– Eg trur ikkje folk forstår kor mykje som ligg bak. Dei trur klubbnamna blir lagt i hatten, nærmast som ei trekning, seier terminlisteansvarleg Paul Snellgrove i Premier League til
.Han mener det er svært vanskeleg å forklare alle omsyna som skal ivaretakast før ei terminliste kan godkjennast.
Begynte for fire år sidan
Rammene for årets Premier League-liste vart lagt allereie for fire år sidan. Då kom FIFA og UEFA med sine internasjonale datoar for sesongen 2013-14.
Deretter gjekk prosessen meir og meir inn i detaljane, som det er uendeleg mange av. Ikkje minst fordi det heile også skal samkøyrast med The Football League, som skal ha si terminliste klar samtidig.
Skisse i november
På eit tidleg stadium skal derfor både Premier League, Ligaen, fotballforbundet og supporterklubbane legge fram sine krav og ønskjemål. Alt dette før den aller første skissa blir lagt fram i november. Då er det framleis langt att før ein veit kva klubbar som skal spele i PL neste sesong.
Dei fleste veit nok at naboklubbar ikkje kan ha heimekampar i same runden. I Manchester kan ikkje City og United ha heimekampar samtidig, det same gjeld Everton og Liverpool, Arsenal og Tottenham, Chelsea og Fulham, og andre nære grannar.
Det går greitt for klubbar i same divisjon, men det gjeld også naboklubbar i ulike divisjonar. Som United og Wednesday i Sheffield, Forest og County i Nottingham, og Rovers og City i Bristol. Det er mange omsyn å ta.
- Ei flytting får mange konskvensar
– Når vi må gjere ei endring, får det oftast konsekvensar for mange kampar. Det er eit puslespel, seier Snellgrove.
Og interne PL-reglar set ytterlegare krav: I løpet av fem rundar skal ingen ha meir enn tre heimekampar eller tre bortekampar. I dei to første og dei to siste rundane skal alle lag ha ein heime- og ein bortekamp. Og alle lag som spelar borte på "Boxing Day"-runden 2. juledag, skal ha heimekamp 1. nyttårsdag.
Ja til gåseutstilling, nei til 59-årsdag
I tillegg til alt dette, har klubbane sine spesifikke ønskje. Utkastet frå november er oppjustert i februar/mars. Deretter blir det sendt ut til klubbane som kan kome med sine kommentarar og innvendingar.
– Det er veldig sjeldan vi får blanke ark tilbake. Alle har sine spesielle ønskje, seier Snellgrove.
Nokon blir tatt omsyn til, andre ikkje. For den komande sesongen har kampoppsettet tatt omsyn til ein blomsterfestival i Shrewsbury og ei gåseutstilling i Nottingham. Men Birminghams ønskje om heimekamp 19. april for å markere Trevor Francis sin 59-årsdag vart avslått.
Når alt dette er innfridd, er vel alt klart for å spikre terminlista? Nei, slett ikkje.
Strenge krav frå politiet
For ein del av puslespelet gjenstår, og det kan ofte vere den vanskelgaste. For politiet har også sitt å seie.
Dei er inne i prosessen på eit tidlig tidspunkt, og dei har makt til å setje foten ned. Utan politi blir det ingen kamp, og politiet vil også ha kontroll på at ikkje tilreisande supporterar kjem ut av kontroll. Det må dei klare innanfor dei ressursane dei har.
For eksempel har politiet i Greater Manchester åtte ligaklubbar innan sitt distrikt. Fire av desse skal ha heimekampar kvar runde, og det er ei stor utfordring kvar einaste helg.
- Politiet tillet heller ikkje høgrisikokampar medan det er landsmøte i dei store politiske partia eller Gay Pride i London.
- Dei passar på at ikkje to store kampar går slik at det kjem store mengder supporterar inn til dei same jernbanestasjonane i London samstundes.
- Eller at det blir stor trafikk til meir enn ein kamp på dei same gatene og undergrunns-strekningane.
Det betyr at om det ikkje let seg løyse på annan måte, flytter ofte politiet ein kamp til fredag eller søndag.
27. mai var det heilt klart kven som skal spele i Premier League og dei andre divisjonane neste sesong. Då kunne alle partar endeleg begynne å legge siste hand på verket. I helga var alt klar.