NRK Meny
Normal

Joachim Magnussen tilbake i Hødd

Han er tidlegare toppscorar for Hødd. Etter to sesongar i Hønefoss kjem han no tilbake til Ulstein-klubben.

Joachim Magnussen

Joachim Magnussen har signert ein treårs-kontrakt med Hødd.

Foto: Arne Flatin / NRK

Magnussen debuterte for Hødd i 2006, og spelte totalt 144 A-kampar og skora 77 mål før han gikk til Hønefoss til 2011-sesongen. Han hadde eitt år att av kontrakten med Hønefoss.

I Hønefoss fekk Magnussen med seg 13 kampar i årets eliteserie, og i 2011 spelte han 27 kampar i førstedivisjon.

– Vi kjenner Joachim godt frå før, og han kjenner oss. Han kan spele både spiss og kant, og er ein lokal spelar som etterkvart har fått nyttig erfaring både frå eliteserien og førstedivisjon. I tillegg er han ein flott type, både på og utafor banen, og vi ser veldig fram til at Joachim på nytt skal ta på seg den blå Hødd-drakta, seier dagleg leiar i Hødd, André Nevstad.

Medan Magnussen har vore borte frå Hødd har laget frå Ulstein opplevd både opp- og nedturar. Laget berga plassen i 1.divisjon med knapp margin. Men alle dei skuffande resultata i serien blei gløymde då Hødd sikra seg sigeren i cupfinalen 2012.

– Det skal bli kjekt å møte gamle kjende, og eg ser veldig fram til å spele for Hødd igjen. Hødd har eit spennande lag, med mange unge, gode spelarar og ein klar definert spelestil som eg kjenner godt frå før. I tillegg til utfordringane i førstedivisjon blir det artig med Europa-cup og ikkje minst ny stadion i 2014, seier Joachim Magnussen.

Fotballnyheter