- Følg:
– Eg veit ikkje om vi undervurderte Herd, men det var i alle fall ein dårleg dag på jobb. Dei var meir tente, kanskje, og då blir det ofte jamnare enn trudd.
Det seier Kristiansund-spelar – og kaptein – Mahmoud El Haj.
For i 1. runde av NM stod det 2-2 etter ordinær tid då KBK møtte Herd. Kampen gjekk til straffer, der laget frå Kristiansund vann 1-4.
– Eg trur vi har full kontroll på kva Levanger stiller med. Det har vore fullt fokus på trening før kampen, og vi tek ikkje lett på kampen. Laget reiser opp dagen før slik at førebuingane skal bli best mogleg, fortel El Haj.
- Les også:
- Les også:
– Kriblar i føtene
For El Haj sjølv skal ikkje spele kampen.
Eit raudt kort, tildelt for 11 dagar sidan mot Vard Haugesund i serien, enda i to kampar karantene. Levanger i NM er nummer to.
– Det kriblar i føtene, fortel midtbanespelaren, som har fått mange kort i KBK-trøya.
– Kvifor får du så mange kort?
– Det kokar litt oppe i hovudet, av og til. Eg er ein dårleg tapar.
Jobbar med seg sjølv
– Men det er noko eg må jobbe med, for det er dumt med mange kort og suspensjonar. Eg skal vere ekkel å møte, men eg må passe på slik at det ikkje går for langt, seier El Haj til NRK.
Han meiner mange gule og raude kort heller ikkje set klubben i eit godt lys.
– Eg har eit mål om å unngå mange kort, og eg trur ikkje klubben vil at eg skal få kort heller.
– Ein spelar som sparkar i motstandarane kastar eit dårleg lys over KBK, avsluttar El Haj, som er tilbake når Kristiansund møter Sandefjord førstkomande søndag i serien.
Amedia har rettigheitene til å vise Levanger mot Kristiansund.