– Det blir ein tøff kamp. Aalesund har ikkje kome så bra i gang i år, men det er som dei seier; skadde dyr er alltid dei farlegaste, seier Kjell Jonevret før dagens 1. mai-kampen mot Aalesund.
Aafk har fått det tungt i starten av sesongen og står utan ein einaste siger. Sunnmøringane ligg på jumboplassen i eliteserien.
Starten til Jonevret sine menn har på andre sida vore langt frå problematisk. Etter fem kampar står dei ubeseira med berre to baklengsmål.
Sist dei var i aksjon var mot Start for fire dagar sidan, ein kamp dei vann 2–0. Start er ein motstandar som liknar på Aalesund ifølgje Jonevret.
– Samla, konsentrerte og disiplinerte
– Aalesund er ganske like Start. Det er viktig at me er samla og passa opp for mellomrom. Dei kjem med masse innlegg og Barrantes bør ikkje få for mykje rom, seier trenaren.
Likevel meiner han at dei møter eit ekstra farleg AaFK i dag.
– Det er alltid tøft der oppe, og dei kjem heilt sikkert til å vera veldig samla, konsentrerte og disiplinerte med tanke på starten dei har hatt. Men me reiser sjølvsagt med mål om å få poeng, så me håper jo på det, seier Jonevret.
Den svenske trenarkollegaen til Jonevret, Jan Jönsson, håper at det kan løysa for klubben i dag.
– Me registrerer at Viking har starta veldig bra, og berre slept inn to mål på fem kampar. Det imponerer, men me får halda fram med å vera trygge og bra i forsvarsspelet. Det hadde også smakt om me hadde fått i gang målscoringa, seier Jönsson.