18 kampar og ei oppdatert UEFA-ranking før gruppespelet i EM-kvalet er ferdig, er Norges veg fram til første sluttspel sidan 2000 framleis uoversiktleg.
Det vil seie – det grunnleggande er rimeleg klart: Vi slår Italia i Roma og går til EM som gruppevinnar. Eller Kroatia rotar bort poeng mot Malta.
Følg utviklingen i kveldens kamper her.
Tenk om ikkje Norge hadde sleppt inn to mål i sluttminutta mot Kroatia i mars. Då hadde vi tapt berre 3-1, og greidd oss med uavgjort i Italia på grunn av innbyrdes oppgjer.
Då er det klart for grenselaus jubel seint tysdag kveld, og vi kan lene oss bakover og vente på gruppetrekninga 12. desember.
Men siger i Roma er lettare sagt enn gjort. Det finst scenario som er langt meir trulege – og langt meir uoversiktlege.
Nederland eller Kypros i kvaliken?
For med poengtap i Italia og kroatisk siger på Malta er Norge dømd til ein av dei tredjeplassane som gjev kvalifiseringskampar i midten av november.
Det betyr at åtte lag skal trekkjast saman i fire kampar, og der er fire av laga seeda i samsvar med UEFA-rankinga, som blir oppdatert dagleg.
Slik stoda er i dag, er ikkje Norge blant dei, og får dermed tøff motstand i kvaliken.
Her er beste og verste scenario for Norge:
Verst:
Nederland slår Tsjekkia og Island slår Tyrkia i gruppe A. Då tar Nederland tredjeplassen frå Tyrkia. Ukraina blir beste gruppetrear. Ut frå dagens tabellar og ranking blir dermed dette laga som må ut i kvalik:
Seeda:
- Nederland
- Bosnia
- Sverige
- Danmark
Useeda:
- Ungarn
- Irland
- Norge
- Slovenia
Og Norge trekkjer Nederland i kvaliken. Inga umogeleg oppgåve, sjølvsagt, men svært vanskeleg. Trass mykje trøbbel i EM-kvaliken er Nederland framleis nummer seks på rankinga.
Best:
Ukraina går forbi Slovakia i gruppe C, og Kypros slår Bosnia og tar tredjeplassen i gruppe B. Ungarn blir beste gruppetrear. Dermed blir seedinga slik, basert på dagens UEFA-ranking:
Seeda:
- Sverige
- Danmark
- Irland
- Norge
Useeda:
- Slovakia
- Tyrkia
- Slovenia
- Kypros
Og Norge trekkjer Kypros.
Uoversiktleg? Ja visst. Og det er framleis to dagar att der både tabellar og UEFA-ranking kan endre seg.