No er det berre eit par timar til det brakar laust på Ullevaall. Folk strøymer til stadion. Også inne på tribunane har folk begynt å finne plassane sine.
Store blå flagg, blå og kvittkledde menneske kjem togande mot Ullevål.
– Heia, hei Hødd gjallar mellom stadionmurane og alle bygga ved Ullevål.
Dei Hødd-supportarane vi møter på verkar rimeleg sikre på at Hødd-spelarane skal få heve pokalen om nokre timar.
– Det blir ein sikker 2-0-siger til Hødd, ropar ein blåflaggande gjeng, som berre persenterer seg som «Vi er Hødd!»
Dette blir bra!
Utanfor Ullevål er det berre blide fjes å sjå, i alle fall før kampen. Og på begge sider er folk like sikre på at dei er minst like blide også ETTER kampen.
– Det blir ein god 2-1-siger til Hødd, smiler Silja Øvrelid og Hege Løseth. Dei er kledde i blått og har møtt tidleg fram ved Ullevål. Det er ingen tvil om at Hødd kjem til å vinne i dag, legg dei til.
Trur på Hødd-siger
Æresmedlem i Hødd, John Osnes, meiner Hødd har gode sjansar til å få heim cuppokalen heim til Sunnmøre.
– Om dei spelar slik som dei gjorde mot Haugesund, har eg stor tru på at dei kan vinne cupfinalen, seier Osnes utanfor Ullevaall stadion.
Det første målet
Ein kan så vidt ymte om litt snø i lufta på Ullevaal berre eit par timar før kampstart.
– Det er veldig viktig at Hødd får det første målet, det vil vere avgjerande for utfallet, meiner Osnes.
LES OGSÅ: 2500 hylla det unge Hødd-laget
Osnes har store von til kampen.
– Eg gler meg veldig, men samtidig er eg og nærvøs. Det er eg alltid, seier han.
Finalen startar 13.15, og du kan følgje den direkte her.