Inter blei tildelt seriemeisterskapet frå 2005/2006-sesongen etter den forrige rettsaka i italiensk fotball der mellom anna Juventus blei mistenkt for korrupsjon.
Men no spøker det for ryktet til det mange italienarar trudde var ein av få reine storklubbar rundt korrupsjonsskandalen som kom fram i 2006.
Avlytta telefonsamtalar
Det italienske fotballforbundet, FIGC, har i ein ny rapport lagt fram bevis på at Inter skal ha tatt telefonsamtalar med dei samme dommarane som Juventus blei dømt for å ha hatt kontakt med.
Den omstridde tittelen frå 2006 var først i Torino-klubben sine hender, men grunna avsløringar om dommarkorrupsjon blei «Den Gamle Dame» dømt for å ha handplukka dommarar og dermed fråteken både seriemeistertittelen frå 2004/05- og 2005/06-sesongen.
I tillegg blei klubben degradert til Serie B. Ei rekke andre klubbar som AC Milan, Lazio og Fiorentina, samt dommarar og enkeltpersonar blei straffa med bøter og utestengingar.
– Gje tittelen frå dykk, Inter!
No krevjer fleire i italiensk fotball at Inter må gje frå seg troféet «ingen har gjort seg fortent til».
– Eg håpar at Inter bruker sunn fornuft og leverer tilbake troféet etter avsløringane i denne rapporten, seier presidenten i den italienske trenarforeininga, Renzo Ulivieri, til Tuttosport.
Også den tidlegare Juventus-presidenten Giovanni Cobolli Gigli bør Inter bli fråteken Scudettoen.
– Det er heilt klart at Inter var i kontakt med personar involvert i skandalen, seier Gigli.
Moratti raser mot skuldingane
Inters president, Massimo Moratti, meiner skuldingane i rapporten ikkje har rot i verkelegheita.
– Dette er eit alvorleg angrep og totalt uakseptabelt.
Morratti har vore president i klubben sidan 1995, og meiner alle sider av dommarsaka frå 2006 allereie er belyst.
– Det er ingenting nytt slik eg ser det, seier han.
– Vil forsvare æra om dei leverer tilbake
Det einaste problemet no er at den største skandalen i italiensk fotball no kan vere forelda, noko som kan gjere det umogleg å krevje at tittelen skal vekk frå Inter.
Men klubben kan enno attvinne noko av respekten, meiner trenarpresidenten.
– Om dei leverer tilbake «Scudettoen» frå 2006 som opprinneleg blei vunne av Juventus, vil Inter få eit nytt nivå av respekt og beundring, seier Ulivieri.
Saka vil bli teken opp og drøfta i FIGC 18. juli.
Moggi: – Har visst dette sidan 2006
Tidlegare Juventus-direktør, Luciano Moggi, er tilfreds med at Inter no også er kopla inn i den omfattande skandalen.
– Eg kan endeleg sjå at nokon har lytta til meg. Men det er synd det kjem ut no, sidan eg har sagt dette sidan 2006, seier Moggi til Tuttosport.
Den tidlegare Juve-direktøren blei sett på som den største «skurken» bak den opprinnelege skandalen. Han blei utestengt frå alle verv og jobbar i fotball etter dommen i 2006.
No rettar Moggi fingen mot Inters president, Massimo Moratti, som han meiner ikkje er uskuldig.
– Om eg var i Morattis sko ville eg no haldt meg unna å fortelje alle at eg var rein og ærleg i alle desse åra, seier Moggi.