Hopp til innhold

«C'mon India. Let's football»

Alessandro Del Piero, David James, Freddie Ljungberg, Nicolas Anelka, Marco Materazzi har ein ting til felles: Saman skal dei prøve å byggje India til ei fotballstormakt.

Alessandro Del Piero

Alessandro Del Piero fekk ei strålande mottaking då han kom til India og Delhi Dynamos. Han er ei av stjernene som skal gi fotball fotfeste i det gigantiske landet

Foto: Ap

Dei aldrande stjernene har høgdepunkta i karrieren bak seg. Men med sine kjende namn har dei fått til oppgåve å plante fotballinteressa i gigantnasjonen med 1,2 milliardar innbyggjarar.

Derfor er dei alle med når første proffligaen på indisk jord tek avspark søndag 12. oktober, for å utfordre cricket om sportshegemoniet i landet.

– Vi dedikerer denne pokalen til ungdomen i India, med eit oppriktig håp om at denne ligaen vil motivere indisk ungdom til å bli blant dei beste fotballspelarane i verda i dei neste åra, sa direktør Nina Ambani då ligapokalen vart presentert i Mumbai sist helg.

Video: Ligapokalen og stjernene vart presenterte sist helg

Pokalen i den nye superligaen i Indisk fotball presenteres.
Ligaen er full av gamle storspillere som Del Piero, James, Pires og Ljungberg.

India er kjempelandet som aldri har markert seg i annan idrett enn cricket. I OL står milliardlandet med lusne ni gull . Åtte av dei er i landhockey, og det siste av desse er 34 år gammalt, frå Moskva-OL i 1980. Det niande – og einaste individuelle gullet – tok skyttaren Abhinav Bindra i Beijing i 2008.

Seks sølv og 11 bronsemedaljar har det også blitt sidan landet debuterte i OL i 1900.

Dårlegare enn Maldivene

Indian Super League

Indian Super League (ISL) har avspark 12. oktober

Foto: INDRANIL MUKHERJEE / Afp

Men som fotballnasjon er India liten. Nummer 158 på FIFA-rankinga , og berre nummer 30 i Asia, bak for eksempel Maldivene og så vidt føre Guam.

Internasjonalt er dei mest kjende for å ha trekt seg frå VM-sluttspelet i 1950. Årsak: Dei fekk ikkje lov til å spele berrføtt, dei måtte ha sko på, og det nekta dei. Det er iallfall det historia fortel. Noko anna sluttspel har dei aldri vore i nærleiken av.

Det er dette Alessandro Del Piero og dei andre lett falma stjernene skal gjere noko med. Dei skal gjere fotball populært i India.

– Ny utfordring

– Dette er ei heilt ny utfordring for meg. Eg håpar og trur denne ligaen skal bli til det gode for landet, seier del Piero. Juventus-legenda blir 40 i november, og har dei to siste åra spelt for Sydney FC i Australia – også det for å vere med på å byggje opp ein proffliga.

– Men der var ligaen etablert før eg kom med. Her skal vi byggje noko nytt frå grunnen av, seier Alessandro Del Piero, som skal spele for hovudstadslaget Delhi Dynamos.

Han seier at det var ønsket om å spele fotball i ulike kulturar som førte han til Australia og seinare India i hans siste fase som fotballspelar.

– Dette blir heilt klart ei slik oppleving. Å gripe nye sjansar er alltid det beste med livet. Det er derfor eg er her no. Etter 19 år på same staden (i Juventus), har eg no på slutten av karrieren gripe sjansen til å prøve noko heilt nytt, seier del Piero.

Ljungberg og Anelka saman igjen

Nicolas Anelka og Fredrik Ljungberg

Saman etter 15 år: I 1999 spela Nicolas Anelka og Fredrik Ljungberg saman i Arsenal, men så skilde dei lag. No skal dei spele i lag igjen i Mumbai

Foto: PAUL SANDERS / AP

Robert Pires ser fram til å spele for sin nye klubb Goa. Det var rådet frå gamlesjefen som fekk han dit.

– Arsene (Wenger) oppmuntra meg til å reise då sjansen baud seg. Ikkje vent, slå til no. Dette treng du, sa han til meg, fortel Pires.

Også på managersida er det henta inn kjende namn. Peter Reid skal vere manager for Mumbai City. Der blir han sjef for Nicolas Anelka og Freddy Ljungberg, som sist spela saman for Arsenal i 1999.

– Dette blir ei ny oppleving og ein stor sjanse til eit steg vidare, seier Reid, som også har vore landslagssjef i Thailand.

Åtte klubbar og kort sesong

12. oktober skal Indian Super League (ISL) starte opp. Åtte klubbar skal vere med i den aller første sesongen med ein profilert profesjonell liga i India.

– Cricket er religion i India, men det skal vi utfordre, seier 41 år gamle Marco Materazzi, som skal vere spelande manager for Club Chennai.

Første sesongen er kort – berre ti veker lang. Alt skal vere ferdig før jul.

Det er Mukesh Ambani, Indias rikaste mann med ei formue på over 150 milliardar kroner, som står bak ligaen. Han har fått hjelp av den ikkje ukjende australske mediemogulen Rupert Murdoch i jobben med å finansiere det dei håpar er etableringa av profesjonell fotball i India.

«Klubbeigarar med store ego»

Men ikkje alle stiller seg heilt positiv til den nye ligaen. Mange er skeptiske til om ligaen verkeleg vil hjelpe fotballen til å slå rot.

– Framtida for I-ligaen (den eksisterande indiske ligaen, journ.anm.) er svært usikker. Det verkar klart at mange av «småfiskane» i I-ligaen har ei uviss framtid, skriv bloggar Bhargab Sarmah i Huffington Post .

Han trur den nye ligaen vil gagne bankkontoane til folk som Murdoch og Ambani mykje meir enn den vil gagne indisk fotball.

– Med ISL-utviding i framtida får India ein liga utan forankring på grasrota, og som skyv I-ligaen til side, skriv Sarmah.

I-ligaen har utsett sesongstarten frå oktober til etter jul på grunn av Superligaen.

Sarmah skriv om kortsiktige klubbleiarar med store ego, og som tenkjer meir på eigen økonomi og status enn på utviklinga av indisk fotball.

U17-VM går i India

Indisk fotball

Dette er eitt av måla med Superligaen: Å skape fotballinteresse og aktivitet blant barn og unge – før cricketen tar dei ...

Foto: STR / Afp

Tanken er at fotballen skal bli stor også i India, stor nok til å kunne utfordre cricket, som har eit enormt overtak på all annan idrett og anna sportsinteresse i India.

Landet har allereie sikra seg arrangementet av U17-VM i 2017 – som også skal hjelpe på fotballinteressa. Der er India alt i ferd med å byggje opp eit lag som skal by konkurrentane skikkeleg motstand.

Cricket er den altoverskyggande idretten i India. Landet er regjerande verdsmeister, og ligaen har blitt ein så stor suksess at den er skulda for å legge lokk over all annan idrett.

«Fotball på steroid»

Dette vil fotballen gjere noko med. Førebuingane har vore i gang i tre år.

– Fram til no har alle indiske fotballag vore som skulelag. Med gode trenarar og meir pengar blir alt betre. Men det vil ta mange år å få laga opp på verdsnivå, seier Indias fotballpresident Praful Patel til The Times.

Han vedgår at måten å gjere det på, ikkje er ei naturleg utvikling.

– Det er som å setje indisk fotball på steroid. Men vi trur det vil hjelpe fotballen på alle nivå i heile landet på sikt. Sjå kva IPL (den profesjonelle cricket-ligaen) har gjort for cricket. Der kjem dei beste hit til landet på grunn av interessa og pengane. Vi håpar det same vil skje med fotballen, seier Patel.

For å avgrense «steroide-verknaden» frå starten, skal maksimalt seks av spelarane på bana til eikvar tid vere utlendingar.

Cricket-legende er klubbeigar

Sachin Tendulkar

Sachin Tendulkar er cricket-legende i India, og dermed eit stort nasjonalt ikon. Han er eigar av klubben Kerala Blasters

Foto: Rafiq Maqbool / Ap

Ein av dei åtte klubbane, Kerala Blasters, er eigd av cricket-legenda Sachin Tendulkar. Der skal Michael Chopra spele. Han har spela for Newcastle, Sunderland, Blackpool, Cardiff og Ipswich, og er av indisk avstamming.

– Eg vil spele i India både for å få ei ny utfordring, og for å hjelpe fram fotballen i India, sa han på ein fotballkonferanse i Manchester nyleg.

Måten å skape fotfeste for fotballen på, er prøvd før, i Kina, Australia, Thailand, Japan – og USA på 70-talet. Det har gitt vekslande suksess.

Veksande middelklasse og Premier League-interesse

Men i India er det no ei veksande middelklasse og ein veksande fotballinteresse blant barn og ungdom. Dessutan er det stadig meir tv-overføringar frå ligafotballen i England, Italia og Spania. Initiativtakarar og investorar meiner dermed at tida er inne for å satse profesjonelt.

Dagens I-liga har lag som stort sett kjem frå to regionar: Goa på vestkysten og området rundt Kolkata (tidlegare Calcutta) i nordaust. Resten av det veldige landet ligg meir eller mindre i fotballskuggen. Men Superliga-klubbane er spreidde over heile landet.

I november skal det indiske fotballforbundet saman med FIFA legge fram ein strategiplan for den vidare utviklinga av fotball og fotballinteresse i det veldige landet.

– Jobben så langt har vore vanskeleg. Vi har mangla både pengar og infrastruktur, og vi har ikkje klart å få fram spelarar som har blitt stjerner og profilar. Men når ISL er oppe og står, vil fotballen bli langt meir synleg, seier generalsekretær Kushai Das i fotballforbundet.

– Tener ikkje pengar på minst fem år

Klubbeigarane veit at dei gjer svært usikre investeringar, og neppe kan rekne med å tene pengar i oversiktleg framtid. Lisenskrava omfattar mellom anna investeringar i arena-fasilitetar og ungdomsakademi.

– Eigarane veit at dei ikkje kan rekne med overskot på iallfall fem år, men dei veit også at potensialet er så enormt at dei må gløyme balansen i rekneskapane på kort sikt, og konsentrere seg om å utvikle fotballen, seier ligadirektør Sunando Dhar.

Med teikn på at den vanlege inder er i ferd med å bli interessert i fotball, trur forbundssekretær Das på ei stor framtid for indisk fotball.

– Indisk fotball kan best skildrast som ein sovande gigant som er i ferd med å vakne . Han er snart klar til å stå opp og erobre verda.

Eller som reklamekampanjen før ligastarten seier det: «C'mon India! Let's football».

Fotball

  • Tonali siktet for ytterligere 50 brudd på gamblingreglene

    Det engelske fotballforbundet (FA) har siktet Newcastle-spiller Sandro Tonali for 50 brudd på Premier Leagues gamblingregler i tidsrommet 12. august til 12. oktober i fjor.

    Det skriver FA i en pressemelding torsdag. Tonali har fram til 5. april på å respondere på siktelsen.

    Newcastle skriver i en melding på egne hjemmesider at de er gjort kjent med siktelsen. De skriver at Tonali har klubbens fulle støtte i etterforskningen. Utover det ønsker verken Newcastle eller Tonali å kommentere saken.

    I oktober i fjor ble italieneren utestengt fra all internasjonal fotball i ti måneder for brudd på gamblingreglene i Italia. Han ble hentet til Premier League fra Milan sommeren 2023.

    FA mener at Tonali satset penger på fotballkamper 50 ganger i perioden fra nettopp Premier League-åpningen og fram til 12. oktober, samme dag som han ble avhørt om regelbruddene fra italiensk fotball.

    Hans foreløpig siste opptreden i Newcastle-drakten kom hjemme mot Borussia Dortmund i Champions League 25. oktober. Da fikk han 25 minutter som innbytter. (NTB)

    Premier League - Newcastle United v Crystal Palace
    Foto: LEE SMITH / Reuters
  • KFUM henter angrepsspiller fra Åsane

    Mame Mor Ndiaye (26) forlater Bergen og Åsane til fordel for nyopprykkede KFUM Oslo, melder BA. Sist sesong gjorde han ni mål i 1. divisjon.

    Ndiaye bekrefter selv til Bergensavisen at overgangen er i boks.

    – Det er vondt å dra fra klubben nå, men det er dette jeg har jobbet for å få til. Ønsket mitt har hele tiden vært å få sjansen i eliteserien, forteller 26-åringen til BA.

    (NTB)

    FOmDNHw_B34
    Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
  • Skadet Hegerberg ute av landslagstroppen

    Norge må starte EM-kvalifiseringen uten stjernespiss Ada Hegerberg (28).

    – Ada ble skadet i en kamp. Det var en takling, et spark. Hun har veldig god framgang, og vi håpet virkelig at hun skulle bli klar til denne samlingen. Hun ønsker virkelig å bli klar. Hun har gjort alt hun kunne, men denne samlingen kommer litt for fort, sier landslagssjef Gemma Grainger til NRK.

    Også kaptein Maren Mjelde (34) er ute av troppen med skade. Verken Hegerberg eller Mjelde har vært i kamptroppene for sine respektive klubblag den siste tiden. Dermed har de blant annet gått glipp av kvartfinalene i mesterligaen, der Hegerbergs Lyon og Mjeldes Chelsea begge har tatt seg videre.

    Norges Fotballforbund presenterte skjærtorsdag uttaket til de kommende EM-kvalifiseringskampene. Norge spiller hjemme mot Finland 5. april og borte mot Nederland fire dager senere.

    – Hovedmålet er så klart å bli blant de to beste i gruppa. Vi ønsker å kvalifisere oss direkte til EM. Målet er også å prestere godt i disse kampene, og for laget å ha en klar identitet i spillet. Jeg ønsker at laget skal bli bedre for hver kamp, sier landslagssjef Gemma Grainger i en pressemelding fra fotballforbundet.

    Synne Jensen, som har scoret mye for Real Sociedad i spansk fotball, er inne i Norges A-tropp for første gang siden 2021. Fortsatt er det ingen Emilie Haavi å se i troppen tross godt spill i Roma.

    Troppen:

    Målvakter: Aurora Mikalsen (Brann), Cecilie Fiskerstrand (LSK Kvinner), Guro Pettersen (Werder Bremen).

    Backer: Tuva Hansen (Bayern München), Guro Bergsvand (Brighton), Thea Bjelde (Vålerenga), Marit Bratberg Lund (Brann), Mathilde Harviken (Rosenborg), Marthine Østenstad (Brann), Emilie Marie Woldvik (LSK Kvinner).

    Midtbanespillere: Ingrid Syrstad Engen (Barcelona), Vilde Bøe Risa (Atlético Madrid), Karina Sævik (Vålerenga), Lisa Naalsund (Manchester U.), Frida Maanum (Arsenal), Justine Kielland (Brann), Guro Reiten (Chelsea), Elisabeth Terland (Brighton), Signe Gaupset (Brann).

    Spisser: Caroline Graham Hansen (Barcelona), Sophie Román Haug (Liverpool), Celin Bizet Ildhusøy (Tottenham), Synne Jensen (Real Sociedad).

    (NTB)

    muQhvzRI73c
    Foto: Carina Johansen / NTB
  • Reitens Chelsea videre i Mesterligaen

    Guro Reiten og hennes Chelsea tok seg komfortabelt videre til Mesterligaens semifinale etter 1-1 hjemme mot Ajax onsdag kveld.

    London-klubben vant 3-0 borte og ledet også 1-0 på Stamford Bridge, men Ajax utlignet etter en drøy time.

    Reiten slo den målgivende pasningen da Chelsea scoret. Hjemmelaget vant ballen høyt og ballen endte hos nordmannen. Reiten tok den med seg noen meter fremover i banen før hun spilte gjennom til Mayra Ramírez som var sikker alene med keeper.

    Chelsea møter vinneren av kampen mellom Brann og Barcelona torsdag.

    Guro Reiten
  • Napolis Jesus skuffet over utfallet av rasismesak

    Italias fotballforbund straffer ikke Inters Francesco Acerbi etter påstander om rasisme. Napolis Juan Jesus kjenner på «bitterhet» over avgjørelsen.

    Det var i Serie A-oppgjøret mellom Napoli og Inter tidligere i måneden at Acerbi skal ha uttrykt seg rasistisk til Jesus.

    Acerbi beklaget etter hendelsen, men benekter å ha kommet med noen rasistiske bemerkninger. Han måtte likevel reise hjem fra landslagssamlingen med Italia mens forbundet etterforsket saken. Tirsdag ble den skrinlagt på grunn av manglende bevis.

    – Selv om jeg respekterer avgjørelsen, har jeg problemer med å forstå den, og jeg kjenner på bitterhet, sier Jesus i en uttalelse Napoli har publisert på sine nettsider.

    – Jeg er skuffet over utfallet av en alvorlig sak som jeg håndterte som en «gentleman», for å unngå å stoppe en viktig kamp. Jeg frykter at denne avgjørelsen vil sette et uheldig eksempel som rettferdiggjør en viss type oppførsel.

    Acerbi risikerte å bli utestengt i opp mot ti Serie A-kamper og deler av sommerens EM hvis han hadde blitt kjent skyldig.

    – Jeg har vært profesjonell i 20 år, og jeg vet hva jeg sier. Det kom ikke den typen ord ut av munnen min, det var han som misforsto, sa Acerbi like etter kampen.(NTB)

    Juan Jesus
    Foto: AP
Guro Reiten
Champions League - Round of 16 - Second Leg - Borussia Dortmund v PSV Eindhoven
Terland