Celtic har tidlegare vunne ligacupen, og er så godt som sikker på også å bli ligameister.
Men i FA-cupen vart Inverness Caledonian Thistle for sterke, og vann 3-2 etter ekstraomgangar over Deilas menn i semifinalen på Hampden Park i Glasgow.
Til Highland-klubbens enorme glede sette backen David Raven inn sigersmålet tre minutt før ekstraomgangane var over. Han avslutta eit praktfullt angrep regissert av Graeme Shinnie og Nick Ross med å smelle ballen i nettet frå spiss vinkel.
– Utvisninga snudde kampen
– Vi hadde kontroll og skapte sjansar i første omgang. Vi skulle scora fleire då, sa Deila.
Celticville hatt straffe for ein hands like før pause. – Eg vil ikkje kommentere det. Folk kan sjå sjølv, seier Celtic-manageren.
– Men kampen endra seg då vi fekk raudt kort, sa Deila etterpå. – Og det var heilt rett dømt, det var straffe og utvisning, seier han.
Ti minutt etter pause felte keeper Craig Gordon Inverness-spelar Marley Watkins for fekk direkte raudt kort. Greg Tansey scora på den påfølgjande straffen, og dermed stod det 1-1.
– All kreditt til Inverness, dei gjorde ein god kamp. Vi må berre riste dette av oss og sjå framover mot neste ligakamp, legg Deila til.
Kurs for seriegullet
Det betyr ligakamp mot Dundee onsdag. Med siger der, har Celtic åtte poengs leiing med fem kampar igjen.
Celtic leia ved pause etter eit tidleg mål av Virgil van Dijk.GregTansey utlikna på straffen for Inverness. 1-1 stod seg til ordinær tid var ute.
– La oss vere ærlege: Denne kampen endra karakter då Celtic mista keeperen, sa sigersmålskyttar Raven. Han scora sitt tredje mål i sin kamp nummer 500.
Seks minutt ut i tilleggstida scora tidlegare Sogndal-spelar Edwin Ofere, men John Guidetti sette inn 2-2 på frispark like før første ekstraomgang var ute.
Inverness pressa storfavoritten i den siste ekstraomgangen, og fekk betalt med Ravens sigersmål.
Inverness møter Falkirk i cupfinalen 30. mai og blir storfavoritt. Inverness tek truleg bronsen i den skotske ligaen, medan Falkirk er midt på tabellen på nivå 2.