NRK Meny
Normal

José Mourinho signerte for Fulham

Han skal ha hatt tilbod frå Chelsea, men José Mário Mourinho – «The Special One» sin 14 år gamle son – signerte for Fulham.

José Mourinho

Chelsea-trenar José Mourinho sin 14 år gamle son, José Mário Jr., har signert for London-rival Fulham.

Foto: Shaun Botterill / Getty Images

Det melder den britiske avisa The Daily Mail.

Det fulle namnet til Chelsea-manager José Mourinho er José Mário dos Santos Mourinho Félix.

Når sonen heiter José Mário Jr. kan det by på forvirring. Spesielt når sonen på 14 år no har signert for Fulham.

Skal ha hatt tilbod frå Chelsea

Medan far Mourinho var Real Madrid-trenar, spelte keepersonen for Canillas – ungdomslaget til Madrid-klubben.

Etter at Mourinho returnerte til Chelsea, skal Mourinho Jr. òg fått tilbod frå dei heilblå i London. I staden har valet falt på London-rival Fulham.

Han er no på eittårskontrakt med klubben, der nordmennene Brede Hangeland og John Arne Riise spelar til dagleg. Han blir ein del av ungdomslaget i klubben etter éin månad med prøvespel.

Ifølgje The Daily Mail var bestefar, José Manuel Mourinho Felix, òg keeper. Han hadde éin landskamp for Portugal, og den yngste José kan no følgje i bestefaren sin fotspor.

Fotballnyheter

Videoklipp

En viktig scoring for Norge av Martin Ødegaard mot Irland.
Se alle målene her.
Se alle målene her.