NRK Meny
Normal

Denne mannen er så god at ingen saknar Falcao lenger

– James Rodríguez har den playmaker-evna vi ikkje har sett så mykje av under dette meisterskapet, seier NRKs ekspertkommentator Lise Klaveness.

James Rodriguez

VMs beste spelar så langt: James Rodríguez skal hjelpe Colombia til kvartfinalen i kveld

Foto: ERIC GAILLARD / Reuters

Laster innhold, vennligst vent..

Laurda skaut Rodriguez, som berre er 22 år, Colombia til VM-kvartfinale for aller første gong.

Bylinebilde - Lise Klaveness

– I eit VM der kontringsfotballen har vore i fokus, er det vakkert å sjå ein spelar som Rodriguez, som har evna til å opne etablerte forsvar, seier NRKs Lise Klaveness

– Eg sat i studio fredag og sa at James Rodríguez er den beste spelaren i VM så langt. Eg trudde kanskje eg ville få reaksjonar på det, derfor er det moro å få støtte av statstikken, seier ho.

Rodriguez toppa FIFAs statistikk etter gruppespelet, med tre mål, seks målgivande, ti vunne driblingar, 20 ballgjenvinningar og 99 vellykka pasningar.

– I dag hadde det vore verre om Rodriguez var ute enn at Falcao er det, seier Klaveness.

– Evnar å opne etablert forsvar

– Lionel Messi har vore rå til å avgjere kampar, og Arjen Robben likeeins. Men den som har vore mest med på å prege kampane og å vere toneangivande heile tida, har vore Rodriguez.

– Det kan sjølvsagt skuldast at eg ikkje kjende særleg godt til han på førehand. Eg visste at han var god, men ikkje i stjerneklassen, seier Lise Klaveness.

– Vi har sett mykje god kontringsfotball, men han har evna til å opne eit etablert forsvar. Det har vore vakkert å sjå på. Han pregar spelet og er strategen i laget, seier Klaveness.

Ho meiner Rodriguez saman med Juan Cuadrado på kanten har vore grunnmuren i den suksessen Colombia har hatt. Derfor saknar dei ikkje Falcao i det heile, meiner Klaveness.

Tok Falcaos plass i rampelyset

FALCAO

Stjerna som ingen saknar: Radamel Falcao er ute med skade

Foto: DANIEL GARCIA / Afp

James Rodríguez (22) har teke fotball-VM med storm. Etter at Colombias største stjerne Radamel Falcao vart skadd før VM, har Rodriguez teke hans plass i rampelyset.

Han har vore rekna som lovande og god lenge, og han har gjort meir enn dei fleste for å bli god.

Alt i 2006 – som 15-åring – leigde han den kjende trenaren Omar Suarez for eigne pengar for å bli best.

– Det seier i grunnen alt. Kven andre tenåringar hadde betalt for ekstra trening for å bli den beste? seier Suarez.

I fjor sommar gjekk han frå Porto til Monaco for 385 millionar kroner. Likevel er det først under VM han verkeleg har vist sitt potensial.

Med den venstrebeinte Monaco-spelaren i spissen har Colombia vunne alle tre kampane i gruppespelet. Alt etter to kampar var Colombia klar for avansement, derfor vart Rodriguez kvilt i den siste kampen, mot Japan.

Men frå starten av andre omgang, på stillinga 1-1, kom han inn. Då la han opp til to mål og scora sjølv det siste i 4-1-sigeren.

Han scora også to mål i dei to første kampane.

Mål eller assist kvart 45. minutt

Statistikkane viser at Rodriguez scora eller la målgivande pasning ein gong kvart 45. minutt i snitt i gruppekampane, og det er mest av alle VM-spelarane som har spela i minst 100 minutt.

– Det James gjorde i dag, viser kva vi kan vente av han. Han er i svært god fysisk form, og vi kan vente oss mykje av han framover, seier landslagssjef Jose Pekermann etter siste gruppekamp mot Japan.

Han får mykje av æra for at Rodriguez har slått ut i full blomst, skriv The Guardian . Då han tok landslagssjefjobben i 2012, var noko av det første han gjorde å gi trøye nummer 10 til 20-åringen.

Og før årets VM trekte Pekermann Rodriguez inn frå vingen og mot midten av angrepet. Trekket var delvis gjort nødvendig av Falcaos skade, men hadde likevel eit element av gambling.

Nervøs landslagssjef

Pekermann vedgjekk etter kampen mot Elfenbeinskysten at han hadde vore nervøs. – Det er ikkje lett å erstatte Falcao. Det er alltid ein risiko med ei slik forandring, men mine spelarar har vist seg å makte å ta ansvar, sa Pekermann etter at trekket hadde vist seg svært vellykka.

– Han har potensial til å bli tidenes beste spelar frå Colombia, og kanskje ein av dei største nokonsinne, seier Carlos Valderrama.

Valderrama skulle vite det. Han er den mest kjende colombianske spelaren gjennom tidene, og var aktiv på 80- og 90-talet. Han var kaptein på laget som tapte 2–1 for Kamerun i åttedelsfinalen i 1990.

Men både Colombia og Rodriguez har nådd lenger denne gongen.

Fotballnyheter