NRK Meny
Normal

Nyland kan få sin tredje strake finale: – Det er det største i norsk fotball

– Cupfinalen er det største i norsk fotball, og eg har vunne den to gonger. Det er bra, kan ein seie, seier Molde-keeper Ørjan Håskjold Nyland før semifinalen mot Molde.

Moldes keeper Ørjan Håskjold Nyland klarer det utrolige, dersom Molde slår Stabæk i semifinalen på onsdag. Da er han klar for sin tredje cupfinale på Ullevaal på tre år.
Reporter: Tore Ellingseter
Foto/redigering: Alf-Jørgen H. Tyssing

  • Sjå semifinalene på NRK: Stabæk - Molde på NRK1 onsdag kl 19.45, Odd - Sarpsborg på NRK2 torsdag kl 19.35

I 2012 vart han matchvinnar i straffekonkurransen mot Tromsø då Hødd sensasjonelt vart cupmeister. I fjor stod han i mål for Molde som slo Rosenborg 4–2 i finalen.

Slår Molde Stabæk i semifinalen onsdag, er 24-åringen klar for sin tredje cupfinale på rad.

– Det er i seg sjølv spesielt, dersom han får det, seier Molde-trenar Tor-Ole Skullerud. – Men Ørjan har gått frå å vere ung og lovande til å bli førsteval i mål både for Noreg og for Molde, seier Skullerud.

Om han og Molde vinn semifinalen og seinare finalen, blir Nyland den første på 58 år med tre strake cupsigrar. Det har ikkje skjedd sidan 1956, då Skeid vann cupfinalen for tredje gong på rad. Men då var heile ni spelarar med på alle tre sigrane.

Sjølv om Nyland elskar straffesparkkonkurransar, har han ikkje noko imot at det blir avgjort etter 90 minutt mot Stabæk.

– For meg er det viktigast å ikkje sleppe inn mål. Så reknar eg med at gutane framover gjer sin del av jobben, seier han.

Ein av dei som skal gjere kvelden vanskeleg for landslagskeeperen, er ein tidlegare lagkamerat av Nyland: Magne Hoseth. Han melde overgang til Stabæk i sommar, men har framleis sterke kjensler for klubben han har spelt for i 15 år.

Vil ikkje juble for scoring

Moldenseren gjør seg klar for semifinale i cupen mot gamlekluppen.
Reporter: Anders Rove Bentsen
Foto: Andreas Sundby / redigering: Guro L. Grønn

– Korleis vil du feire dersom du scorar?

– Det blir ikkje noko feiring, er Hoseths korte svar overfor NRK.

Han ville ikkje spele Stabæks kamp mot Molde tidlegare i sesongen. Men no er han klar.

– No har det gått så lang tid at eg vil vere med på å hjelpe klubben og min nye arbeidsgivar. Det er det eg må vere lojal mot no, seier Hoseth.

Han har spela nok kampar for Molde denne sesongen til å få medalje også om Stabæk taper onsdag. Men han lovar å gi alt for sin nye klubb og trenar i semifinalen.

Han vil heller ikkje prøve å fortelje løyndomar om Molde.

– Då vi møtte Molde borte i den første kampen etter at eg kom til Stabæk, bomma eg på fem spelarar i lagoppstillinga. Etter det har trenaren slutta å spørje meg om råd, seier Hoseth.

Fotballnyheter

Videoklipp

En viktig scoring for Norge av Martin Ødegaard mot Irland.
Se alle målene her.
Se alle målene her.