrande i første omgang, men du forventar at eit lag som City skal komme tilbake i 15 eller 20 minutt, sa Liverpool-manager Brendan Rogers etter kampen, ifølgje BBC.

Plutseleg eksplosjon

Det siste kvarteret i første halvdel kom bortelaget betre med. Først skulle Edin Dzeko kanskje hatt straffe.

Etter 33 minutt blir Dzeko spelt gjennom og Mamadou Sakho gjekk inn med ei sklitakling. Liverpool-forsvararen missa totalt og felte Dzeko, men dommar Mark Clattenburg dømte til utspel.

Så gjekk det mot pause, men heilt i sluttminutta kom det ein eksplosjon av sjansar mot heimelaget sitt mål.

Først blei ei David Silva-heading så vidt redda til corner av Sakho. På den etterfølgjande corneren var det Glen Johnson som redda ei heading på streken.

Eitt minutt på overtid var det berre ei fantastisk redning frå Simon Mignolet som hindra 2–1. Jesus Navas la frekt inn frå høgresida og i feltet fekk Fernandinho avslutte upressa på volley.

2–0 stod seg derimot til pause.

David Silva

David Silva storspelte for Manchester City i andre omgang. Han scora 2-1, men 2–2 blei sjølvmål – sjølv om Silva var sist på av bortelaget sine menn.

Foto: Jon Super / Ap

Silva-show

Etter pause vakna verkeleg Manchester City, samstundes som Luis Suarez kom i negativt fokus. Liverpool-juvelen hadde gult kort etter første omgang, og i det 52. minutt skulle han nok fått sitt andre.

I duell med Martin Demichelis gjekk Suarez i bakken, men det var aldri kontakt. Klar filming meinte rasande City-spelarar, men Clattenburg let spelet gå vidare.

Mest i fokus var derimot David Silva. City sin spanske elegant var i storform i andre omgang, då saman med innbyta James Milner. Etter 57 minutt var det Silva som reduserte.

Milner gjorde forarbeidet med vakkert veggspel, før pasninga gjekk til Silva framfor mål. Med ein enkel flikk låg reduseringa i målet.

Ein storm mot Liverpool-målet følgde, og etter 62 minutt låg utlikninga i mål.

Uheldige, så heldige

Det var igjen Silva som laga det for bortelaget, men scoringa fekk han ikkje.

For etter vakkert City-spel slo Silva inn, men ballen gjekk via Glen Johnson, så via Simon Mignolet og i mål til 2–2.

Utover i andre omgang var det City som stod for tempoet, medan Suarez igjen kanskje skulle vore vist ut etter ny filming i det 65. minutt.

Fleire ballar i mål – begge vegar – blei avblåst korrekt for offside, men i det 78. minutt kom den avgjerande scoringa.

Liverpool var uheldige på 2–2. Kompany var uheldig på 3–2. Kapteinen skulle berre klarere enkelt, men sleiva totalt. Coutinho var på plass for heimelaget og banka inn det avgjerande målet.

Det mangla derimot ikkje på moglegheiter etter 3-2, men Liverpool – med Mignolet i spissen – reid av stormen. Siger i superoppgjeret – og no luktar det gull i Nordvest-England.

Saka held fram under bildet.

Eitt minutts stillheit på Anfield

Før kampen var det eitt minutts stille på Anfield.

Foto: NIGEL RODDIS / Reuters

Kapteinen rørt til tårer

Før kampen var det eitt minutts stille til minne for Hillsborough-ofra. Etter sigeren på Anfield var det rørande scener.

Publikum var i ekstase, ein nær tårevåt Gerrard blei vist på TV-bilda og Liverpool-laget samlast i ein ring. Kva som blei sagt får vi derimot ikkje vite.

– Det har du ingenting med, svarte Gerrard kontant då han blei spurt.

Han var derimot tydeleg på at sigeren blei ekstra følelsesmessig.

– Det var følelsesmessig, men ein må halde seg roleg, det er framleis fire store kampar igjen. Men dette betydde så mykje med alt som skjer før kampen. I dag viste vi at vi vil heile vegen.

– Ingen har vunne enno, men dette er den største stadfestinga vi har gjeve frå oss til no, meinte Gerrard.

– Du kan ikkje drøyme enno?, spurte direktereporteren.

– Ikkje enno, avslutta ein utmatta Liverpool-kaptein.

Manuel Pellegrini

City-manager Manuel Pellegrini meiner Manchester City fortente betre enn 3-2-tap.

Foto: Clint Hughes / Ap

– Vi fortente betre

Medan Liverpool-leiren svevde høgt etter kampen, var Manchester City-sida langt nede. Manager Manuel Pellegrini meiner laget hans hadde uflaks.

– Det var ein kamp med to lag som likar å angrip. Vi fortente derimot betre, vi var veldig uheldige, sa han ifølgje BBC.

Han meiner dei dominerte totalt i andre omgang og burde vunne kampen.

– Men dei spelte også veldig bra, spesielt dei første 20 minutta. Vanlegvis er Vincent Kompany ein fantastisk forsvarar, men i dag gjorde han ein feil, meinte Pellegrini og tenkte på den avgjerande 3-2-scoringa.

No er City altså sju poeng bak leiande Liverpool, men med to kampar mindre kan avstanden bli eitt poeng. Manchester-klubben sine utsette kampar er to heimekampar.

– Dersom vi vinn våre to utsette kampar vil vi vere eitt poeng bak Liverpool, som framleis skal møte Chelsea. Tittelen blei ikkje vunne i dag. Mange ting skal skje mellom no og sesongslutt, avslutta City-sjefen.

Laster innhold, vennligst vent..

Fotball

  • Lyn vant etter kjempetabbe

    Lyn tok sesongens første seier da LSK Kvinner ble slått 1–0 i Toppserien fredag kveld.

    Kampens eneste scoring kom etter en fæl tabbe fra LSKs forsvarsspiller Camilla Huseby. Hun spilte ballen rett i beina til Lyns Jenny Røsholm Olsen, som vippet ballen over keeper og i mål.

    Lyn står dermed med fire poeng på fire kamper, mens LSK Kvinner står med to seirer og to tap etter fire runder.

    Toppserien i fotball 2024: Portretter av Lyn
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB
  • Haaland usikker til FA-cupsemifinalen

    Erling Braut Haaland er småskadd og kan miste Manchester Citys FA-cupsemifinale mot Chelsea lørdag.

    Det avslørte City-manager Pep Guardiola på en pressekonferanse fredag.

    Det har vært knyttet usikkerhet til Haaland etter at han ble byttet ut før ekstraomgangene i mesterligakvartfinalen mot Real Madrid onsdag.

    Guardiola uttalte etter den kampen at Haaland ba om å bli byttet ut, og at han ikke var i stand til å fortsette.

    – Erling kjente noe. Et muskulært problem. Han kunne ikke fortsette, sa Guardiola fredag.

    Selv om City er slått ut av mesterligaen, venter et relativt hektisk kampprogram de neste ukene. Kommende Torsdag skal de lyseblå spille en utsatt bortekamp mot Brighton i Premier League, mens Nottingham gjester Manchester i serien tre dager senere.

    Med seks kamper igjen av sesongen topper City ligatabellen to poeng foran Arsenal og Liverpool.

    Haaland er delt toppscorer med Chelseas Cole Palmer. De har begge scoret 20 mål. Nordmannen har samtidig måttet tåle kritikk den siste tiden. (NTB)

    Haaland
    Foto: DARREN STAPLES / AFP
  • Alvorlig kneskade tvinger Sandefjord-spiller til å legge opp

    Sandefjord-spiller Andreas van der Spa (25) har tatt den tunge beslutningen om å avslutte fotballkarrieren etter at en kneskade har skapt komplikasjoner.

    Eliteserieklubben opplyser om beslutningen på sine nettsider fredag.

    Der heter det at van der Spa skulle gjennomgå det som på forhånd var antatt å være en enkel kneoperasjon. Det viste det seg ikke å være.

    – Samtalen med legen i etterkant var nedslående – og det var naturlig for meg å få noen flere synspunkter. Derfor har noen av de fremste ekspertene her i landet kommet med sine konklusjoner. Det er bare å krype til korset og slutte med toppfotballen, sier van der Spa.

    – Det har selvsagt vært blytungt, og jeg har vært helt i kjelleren, sier han videre og forteller at han rømte landet etter beskjeden.

    Beskjeden han fikk fra legene var krystallklar. Mer toppfotball kunne gitt varige skader.

    – Da jeg fikk «dommen» kom det som et sjokk. Jeg hadde ingen problemer da jeg kom til Sandefjord, sier nordlendingen.

    Forsvarsspilleren ble hentet inn som erstatter etter at kaptein Sander Moen Foss forsvant til Lillestrøm. Han var tiltenkt en sentral rolle i Sandefjord etter overgangen fra Sogndal. (NTB)

    Andreas van der Spa
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB
  • Maanum kan gjøre comeback etter kollapsen søndag

    Arsenal-sjef Jonas Eidevall opplyser at Frida Maanum kan bli å se i søndagens kamp mot Leicester etter en lang periode på sidelinjen.

    Maanum falt om og ble liggende på gresset på overtid i ligacupfinalen mot Chelsea for snart tre uker siden. Hendelsen satte en støkk i både lagvenninner og andre.

    Svenske Eidevall forklarer at Maanum overvåkes medisinsk mens hun gradvis gjør seg klar for å komme tilbake på banen.

    – Alt går bra for øyeblikket, men vi må holde oss til protokollen og prosessen. Og så håper vi selvsagt at hun kan være tilgjengelig for å spille søndag, sa Eidevall på fredagens pressekonferanse.

    Søndag tar Arsenal imot Leicester som ligger på 9.-plass på tabellen.

    Arsenal ligger på 3.-plass i serien med seks poeng opp til tittelrivalene Manchester City og Chelsea. (NTB)

    Frida Maanum i aksjon i ligacupfinalen mot Chelsea
    Foto: ADRIAN DENNIS / AFP
  • Gulbrandsen tilbake i Molde-troppen til storkampen

    Molde-trener Erling Moe kan glede seg over å ha spissen Fredrik Gulbrandsen tilbake i troppen til søndagens storkamp mot Bodø/Glimt i Eliteserien.

    – Det blir vel én forandring, og det er at Martin Linnes ikke er med oss oppover. Fredrik Gulbrandsen er tilbake i troppen. Ellers ser det helt likt ut (som sist), sier Moe til TV 2.

    Gulbrandsen ble skadd allerede i serieåpningen mot Strømsgodset og har siden jobbet hardt for å komme tilbake. Det er uklart hvor mye han kan spille av søndagens toppkamp.

    Linnes startet i 1-2-tapet mot Odd onsdag og gikk av etter en time.

    For Glimts del er eneste endring at Ulrik Saltnes er tilbake i troppen. Han sto over mot Lillestrøm (5-0-seier) sist helg på grunn av sykdom.

    Kampstart på Aspmyra søndag kveld er klokken 19.15. (NTB)

    UEFA Europa Conference League 2023/2024: Molde - Club Brugge (2-1)
    Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB
Salah
Molde-keeper Jacob Karlstrøm er skuffa over at han rota det til i eigen boks då MFK tapte mot Odd i kveldens eliteseriekamp.
Erling Haaland
Phil Foden
Guro Reiten