Si din mening til Jan Åge Fjørtoft
Kva har han gjort med laget som redda seg med eit naudskrik sist sesong? Eg trur det handlar om det sterke defensive fundamentet Per Mathias og Otto Ulseth har skapt, som gjer at laget sine mange potensielle matchvinnarar skin meir enn sist sesong.
Årst og Gamst er to av spillerne som utgjør en god offensiv drivkraft i Tromsø, mener Jan Åge. (Foto: Erlend Aas/Scanpix)
Og la det vere sagt, ein matchvinnar er ikkje berre han som skårar det avgjerande målet. Såg de den fantastiske pasninga Lars Iver Strand spela til Årst då han skåra 1-0-målet?
Saman med Gamst Pedersen og Årst utgjer Lars Iver ei sterk offensiv kraft. Det er også inspirerande for dei andre spelarane i Tromsø å sjå kva Gamst Pedersen har oppnådd denne våren. Kanskje Lars Ivar følgjer etter snart?
Eg trur TIL er i toppen for å bli – kanskje ikkje heilt på topp, men medalje kan det bli på Gutan.
Kamma
Å utfordre Rosenborg ein sesong betyr som oftast problem for dette laget neste sesong. Slik også med Glimt, men eg vil skrive litt om Ham-Kam. Ståle Solbakken har sett saman eit lag som enno ikkje har tapt i årets Tippeliga. Imponerande.
Vi skal ikkje gløyme at Kamma faktisk noko overraskande rykka opp til vår øvste liga sist sesong. Dei ser ut til å klare overgongen bra.
Ståle har fått kritikk for å vere for defensivt innstilt i forhold til spelestil. Men du vil alltid ynskje å gjere det maksimale ut av det materialet du har. Det gjer Ståle, og i kampen mot Glimt var det Ståle & Co som stod for underhaldninga.
Grattis Viking!
Eg likar meg godt i Stavanger. Og denne gongen spesielt. Blå himmel – ein ny fantastisk stadion, og Viking-mål. Eit førebilete for heile fotball-Noreg har dette prosjektet i Stavanger blitt.
Og laget: For godt for botnen – for dårleg for toppen.