Tippeliga-analyse av Jan Åge Fjørtoft
Vidar Riseth har fått oppslag i media på at han likte lite denne taktikken. Eg meiner at ein skal vere forsiktig med denne type kritikk.
Det er som Pippi Langstrømpe seier det: Dei sterkaste må også vere dei snillaste. Det er lett å rose lag som satsar offensivt etter at du har sendt dei heim med 5–0 i sekken. Sunnmøringane gjorde det dei meinte var beste sjansen dei hadde til å få med seg poeng, og hadde det ikkje vore for eit ”flakse–mål”, hadde Nordmark blitt geniforklart.
Ingen heiderlege tap
Men generelt er for få norske trenarar opptekne av å forandre strategi under kamp. Står det 0–1 og eit kvarter att, er ein sjølvsagt forplikta til å gjere noko. Heiderlege tap eksisterar ikkje i boka mi.
Lillestrøm har også hamna i same myra som i byrjinga av sist sesong. Med Rössler ute er sjølvsagt laget svekka. Men det kan heller ikkje brukast som unnskyldning for generelt svakt spel.
I augeblikket fungerar det ikkje bakover heller. Defensivt er LSK tradisjonsrikt alltid gode, men i kampane mot Molde og sist mot Bryne har det ikkje sett bra ut. Petter Belsvik har hatt ei stor karriere i Noreg, men det er klart at å hente underteikna i fjor og Petter i år ikkje vil løyse så mange problem.
Men i den situasjonen trener Erlandsen er i nå, er det den beste løysninga som var muleg. Eg trenar med laget eit par gongar i veka, og Belsviken vil nok bli pigg han. Sjølv om han slit med høgreback Fjørtoft!!
- Odd satsar meir på unge spelarar, sa trenar Sandstø etter den sterke bortesigeren mot Tromsø. Og i same intervju sende kan nokre kommentarar til eldrebølga på Lillestrøm.
Eg har sansen for den vesle disputten som stadig dukkar opp mellom Odd-trenaren og Arne Erlandsen. Det er med på å gjere fotballdebatten meir levande og ikkje så kjedeleg.
Årets mål
Lyn–spelar Sokolowsky har allereie meldt seg på i kampen om årets mål. Utlikninga mot Molde var ein skikkeleg lekkerbisken. At han ikkje er gamle karen lovar godt for Lyn. Dei treng litt ungdommeleg frekkheit til å ruske opp i dei meir etablerte.
Det er heller ikkje lett å vere Brann–trenar Mons Ivar Mjelde. No var det Viking sin tur til å kose seg på Brann – stadion. Ein har ganske enkelt ikkje råd til å sløse slik med sjansane som Brann gjer, etterkvart blir dette teikn på udyktigheit. Det er same problemet som Stabæk har, sjølv om Tryggvi Gudmundsson normalt scorar når han har sjansen.
Imponerande Nevland
Eg lar meg imponere av Erik Nevland. Målet han scorar mot Brann er glimrande. Så frekk skal ein spiss vere.
Og kan vi unngå å vere imponert over Sogndal-laget? Utan respekt leiar dei 3–0 på Ullevål. At Vålerenga kjem attende og utliknar, tek ikkje vekk glansen av sogningane.
Kjetil Rekdal & co liknar for augeblikket på eit "midt på treet"-lag. Sjølv om forsvarsspel som i denne kampen, ikkje rekk opp til rota ein gong.