Hopp til innhold

Kan bli utskiftingar i spelarstallen til Brann

– Speler me ikkje betre i dei neste kampane, rykker me ned, seier dagleg leiar Roald Bruun-Hanssen. Han varslar no at det kan komme nye spelarar inn i klubben.

– Speler me ikkje betre i dei neste kampane, rykk me ned, seier dagleg leiar Roald Bruun-Hanssen. Han varslar no at det kan komme nye spelarar inn i klubben.

FORTVILA: Ei tung bør kviler på Brann. Dersom me ikkje klarar å betre prestasjonen vår i dei neste kampane, så rykker me ned, seier dagleg leiar i Brann, Roald Bruun-Hanssen.

Etter 0–1 tapet mot Odd Grenland i går, ligg Brann no heilt sist på tabellen. Kampen føyer seg inn i rekka som det femte tapet på rad, og no ser det stygt ut for raudtrøyene frå Bergen.

Roald Bruun-Hansen

– SITUASJONEN ER ALVORLEG: Brann-leiinga var ikkje førebudd på at Brann etter 13 spelte kampar skulle ligge sist på tabellen, seier dagleg leiar Roald Bruun-Hanssen.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

– Situasjonen er alvorleg. Dersom me ikkje klarar å betre prestasjonen vår i dei neste kampane, så rykker me ned, seier dagleg leiar i Brann, Roald Bruun–Hanssen.

Brann-leiinga hadde aldri drøymt om at dei på dette tidspunktet etter 13 spelte kampar skulle vere botnlaget i Tippeligaen. Før sesongen snakka Brann om eit seriegull.

– Me var ikkje førebudd på dette i det heile tatt. Me forventa at me skulle legge i den andre enden av tabellen. Det blir nok ikkje medalje i serien i år, seier Bruun-Hanssen.

Kan komme utskiftingar i spelarstallen

Tomme tribuner

TOMT: At me har så få tilskodarar på kampane, gjer at det blir vanskeleg å løyse problema våre, seier Bruun–Hanssen.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Bruun-Hanssen meiner noko av det viktigaste for Brann no er at spelarane får tilbake meistringskjensla.

– Akkurat no manglar me opplevinga av å lukkast. Det såg ein jo litt under fyrste omgang i går. Spelarane våre er ikkje så tafatte i utgangspunktet. men dei blir det når dei ikkje lukkast gong etter gong.

Det er ikkje berre dei sportslege prestasjonane det røyner på. Brann slit med låge inntekter.

– Den økonomiske situasjonen vår er alvorleg. At me har så få tilskodarar på kampane, gjer at det blir vanskeleg å løyse problema våre, seier Brunn–Hanssen.

Korleis Brann skal løyse dei sportslege og økonomiske problema er endå ikkje klart, men Bruun-Hanssen seier klubben vurderer å ta inn ein eller to nye fjes for å styrke spelarane som er der, og få meir krefter inn i laget.

– Nokre spelarar kan komme inn, og nokre spelarar kan gå ut. Det kan vere me ha behov for å tilføre noko til gruppa for å få meir energi i laget. Me følgjer med på marknaden.

Brann skal ha konkrete namn på blokka, men vil ikkje seie noko om kva slags spelarar dei eventuelt vil ta inn.

– Nye spelarar kan hjelpe

Ekspertkommentator i NRK, Karl–Petter Løken meiner det største problemet for brann er at dei slepp inn for mange mål.

Karl-Petter Løken

– ALARMERANDE: Det kallar ekspertkommentator i NRK, Karl-Petter Løken, situasjonen i Brann. Men han trur framleis Brann har ein sjanse til å unngå nedrykk.

Foto: Richardsen / SCANPIX

– Forsvaret må bli organisert betre. Dei kan ikkje tillate seg å sleppe inn så mykje mål. Den enkelte spelar har eit ansvar i forhold til å forsvare eige mål. Dette er og noko av det enklaste å gjere noko med i fotball, seier Løken.

Han meiner nye spelarar på laget er eit verkemiddel som kan fungere.

– Viss du er heldig med kjøpa der, så vil det kunne bidra positivt å få inn nye spelarar som er svoltne og erfarne. Denne gruppa har det jo mentalt vanskeleg no og kanskje føler dei at dei har prestert betre enn dei har fått betalt. Får ein inn nokon som bles nytt liv i dei, kan det gå rette vegen, meiner Løken.

Om det går mot nedrykk, trur ikkje Løken Brann blir liggjande lenge i 1. divisjon.

– Brann er jo ein av dei klubbane som har dratt fram mange eigne unge talent. Dei har det tøft no, men Brann representerer på mange måtar framtida i norsk fotball. Ein kan ikkje ha det slik at alle laga i Norge blir innkjøpsklubbar. Dei utviklar unge spelarar, og det er positivt at dei er gode på det.

Løken meiner likevel det ikkje er dei unge spelarane som skal måtte dra lasset for Brann.

– Det er dei eldre rutinerte spelarane som ikkje har prestert godt nok. At unge spelarar er i ei utvikling er naturleg. Dei trenger nokre trygge rammer, og då er det dei erfarne spelarane som må dra lasset.

– Brann treng ein «snill onkel»

Harry Arne Solberg

– VOND SPIRAL: Å stole på at næringslivet eller sponsorar kjem klubben til hjelp, kan vere ein negativ spiral å gå inn i, seier Harry Arne Solberg, professor i samfunns- og sportsøkonomi.

Skulle Brann rykke ned, vil det svekke den allereie dårlege økonomien til brann ytterlegare, Harry Arne Solberg, professor i samfunns- og sportsøkonomi.

– I 1. divisjon går inntektene ned, TV-avtalar og sponsoravtalar gjev mindre pengar enn i Tippeligaen og tilskodartala blir lågare.

Lag som slit økonomisk, kjem ofte tilbake, seier Solberg. Men det er vanskeleg, og det skjer ofte ikkje av eiga hjelp.

– Dei blir gjerne redda av snille onklar eller sponsorar. Det har jo også skjedd tidlegare for Brann som i 2002, då Handelsbanken tok eit stort tap for klubben.

Men å stole på at næringslivet eller sponsorar kjem klubben til hjelp, kan vere ein negativ spiral å gå inn i, seier Solberg.

– På kort sikt når nauda er størst og alternativet er å gå konkurs tek ein det ein får. Men på lang sikt skapar det ein negativ spiral. Viss du er vanen med å bli redda i siste time, gjer det noko med vilja di til å ta risiko. Det kan vere farleg å tenkje at «me får sikkert hjelp denne gongen òg.».

Solberg seier Brann ikkje er åleine om den dårlege økonomien i norsk eller europeisk fotball.

– Dei er jo i godt selskap. Rosenborg og Vålerenga slit jo også. Det gjeld jo alle norske klubbar, og er eit fenomen i heile fotball-Europa.

Den dårlege økonomiske situasjonen i fotballklubbar kring om i Europa er årsaka til at UEFA har innført Financial fair play.

– Ut av uføret i løpet av sommaren

Neste kamp for Brann i Tippeligaen er bortekamp mot Viking. dagleg leiar i brann, Roald Bruun-Hanssen augnar framleis eit håp for at Brann kan halde i Tippeligavarmen.

– Heldigvis har me framleis 17 kampar framfor oss. Det går an å skaffe seg nok poeng på dei kampane til å halde seg over streken.

– Snakkar de med Norling og spelarane om det at Brann no er eit botnlag?

– Det trenger me ikkje. Er det nokon som er klar over dette så er det dei.

– Når kjem Brann ut av uføret?

– Eg håpar me er på rett kjøl i løpet av sommaren, seier Brunn-Hanssen.

Fotball

  • Bellingham senket Barcelona i El Clásico på overtid

    Barcelona tok ledelsen to ganger i El Clásico, men det gikk mot 2-2 og status quo i gullkampen i La Liga inntil Jude Bellingham ga Real Madrid seieren.

    Det skjedde på overtid og på pasning fra Lucas Vázquez, som var involvert i alle de tre hjemmemålene på en dag da seriegullet i praksis ble sikret.

    Lucas Vázquez og Vinicius Junior samarbeidet om to utligningsmål tidligere i kampen, og Real Madrid økte med seieren sitt forsprang til serietoer Barcelona til hele elleve poeng når seks serierunder gjenstår. (NTB)

    Champions League - Quarter Final - Second Leg - Manchester City v Real Madrid
    Foto: Molly Darlington / Reuters
  • Glimt gikk på sesongens første poengtap

    Glimt fikk en drømmestart i toppkampen mot Molde da Nino Zugelj stanget inn 1–0 etter kun syv minutter.

    Men Molde kjempet seg tilbake i oppgjøret. Ti minutter ut i andre omgang rev Kristoffer Haugen seg fri på bakerste stang, og pirket et innlegg fra Kristian Eriksen over målstreken.

    Dermed gikk Bodø/Glimt på sitt første poengtap for sesongen, mens Molde unngikk å gå på sitt andre strake tap.

    De to deler tabelltoppen med Brann, alle på ti poeng. Men Glimt har en kamp mindre spilt enn rivalene.

    Bodø/Glimt-spillere feirer etter målskåring på Aspmyra 21. april
    Foto: Kåre Riibe Ramskjell / NRK
  • Perle da Liverpool slo tilbake med seier

    Liverpool reiste seg etter europaligaexiten og vant 3-1 borte mot Fulham i Premier League søndag. Klubben er fortsatt med i tittelracet.

    Liverpool-manager Jürgen Klopp overrasket og henviste både Mohamed Salah og Darwin Núñez til benkeplass til oppgjøret.

    Uten stjernespillerne fra start sørget Trent Alexander-Arnold, Ryan Gravenberch og Diogo Jota for tre viktige poeng i kampen om Premier League-tittelen.

    Seieren sender laget à poeng med Arsenal på tabelltopp. Manchester City har en kamp mindre spilt og går forbi begge om den vinnes. (NTB)

    Premier League - Leicester City v Liverpool
    Foto: CARL RECINE / Reuters
  • Viking stoppet av FFK – tre kamper uten seier

    Poengfangsten går trått for Viking. Søndag ble laget holdt til 1-1 hjemme mot Fredrikstad.

    Ikke siden åpningskampen har Viking stått igjen som vinner i Eliteserien. Nicholas D'Agostinos hodestøt fikset poenget mot FFK.

    Før det hadde Morten Bjørlo gitt gjestene ledelsen på fantastisk vis. I det åttende minutt snappet han opp en svak Viking-pasning, tok seg oppover i banen og knallet inn 0-1 fra 20 meter.

    (©NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Viking - Fredrikstad
    Foto: Carina Johansen / NTB
  • KFUM Oslo sikret klubbens første eliteserieseier

    Etter to uavgjort og ett tap vant KFUM Oslo sin første eliteseriekamp søndag. To mål før pause sørget for 2-0-seier over Sarpsborg på bortebane.

    Oslo-laget var effektivt før hvilen, og Johannes Nuñez og Petter Nosa Dahl ordnet 2–0. Sarpsborg ledet an i andreomgangen, men greide ikke å forhindre at poengene ble med tilbake til hovedstaden.

    Eliteserien i fotball 2024: Sarpsborg 08 - KFUM Oslo
    Foto: Christoffer Andersen / NTB
Salah
Molde-keeper Jacob Karlstrøm er skuffa over at han rota det til i eigen boks då MFK tapte mot Odd i kveldens eliteseriekamp.
Erling Haaland
Phil Foden