Utvik er 18 år og kom til Sogndal i fjor sommar. Han scora i cupen torsdag, men hadde ikkje scora i serien.
Ikkje før i dag. Då gjekk han fram på corner, og fekk all den tida han hadde bruk for på hjørnesparket frå Petter Strand.
– Dette var kjekt, var Utviks beskjedne kommentar til CMore.
Han meinte laget spela godt i Haugesund.
– Vi leverte ein veldig god forsvarskamp med mykje tæl og trykk frå oss. Dette var ein storkamp av oss, sa Utvik etter bortekampen på si gamle heimebane.
"Uslåelege" FKH knust heime
Det ein gong så uslåelege heimelaget Haugesund vart kjempa i senk av aggressive sogningar – eit Sogndal-lag som berre har teke eitt poeng tidlegare i sesongen.
– Ja, dette var fantastisk. Alle gjorde alt helt rett. Vi såg i førre kamp at vi var på rett veg, og det tok vi med oss i dag, seier Sogndal-trenar Jonas Olsson til CMore.
Han ville likevel nemne ein spelar spesielt.
– Gustav Valsvik. Han var fantastisk, seier Olsson.
Mahatma Otoo sette inn det første etter eit kvarter og Logi Valgardsson dobla leiinga 12 minutt før pause.
Bjørn Inge Utvik var høgast på corner og sette inn det tredje etter et snautt kvarter av andre omgang. Utvik er opphavleg frå Haugesund og har tidlegare spela for FKH, og målet mot gamleklubben var hans første i serien.
Haugesund to bronse i fjor og har berre åtte heimetap totalt dei fire siste sesongane. Men i år har dei kome skeivt ut, med berre to poeng på fem kampar.