Normal

Five down - 27 to go

Det har vore stille før stormen, men no brakar det laust. Stormen kjem til å bli intens og skal vare i to og ein halv månad. Vi snakkar om VM-kvalifiseringa i fotball.

Australia

Australia er eitt av dei få laga som allereie har kunna kvittere ut Brasil-billett. Dei fleste andre må bite negler til utpå hausten

Foto: SAEED KHAN / Afp

I kveld går den inn i sin avgjerande fase. Allereie etter dobbelrunden fredag og tysdag kan opptil sju nye land kvittere ut VM-billetten.

Nokre vil juble hemningslaust, andre vil synke ned i svart fortviling i løpet av hausten.

VM-kvaliken har hatt pause sidan midten av juni.

Fem lag er VM-klare. Det er framleis kamp om dei 27 andre plassane i neste års fotball-VM. Dei skal delast ut i løpet av hausten.

Uruguay tok siste plassen - her er alt om VM-nasjonene

Arrangørlandet Brasil og dei asiatiske landa Japan, Australia , Sør-Korea og Iran vil bli å finne på kampoppsettet for Brasil-VM i juni/juli 2014.

I løpet av to og ein halv månad, frå 6. september til 19. november, skal resten av VM-kvalifiseringa avgjerast.

Slik er stoda rundtomkring på kloden før dei avgjerande kampane i haust:

NB: Merk at i FIFAs turneringar er det total målforskjell som avgjer først ved lik poengsum, ikkje innbyrdes resultat.

Europa

Vinnarane av dei ni gruppene går til VM. Dei åtte beste toarane møtest to og to i kampar om fire plassar.

I gruppe A er Belgia i førarsetet etter Kroatias overraskande heimetap for Skottland nyleg. Men uansett er ingenting avgjort før dei to har møtt kvarandre i Kroatia 11. oktober. Begge har tre kampar att.

I gruppe B går det mot italiensk siger. Dei har fire poengs forsprang til Bulgaria og fem til Tsjekkia, og møter begge heime i september. Bulgaria–Tsjekkia i siste kamp i oktober kan avgjere kvalikplassen.

I gruppe C er Tyskland suveren. Sverige, Austerrike og Irland kjempar ein jamn og uviss kamp om andreplassen.

I gruppe D har Nederland vunne alle kampane og kjem til å vinne som dei vil. Ungarn og Romania slåst om kvalikplassen.

Albania - Norge

Norge heng med i VM-kvaliken, men berre så vidt. Her er Tarik Elyounoussi i aksjon i 1-1-kampen mot Albania i sommar

Foto: Solum, Stian Lysberg / NTB scanpix

Gruppe E er Norges gruppe. Sveits er i klar pole position før dei fire siste rundane. Bak dei er det jamt–så jamn er poengfordelinga at det fort kan bli toaren her som ikkje får spele kvalik.

I gruppe F har Russland overtaket. Dei ligg to poeng bak Portugal, men med fire kampar igjen mot Portugals tre. Dei snubla litt med tapet for Nord-Irland i den utsette kampen i august. Begge innbyrdes oppgjer mellom dei to topplaga er unnagjort (1-0 siger til heimelaget i begge).

I gruppe G kan Bosnia få sin VM-debut, men dei får hard kamp av Hellas om gruppesigeren. Hellas ligg tre poeng bak med fire kampar igjen. Begge innbyrdes oppgjer er spela, og Hellas har det klart lettaste programmet igjen.

I gruppe H er det jamt mellom fire lag, og mange innbyrdes oppgjer gjenstår. Montenegro er to poeng føre England, men har ein kamp mindre igjen å spele. England har dessutan tre av fire kampar igjen heime. Men bortekampen er mot Ukraina (10. september), som melde seg på for fullt med 4–0 over Makedonia i juni. Og Polen er også ein "dark horse" i avdelinga. Her blir det Europas mest spennande innspurt.

Gruppe I er den einaste med berre fem lag. Spania og Frankrike er ikkje uventa topplaga her. Spania er klar favoritt etter bortesiger mot franskmennene nyleg. Tre kampar gjenstår.

OBS: Når gruppetoarane skal samanliknast, blir resultata deira mot tabelljumboen trekt frå i gruppene A-H.

Sjekk: VM-kvaliken i Europa

Sør-Amerika

Lionel Messi

Lionel Messi og Argentina blir så godt som heilt sikkert å sjå i nabolandet Brasil til sommaren

Foto: David Ramos / Getty Images

Her spelar ni lag i ei gruppe. Dei fire beste går til VM (saman med Brasil, som er klar som vertsland). Lag nummer fem spelar playoff mot lag nummer fem i Asia om ein VM-plass.

Argentina kunne blitt VM-klar i juni, men to uavgjorte kampar betyr at dei framleis manglar tre poeng. Men i realiteten er dei klare.

Mykje tyder på at Colombia, Ecuador og Chile slår følgje.

Kampen om kvalikplassen står mellom Uruguay, Venezuela og Peru. Uruguay tok eit langt steg mot femteplassen med sigeren i Venezuela i juni.

Asia

Dei ti attståande laga har spela i to grupper om fire automatiske plassar. Desse gruppene vart ferdigspela i juni. Gruppetrearane skal spele vidare om retten til playoff mot lag nummer fem i Sør-Amerika.

Australia, Japan, Iran og Sør-Korea har sikra VM-plassen. Usbekistan og Jordan skal no i september spele om retten til å møte femmaren i Sør-Amerika om ein VM-plass.

Sjekk: VM-kvaliken i Asia

Nord- og Mellom-Amerika

Celso Borges

Celso Borges scora då Costa Rica slo Panama 2–0 og tok eit stort steg mot VM-deltaking

Foto: HECTOR RETAMAL / Afp

Seks lag gjenstår i kvaliken, og dei spelar om tre plassar i VM. Lag nummer fire skal deretter møte Oseania-vinnar New Zealand til kamp om ein VM-plass.

Fire rundar gjenstår, og USA verkar å ha god kontroll. Seks poeng skil ned til Honduras på kvalik-plassen. Costa Rica og Mexico slår truleg følgje til VM, men Mexico slit med å avgjere kampar. Dei har ikkje tapt, men fem av seks har enda uavgjort–fire av dei 0–0.

Sjekk: VM-kvaliken i Nord- og Mellom-Amerika

Afrika

Abebaw Butako

Rot og surr: Her trur Abebaw Butako at Etiopia er på veg mot 2–1 over Sør-Afrika og playoff-runden. Han veit enno ikkje at Etiopia i ein tidlegare kamp har brukt ein ulovleg spelar og dermed mister tre poeng. Det same har skjedd fleire lag i Afrika, så der er situasjonen nokså uoversiktleg

Foto: SIMON MAINA / Afp

40 attståande lag spelar i ti grupper. Gruppevinnarane går til playoff der to og to skal spele om fem VM-plassar.

Siste runde i gruppespelet blir spela denne helga. Tunisia, Elfenbeinskysten, Ghana, Egypt og Algerie er klare for playoff.

Etiopia var også tabellen tilsynelatande klare. Men dei mista tre poeng for å ha stilt med ein spelar dei ikkje hadde lov å bruke i ein av kampane. Det betyr at Sør-Afrika–førre VM-arrangør–likevel ikkje er slått ut.

I dei andre gruppene ser det ut til å gå mot siger for Burkina Faso, Nigeria, Libya og Senegal. Gruppe I er den mest uvisse, der vinnaren av Kamerun–Libya i siste runde tar førsteplassen. Libya vinn med uavgjort.

Sjekk: VM-kvaliken i Afrika

Oseania

Dei har ingen sikker VM-plass å kjempe om. Vinnaren møter nummer fire i Nord- og Mellom-Amerika om ein VM-plass.

Dei fire beste frå Oseania-meisterskapet i fjor gjekk til gruppespel om denne kvalikplassen. New Zealand–som sensasjonelt måtte overlate Oseania-meisterskapet til Tahiti–slo knallhardt tilbake og vann alle kampane.

Det betyr at New Zealand møter firaren frå Nord- og Mellom-Amerika i playoff i november.

New Zealand var faktisk det einaste landet som ikkje tapte ein einaste kamp i førre VM. Men tre uavgjort i gruppespelet heldt ikkje til avansement.

Sjekk: VM-kvaliken i Oseania

19. november er alle dei 32 VM-laga klare, og 6. desember skal gruppene i sluttspelet trekkjast.

Kven er med? Kven er ikkje med? Kva trur du?

Fotballnyheter