Chelsea treng siger for å styrke sjansane til meisterligaspel til hausten, men skifterlikevel ut nesten heile laget til kampen i dag. Berre tre mann er tilbake frå startellevaren på laget som slo Barcelona 1–0 i semifinalen i Champions League onsdag. Petr Cech, John Terry og Gary Cahill er dei einaste som er igjen.
Inn kjem Fernando Torres, Salomon Kalou, Danieol Sturridge, Florent Malouda, Oriol Romeu, Michael Essien, Jose Bosingwa og Ryan Bertrand.
Chelseas Didier Drogba står over kampen på grunn av at han skadde kneet i meisterligasemifinalen mot Barcelona onsdag, etter å ha scora sigersmålet i kampen Chelsea vann 1–0.
Det er uvisst om Drogba rekk returkampen i Barcelona tysdag.
– Han vart knuffa og dytta ganske mykje på onsdag, så vi er usikre på korleis det går. Vi skal undersøke han både laurdag og søndag, seier manager Roberto di Matteo.
Arsenals Mikel Arteta er ute for resten av sesongen, det stadfesta manager Arsène Wenger fredag. Han ødela leddband i ein fot i kampen mot Wigan måndag–ein kamp Arsenal overraskande tapte 2–1.
Arsenal har gjort fleire endringar etter Wigan-kampen. Johan Djorou og Andre Santos står også over, det same gjer Yossi Benayoun.
Chelseas Didier Drogba står også over kampen. Han skadde kneet i meisterligasemifinalen mot Barcelona onsdag, etter å ha scora sigersmålet i kampen Chelsea vann 1–0.
Det er uvisst om Drogba rekk returkampen i Barcelona tysdag.
– Han vart knuffa og dytta ganske mykje på onsdag, så vi er usikre på korleis det går. Vi skal undersøke han både laurdag og søndag, seier manager Roberto di Matteo.
Arsenal held tredjeplassen, og dermed den siste plassen som gir plass direkte i gruppespelet i Champions League i haust. Om dei slår Chelsea i dag, er dei så å seie sikre på den plassen.
Men med tap er alt vidope. Arsenal har fem poeng ned til Tottenham og Newcastle og sju til Chelsea, som alle har ein kamp til gode på Arsenal. Og desse tre har uansett fjerdeplassen å slåst for–den gir plass i siste kvalifiseringsrunde før meisterligaen.