NRK Meny
Normal

Desse kan sette rekord mot Island

For første gang kan fleirtalet av spelarane på landslaget ha innvandrarbakgrunn. – Fleirkulturen har for alvor nådd Fotball-Norge, seier forfattar av bok om innvandring.

Norge

Vadim Demidov, Joshua King, Tarik Elyounoussi, Daniel Braaten, Alexander Tettey og Mohammed Abdellaoue kan sette rekord om dei får spele samtidig mot Island.

Foto: NTBscanpix

Mohammed Abdellaoue, Alexander Tettey, Daniel Braaten, Vadim Demidov, Tarik Elyounoussi og Joshua King.

Alle har dei minst to ting til felles: Plass på landslaget i fotball og innvandrarbakgrunn.

I tillegg kan dei skrive historie når Norge møter Island fredag - om dei får spele samtidig. For aldri før har fleire spelarar med innvandrarbakgrunn kunna kjempa med det norske flagget på brystet.

I alle fall ikkje på øvste landslagsnivå i fotballsamanheng.

– Det er bare bra. Dette er talent som også har vakse opp i ulike delar av landet, seier Joshua King til NRK.no.

Han blei nyleg tatt ut til A-troppen for aller første gang, og har tru på at den stadig aukande multietnisiteten styrkar landslaget.

– Kanskje det blir litt rart om det ein dag spring elleve Alexander Tettey-ar utpå banen, men det veit eg ikkje om vi kjem til å sjå, seier King.

– Det er uansett alltid positivt at det kjem inn nye ansikt. Eg føler meg i alle fall godt motteken her, sjølv om eg er norsk med innvandrarbakgrunn, legg han til.

– Gjennombrot for fotballspelarar med innvandrarbakgrunn

Joshua King

– Kanskje det blir litt rart om det ein dag spring elleve Alexander Tettey-ar utpå banen, men det veit eg ikkje om vi kjem til å sjå, seier Joshua King.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

«(Dette er) i tråd med Ekstremistan-tesen,» skriv forfattar Aslak Nore på Twitter.

Han er mannen bak boka med namnet Ekstremistan, som tar for seg utfordringar og fordelar med innvandring i det sosialdemokratiske Norge.

– Boka handlar om at Norge stadig blir eit meir fleirkulturelt land. Og der er fotball eit morosamt eksempel. Dette landslagsuttaket markerer verkeleg gjennombrotet for fotballspelarar med innvandrarbakgrunn, seier Nore.

I «Ekstremistan», som kom ut i 2009, sette Nore opp eit landslag med fotballtalent som kun bestod av spelarar med innvandrarbakgrunn.

– Fleire av dei eg tok med då er no i den norske troppen til kvalifiseringa mot Island og Slovenia. Det er litt artig å sjå, seier han, og legg til kvifor han meiner det er så viktig at landslaget speglar eit samfunn med mykje innvandring:

– Det er fint å sjå at det å seie at ein er norsk nasjonalpatriot ikkje bare gjeld for menneske med lys hud og norske besteforeldre, og at fleire vil ta del i eit norsk fellesskap.

Samtidig er han klar på at seks landslagsspelarar med innvandrarbakgrunn ikkje nødvendigvis vil føre til at fleire integreringsutfordringar blir løyst.

– Det er først og fremst viktig for innvandrarane sin aksept i samfunnet. Ein kan jo bare sjå kva farga idrettsutøvarar har gjort for å styrke aksepten i USA, eller fotballspelarane på «det nye» Tyskland i fotball, som har fleire med innvandrarbakgrunn i troppen.

Saka held fram

Mohammed Abdellaoue

Mohammed Abdellaoue, Alexander Tettey og Vadim Demidov. Her frå førre landslagssamling.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

– Kan tilføre dei norske spelarane noko bra

Aslak Nore

Aslak Nore (til høgre). Her saman med forfattar og samfunnsdebattant Amal Aden.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Lenge har det vore innslag av multikultur på det norske landslaget i fotball. I 2005 var John Carew, Daniel Braaten og Alex Valencia (alle med innvandrarbakgrunn i familien) saman i A-troppen.

Carew var ikkje i tvil om at akkurat det betydde mykje for folk.

– Det har ein stor signaleffekt. Det at eg og Daniel spelte saman mot Slovenia var noko alle ungdommar – uansett kjønn og hudfarge – kunne legge merke til, sa Carew til Dagbladet.

Sju år seinare kan langt fleire spele saman på banen for Norge. Fredag kan det altså bli seks, og då er det rekord.

Nore meiner at dette viser to ting:

– Uttaket viser at fleirkulturen for alvor har nådd Fotball-Norge.

– For det andre kan vi håpe at dei tilfører noko til norske spelarar, sjølv om ein skal vere forsiktig med å peike ut kva kvalitetar ulike folk med ulik bakgrunn har.

Fotballnyheter

Videoklipp

En viktig scoring for Norge av Martin Ødegaard mot Irland.
Se alle målene her.
Se alle målene her.