NRK Meny
Normal

Reidar (79) klarer ikkje sjå kampen – tyr til tekst-TV

På grunn av vonde minner skal ein av Bryne sine største fans, Reidar B Thu, aldri meir sjå Bryne spela mot Viking i Stavanger. Kveldens nervepirrande cupoppgjer skal han følgja på tekst-TV frå godstolen sin.

På grunn av vonde minner skal Bryne sin største fan, Reidar B Thu, aldri meir sjå Bryne spela mot Viking i Stavanger. Kveldens nervepirrande cupoppgjer skal han følgja på tekst-TV frå godstolen sin.

SJÅ VIDEO: Reidar B Thu forklarer kvifor han aldri reiser til Stavanger for å sjå Bryne laget hans spela kamp.

Reidar B Thu skal følgja kampen på tekst-TV

Reidar B Thu skal følgja kampen på tekst-TV.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

I kveld møter Bryne Viking i cupen, for tredje fjerde gong i dette millenniet. Eit lokaloppgjer, som for Reidar B Thu frå Bryne er alle lokaloppgjer si mor.

– Det er noko spesielt. I tillegg til at Bryne og Stavanger er naboar, er dette eit møte mellom by og land, seier Thu.

Fan sidan 30-talet

Han representerer i aller høgste grad landet. Frå terrassen hans, midt mellom gardane på Jæren, kan han sjå heilt ned til Bryne stadion, som ligg i sentrum, der han hadde sin oppvekst på 30-talet.

Då spelte faren hans på Bryne, og så lenge han kan hugsa, har han vore ein Bryne-supporter.

Viking har han ingenting til overs for.

– Rivaliseringa mellom Bryne og Viking går heilt tilbake til før krigen. Då Viking var storebrør, og me ville få dei til å spela på Jæren. Me tenkte jo at det var litt stas å få Viking på besøk, men dei ville ikkje senda sine beste til Jæren. Dei sende B og C lag, og dette sit framleis i meg, fortel han.

Blir forbanna

I dag vakna Thu til nyheita om at supporterar frå byen har vore på ferde og dekorert Bryne stadion med Viking-flagg og skrive på ein stor banner: "Hold kjeft bønder!".

– Eg blir forbanna, seier Thu, med eit lite flir om munnen.

Han held fram.

– Samstundes er desse tinga også med på å krydra kampen, og gjera det ekstra spanande. Me har mange topplag i Rogaland, som møter kvarandre i lokaloppgjer, likevel er Viking mot Bryne heilt spesielt, slår han fast.

Ser kampen på tekst-tv

Men kampen blir for spanande for at Reidar B Thu tar turen inn til Stavanger.

– Eg ser alle heimekampane til Bryne, også oppgjera mot Viking. Då er eg med folk eg kjenner og i trygge omgjevnader. Men eg reiser aldri til Stavanger og risikerer hånlege flir frå Viking-supporterane, aldri meir.

– Meir?

– På 80-talet, då begge laga var i eliteserien, såg eg dei to laga på Stavanger stadion. Bryne tapte, og eg hugsar så godt kor vondt det var. Eg blei uvel, og sa til meg sjølv at dette skal eg aldri meir utsetja meg for. Verst var det å bli rakka ned på av Viking sine supporterar. Det var audmjukande.

Derfor blir det å følgja kampen på tekst-tv i kveld.

Vil gløyma finalen

Likevel har Reidar sett dei to laga møtas på nøytral bane i cupen, i nyare tid. Cupfinalen 2001. Dette er den snart 80-år gamle mannen svært lite interessert i å snakka om.

– Det var ein tragisk affære.

Viking slo nemleg Bryne 3–0. Dei siste to oppgjera snakkar han likevel gjerne om.

Då Bryne slo Viking etter straffesparkkonkurranse, og då Bryne i 2004 blei det første laget frå Rogaland til å vinna på den nye Viking stadion (Bryne vant på Viking stadion før heimelaget makta å vinna der sjølv).

– Korleis er det å sitja heime å følgja oppgjeret?

– Eg føljer med på tekst-TV. Noko anna maktar eg ikkje. Eg var sjølvsagt sur på meg sjølv, då eg ikkje fekk sitt dei vinna i 2004 på Viking-stadion, men eg er alt for redd for nederlag.

– Kva gjer du om Bryne vinn?

– Eg har fått fatt i ein dyr konjakk, som eg også hadde då Bryne vann cupfinalen mot Brann i 1987. Vinn Bryne i kveld trur eg nok korken på flaska ryk, avsluttar han med eit flir om munnen.

FRÅ ARKIVET: Viking og Bryne i cupfinalen 2001

Bryne og Viking møttes i cupfinalen i Oslo i 2001. Det endte med nederlag for Bryne.

ARKIV: Oppgjeret mellom Viking og Bryne på Ullevål i 2001 vil Reidar B Thu helst gløyma.

Fotballnyheter