Joshua King var konge på Malta

Med to mål og ein målgivande var Joshua King kongen på Ta'Qali Stadion då Norge slo Malta 3–0 i Valletta.

Joshua King

Joshua King leverte ein nærmast perfekt kamp på topp for Norge. Her scorar han 2-0-målet

Foto: DARRIN ZAMMIT LUPI / Reuters

Laster innhold, vennligst vent..

– Eg har lenge håpe på Joshuas gjennombrot, som han har jobba for lenge. Det gleder meg sterkt at han fekk det til i dag, sa ein storfornøgd landslagssjef Per-Mathias Høgmo etter kampslutt.

To mål stod King med før kveldens kamp i Valletta. Der dobla han, og la også opp til Mats Møller Dæhlis leiarmål. For Dæhli var det det første på landslaget.

For Norge var det den sjette strake sigeren mot Malta. Målskilnaden er 17-1.

– Det var gøy å score, men det er viktigare at laget scorer og vinn. Det gjorde vi i dag, og laget var knallbra. Sjølv kunne eg nok ha scora to mål til, sa ein beskjeden Joshua King.

Video: Reaksjonar frå King og Dæhli

De norske spillerene er optimistiske etter kveldens 3-0 over Malta.

– Men dette er berre byrjinga. Det er åtte kampar igjen, og no er det Bulgaria måndag som gjeld, seier dagens tomålsscorar.

– Det blir ein heilt annan kamp. Då møter vi langt tøffare motstand, men vi har også heimebane. Eg håpar prestasjonen i dag gjør at vi får like mange på tribunen som vi hadde mot Italia, seier King.

– Blir det fleire mål av deg då?

– Eg håpar det. Men det er det same om det er eg eller Tarik eller andre som scorar.

Landslagssjef Per-Mathias Høgmo var glad og letta.

– Det kjennes godt å vinne denne kampen, det var ein litt ekkel fotballkamp. Malta kom frå to tette kampar der dei gav vekk få sjansar. Det er ein kamp der vi hadde mykje å tape. Når vi vinn såpass klart, gir det oss eit godt boost vidare, sa Høgmo.

Video: - Ein litt ekkel fotballkamp, sa Høgmo

Per-Mathias Høgmo var godt fornøyd etter 3-0 seieren over Malta.

– Eit fantastisk resultat

Dermed vart det klar norsk siger i kampen Norge måtte vinne for ikkje å kome langt bakpå i kampen om ein EM-plass.

– Det var eit fantastisk resultat for Norge, sa Molde-trenar Tor Ole Skullerud i Max-studio etter kampslutt.

– Eit godt lag skapte sjansar, og Joshua King var den dominerande spelaren, sa Skullerud.

Og med to mål er King også den mestscorande spelaren under Per-Mathias Høgmos tid som landslagssjef.

I over ein time spela Norge god fotball, skapte mange sjansar og gjorde Malta til statistar på eiga bane.

Det gir grunn til håp framfor heimekampen mot Bulgaria måndag.

– Då håpar eg mange kjem, sa Høgmo.

Ødegaard kom ikkje på banen

Joshua King var Norges mest sentrale spelar før pause, og han var sentral i det meste av offensive framstøyt i den timen det norske laget dominerte kampen. Han blei bytta ut eit kvarter før full tid.

Derimot vart det ingen kvalifiseringsdebut for Martin Ødegaard. Han sat på benken gjennom heile kampen, og må vente til møtet med Bulgaria på Ullevaal måndag for å få den neste sjansen.

– Det er ikkje skuffande å ikkje få spele. Men når ein sit på benken vil ein alltid komme inn. Men det kjem fleire sjansar, så det stressar eg ikkje med, seier Ødegaard.

– Trur du at du får sjansen mot Bulgaria?

– Det veit eg ikkje noko om.

– Martins tid kjem, sa Høgmo.

Per-Mathias Høgmo

Per-Mathias Høgmo med steinansikt på sidelinja, men kunne glede seg over eit norsk lag som hadde full kontroll og som sikra tre svært verdfulle poeng i EM-kvaliken

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

Han ville heller snakke om kampen og prestasjonen bak 3-0-sigeren på Malta.

– Vi lukkast med å lokke dei ut for å skape rom for oss sjølv. Det gav oss kontringar og rom, sa landslagssjef Per-Mathias Høgmo. – Vi fekk to tidlege mål, og det gav oss kontroll over kampen.

– No må vi halde konsentrasjonen. Vi har to raske spissar på topp, og kan gjerne slå meir inn bak forsvaret for å skape endå meir, sa Høgmo i pausen.

Tidleg sjanse

Norge tok kommandoen med ein gong, og Joshua King burde ha gitt laget leiinga før det var gått tre minutt.

Men det gjekk 22 før det skjedde. King var på veg mot avslutning, men leverte i staden til Mats Møller Dæhli, som lurte ballen inn ved nærmaste stolpe.

Tre minutt etterpå var leiinga dobbelt så stor. Denne gongen avslutta King sjølv.

Og det kunne blitt meir i denne perioden når Norge til dei grader styrte kampen. Endå ein gong var det King som spela gjennom til Tarik Elyounoussi heilt inne på streken. Elyounoussi sette ballen i mål, men linjemannen heiste flagget for ein hårfin offside.

Malta ingen trussel

Malta var ingen trussel, men fekk sin einaste sjanse i første omgang fire minutt før pause. Den tidlegare Lillestrøm-spelaren Michael Mifsud smelte til frå over 20 meter, men Ørjan Håskjold Nyland hadde ingen større problem.

Det stod dermed 2–0 ved pause etter ein omgang der Norge hadde full kontroll, og kunne scora fleire mål.

– La oss køyre på som vi har gjort, vi må ikkje la oss freiste til å legge oss bakpå, sa Tor Ole Skullerud.

Han fekk rett. Berre fire minutt var spela då King heada vakkert inn eit overlegg frå Per Ciljan Skjelbred, og 3–0.

Tarik Elyounoussi overtok som kaptein den siste halvtimen, etter at Per Ciljan Skjelbred gjekk ut.

Men frå då av sette også Norge ned tempoet, og Malta fekk låne ballen meir. Norge hadde små problem med å tett igjen, men skapte samstundes mindre enn i den første timen.

Avslutninga av kampen vart dermed nokså tam, men då var jobben allereie gjort.

Fotball

Oppsummert

  • Klokken 17.30: Brann-styret møter pressen om nachspielskandalen.
  • Vurderar klubbyte for Bohinen

    Emil Bohinen slit med å få speletid etter millionovergangen til CSKA Moskva. No meiner pappa, Lars Bohinen, at sonen må vurdere å skifte klubb.

    – Han er jo ikkje nøgd med å ikkje spele og meiner han er god nok, seier han til NRK.

    22-åringen har ikkje starta ein kamp for sitt russiske lag sidan 25. juli. I kveldens kamp mot Spartak Moskva vart han bytta inn etter 65 minutt, men rakk ikkje å markere seg bortsett frå eit gult kort.

    – Viss situasjonen ikkje endrar seg før neste overgangsvindauge, så må vi jo sjå på andre løysningar. Han må jo spele, seier pappa-Lars.

    Emil Bohinen
    Foto: Gorm Kallestad / NTB
  • Pelé ute av sykehus

    Den brasilianske fotballegenden Pelé er utskrevet fra intensivavdelingen på sykehuset etter et kort opphold. Han skriver selv i et innlegg på Instagram at han er på bedringens vei.

    80-åringen fikk nylig fjernet en svulst fra tykktarmen, og ble i utgangspunktet utskrevet fra sykehus på onsdag. Fredag ble han likevel gjeninnlagt på intensiven, men ble sjekket ut et knapt døgn senere.

    Ifølge sykehuset Sao Paulo Albert Einstein Hospital ble den gamle fotballstjernen gjeninnlagt som et forebyggende tiltak for hans helse.

    Pelé
    Foto: Benedikt Von Loebell / AFP
  • Gir seg som Bryne-trenar

    Etter tre år i Bryne FK har trenar Jan Halvor Halvorsen no gitt beskjed om at han vil gi seg etter sesongen, det melder klubben i dag. Styret og dagleg leiar jobbar no med å finne ein ny hovudtrenar. Bryne ligg per nå på ein 14.-plass på tabellen i Obosligaen.

    Jan Halvor Halvorsen
    Foto: Arild Eskeland / NRK
  • Coman hjarteoperert

    Kingsley Coman er blitt operert for problem med hjarterytmen. Den franske Bayern München-vingen blir truleg berre ute i to veker.

    Coman blei bytta inn i Bayerns 3-0-siger over Barcelona i meisterligaen onsdag. Dagen etter blei han operert, og klubben hans opplyser at alt gjekk som det skulle.

    – Han har eit lite problem med hjarterytmen. Han har det veldig bra og har litt smerte ved såret. Når såret er grodd, vil han begynne med å trene seg opp igjen. Det vil ikkje ta meir enn ti dagar til to veker før han er tilbake i full trening, sa Bayern-trenar Julian Nagelsmann på ein pressekonferanse fredag.

    Bundesliga - Bayern Munich v Borussia Moenchengladbach
    Foto: Christof Stache / Reuters
World Cup - UEFA Qualifiers - Group I - Hungary v England
Sverige
Ronaldo