Hopp til innhold

– Vi har meir av alt. Fans i byen, titlar og hooligans

MANCHESTER (NRK.no): Like før serieslutt er Manchesters evige fotballspørsmål om kva lag som har flest fans i byen blitt høgaktuelt. – Nokon burde undersøke dette skikkeleg på nytt, meiner forskar.

Unitedcity

Manchesters City-fans har alltid vore skråsikker på at dei har flest fans i byen. Det har aldri fotballhovudstadens United-supporterar funne seg i.

Hans Henrik Løken i Manchester

City-fan

På ein loslitt pub i Manchester sit City-blodfan Alan Potter. Han verkar meir sikker på at City-fansen er flest i byen enn at dei lyseblå allereie har sikra seriegullet i England.

Foto: Hans Henrik Løken / NRK
Giggs

Ryan Giggs viser fram Premier League-troféet til hordar av United-fans. Dette året ligg alt an til at han kjem heim til ein blåfarga by etter at United har spelt siste seriekamp i Sunderland.

Foto: NIGEL RODDIS / Reuters
Ferguson

Ein City-fan med stikk til Uniteds manager, Alex Ferguson, etter FA-cuptriumfen i 2011. Snart vil same mann truleg juble for eit endå større trofé.

Foto: PAUL ELLIS / Afp
– Det blir heilt enormt om vi tar ligatittelen. For mange vil det bli den største dagen i livene deira, seier City-fanatikaren Alan Potter, og ser lengselsfullt ut i rommet på stampuben Mother Macs i Manchester sentrum.

Etter år med raud Manchester-feiring over Premier League-pokalar, meisterligatrofé og diverse cuptitlar han klar for at byen hans skal eksplodere i blått.

Med siger mot Queens Park Rangers sundag kan nemleg Potters kjære Manchester City røve sitt første Premier League-trofé frå byrivalen sidan 1968, og fansen storme bygatene dei lenge har påstått at dei er flest i.

Og i den samanhengen dukkar den evige bykonflikten opp: Stemmer det eigentleg at det bur fleire City-fans enn United-supporterar innanfor bygrensene?

– Ingen tvil. Det som seier noko anna veit ikkje kva dei snakkar om, meiner Potter, som har følgd den rivande utviklinga i fotballbyen sidan slutten av 50-talet.

Prøvde å avlive myten

Dei raude har kanskje verdas største fanskare til å byte på å stadig fylle heimebanen Old Trafford, som ligg utanfor bygrensa, men City-fansen verkar ikkje til å ville gje seg på byen stort sett er lyseblå.

Likevel ser påstanden ut til å bli slått brutalt ned av både fakta og synsing frå fotballfagfolk.

Sist for to veker sidan, då Manchester Evening News publiserte ei undersøking som skulle avdekke kor dei ulike supporterane budde.

Avisa hadde då fått publikum til å melde inn kven dei støtta, og kva adresse dei hadde. Nokre tusen tok del i undersøkinga.

Og slik ein tolkar avisas raude og blå bykart, er United-fansen mykje sterkare representert enn dei som elskar hatklubben City.

– 80/20 fordeling i favør United

FourFourTwo-journalist og United-tilhengjar Andy Mitten er definitivt med på slå ned City-fansens hovering når desse tala blir tema.

– Det dei blå seier er nonsens. Det er mange fleire United-fans. Eg vil tru det er ein 80/20-fordeling i favør United over heile byen, seier Mitten, som for helga har droppa å opphalde seg i Manchester, og reist til sin andre heim i Barcelona.

– Vi har rett og slett meir av alt. Fleire fans i byen, høgare tilskodarsnitt, fleire titlar og til og med fleire hooligans, legg han til, og forklarar med dette eksempelet:

– Du kan bare sjå på då vi tok heim Champions League-troféet i 1999. Over 200 000 menneske kom for å sjå trofeet. Dei reiste ikkje langvegsfrå for å sjå på klubben vise fram ein pokal frå ein buss i Manchesters gater. Dei var frå denne byen, seier Mitten.

Media jagar etter svaret

Adam Brown

Forskar Adam Brown var truleg den første som gjorde ei skikkeleg undersøking på myten om at det bur flest City-fans i Manchester.

Like sikker er ikkje mannen som har forska på det betente temaet.

I 2002 valde fotballinteresserte Adam Brown ved Manchester Metropolitan University å gjennomføre ei omfattande undersøking for å finne ut kven som hadde mest sesongkorthaldarar innanfor bygrensene.

– Vi gjekk ut frå at jo større mengd sesongkorthaldarar klubbane hadde, jo fleire supporterklubb-medlemmar og fans hadde dei. Undersøkinga viste at United-fansen er flest i byen, seier Brown.

NRK.no møter han på jobb i forskingsfirmaet Substance i Hilton street, ti år etter at undersøkinga starta.

Han fortel at han dette året stadig vekk har blitt kontakta av aviser om temaet, og har måtta børste støvet av sin gamle forskingsrapport.

– Eg blir heimsøkt av fortida, spøkjer den imøtekommande engelskmannen.

Til media fortel han at han er bombesikker på at fordelinga raude og blå i byen har endra seg, men anar ikkje til kva.

– Sidan då har nok dette endra seg drastisk. Den gangen hadde City-fans rundt 16 000 sesongkorthaldarar. Det må minst vere det doble no.

– Men det blir alt for vanskeleg å seie noko om korleis fordelinga er i dag, seier Brown, som meiner at Manchester Evening News si undersøking ikkje er særleg vitskapleg.

Brown: – Klubbande har endra seg radikalt

Og nettopp det at byrivalane har endra gjør at Brown sitrar etter å sjå nokon gjøre ei slik undersøking på ny.

– Då vi gjorde dette intervjua vi både City- og United-fans. Det interessante var at City-fansen påpeikte at dei var den ekte Manchester-klubben, mykje fordi dei ikkje hadde seld sjela si eller blitt kommersialisert. United-fansen applauderte klubbens kommersielle suksess, men ville ha ein sterkare byidentitet, seier Brown engasjert over rapportane han sit med.

– No er klubbane blitt endra ganske radikalt. Manchester City har byta stadion, og plutseleg blitt verdas rikaste klubb med stort stjernelag. Manchester United har på si side stor gjeld.

Han meiner det er spanande å sjå nærare på korleis desse situasjonane, saman med tilflytting og fråflytting, kan ha endra fotballbiletet i storbyen.

Les meir under biletet.

Manchester United

Manchester United-fansen møtte mannsterkt opp då klubben tok sit 19. ligagull i fjor.

Foto: SCOTT HEPPELL / Ap

– City vil vekse seg større, men United vil alltid vere størst

Men uansett om City-fansen er fleire eller færre: Klubben er uansett på god veg mot sitt første ligatrofé på 44 år, og vil garantert skape furore innanfor bygrensene om dei går vinnande ut av siste serierunde.

City-blodfan Potter har allereie begynt å sjå forbi den potensielle feiringa, og håpar byen skal kunne markere større blå bragder allereie neste sesong.

– Min største drøm er om fansen i denne byen, kor vi er fleire enn United-fansen, får oppleve eit meisterligatrofé, seier ein emosjonell Potter.

Det verkar også uvisst kor langt City-suksessen kan gå. Mykje tyder på at stjernegalleriet går ei lys tid i møte.

Likevel er journalisten Andy Mitten sikker på at Manchester United vil vere størst både innanfor og utanfor Manchester i overskodeleg framtid.

– Folkets tilknyting til Manchester United vil gå i arv i generasjonar. Manchester vil alltid vere størst i og utanfor byen. Men City-skaren vil vekse seg større, dei også, meiner han.

Fotball

  • Wrexham skylder kjendiseierne over hundre millioner

    League Two-klubben Wrexham, som eies av skuespillerne Ryan Reynolds og Rob McElhenney, skylder eierne rundt 9 millioner pund, opplyser klubben. Det tilsvarer drøyt 120 millioner kroner.

    Klubben holder til i Wales og ble kjøpt av skuespillerduoen i 2021. Siden fulgte en sportslig opptur, og laget blir fulgt i den Emmy-vinnende dokumentarserien «Welcome to Wrexham».

    Laget tapte semifinalen i opprykkskvalifiseringen i sesongen 2021/22, men rykket opp til League Two året etter. I skrivende stund ligger Wrexham på tredjeplass, med gode muligheter for å nå minst kvalifisering til League One, tredje nivå i engelsk fotball.

    Torsdag la klubben fram regnskapet for budsjettåret som sluttet i juni 2023. Der går det fram at klubbens omsetning har økt med 75 prosent til rundt 10,5 millioner pund fra 6 millioner pund, men at underskuddet samtidig vokste fra 2,9 millioner til 5,1 millioner pund.

    – Klubben er ikke under noe umiddelbart press for å tilbakebetale lånene på bekostning av framgangen vi ønsker å oppnå, skriver klubben.

    Videre opplyses det at det vil hentes inn ytterligere midler for å støtte opp om framtidige prosjekter.

    (NTB)

    QxUVtmMA_7A
    Foto: AP
  • Medier: Liverpool gir opp Alonso-jakten

    Både The Times og The Telegraph skriver torsdag kveld at Xabi Alonso neppe blir Liverpool-manager når Jürgen Klopp gir seg i sommer.

    Den nåværende Bayer Leverkusen-treneren skal nemlig ønske å bli i den tyske klubben etter sesongen.

    Alonso er i ferd med å lede Leverkusen til klubbens første seriemesterskap. Med åtte kamper igjen av Bundesliga, leder de med ti poeng ned til Bayern München.

    Begge avisene skriver at det er to navn som skiller seg ut for Liverpool når Klopp går av etter ni år i jobben. De er Brighton-manager Roberto de Zerbi og Sportings Ruben Amorim.

    Xabi Alonso
    Foto: Thilo Schmuelgen / Reuters
  • Leicester sparket treneren – skal ha hatt forhold til spiller

    Leicesters kvinnelagstrener Willie Kirk har mistet jobben. Ifølge engelske medier skal grunnen være et forhold til en av klubbens spillere.

    Leicester bekrefter sparkingen på sine nettsider torsdag kveld.

    «Etter en grundig intern disiplinær prosess, har det blitt avdekket at Willie har brutt lagets etiske retningslinjer», heter det i uttalelsen.

    The Guardian og The Athletic melder at Kirk skal ha hatt et forhold til en spiller. Kirk ble suspendert tidligere i mars da klubben skulle etterforske påstandene, og nå har de kommet til den konklusjon at Kirk må gå.

    Kirk ble direktør i klubben i juli 2022 og tok noen måneder senere over treneransvaret.

    Assistenttrener Jennifer Foster og førstelagstrener Stephen Kirby får det midlertidige ansvaret for klubben som er nummer ni i den engelske toppdivisjonen. (NTB)

    Willie Kirk
    Foto: ANDREW BOYERS / Reuters
  • Tonali siktet for ytterligere 50 brudd på gamblingreglene

    Det engelske fotballforbundet (FA) har siktet Newcastle-spiller Sandro Tonali for 50 brudd på Premier Leagues gamblingregler i tidsrommet 12. august til 12. oktober i fjor.

    Det skriver FA i en pressemelding torsdag. Tonali har fram til 5. april på å respondere på siktelsen.

    Newcastle skriver i en melding på egne hjemmesider at de er gjort kjent med siktelsen. De skriver at Tonali har klubbens fulle støtte i etterforskningen. Utover det ønsker verken Newcastle eller Tonali å kommentere saken.

    I oktober i fjor ble italieneren utestengt fra all internasjonal fotball i ti måneder for brudd på gamblingreglene i Italia. Han ble hentet til Premier League fra Milan sommeren 2023.

    FA mener at Tonali satset penger på fotballkamper 50 ganger i perioden fra nettopp Premier League-åpningen og fram til 12. oktober, samme dag som han ble avhørt om regelbruddene fra italiensk fotball.

    Hans foreløpig siste opptreden i Newcastle-drakten kom hjemme mot Borussia Dortmund i Champions League 25. oktober. Da fikk han 25 minutter som innbytter. (NTB)

    Premier League - Newcastle United v Crystal Palace
    Foto: LEE SMITH / Reuters
  • KFUM henter angrepsspiller fra Åsane

    Mame Mor Ndiaye (26) forlater Bergen og Åsane til fordel for nyopprykkede KFUM Oslo, melder BA. Sist sesong gjorde han ni mål i 1. divisjon.

    Ndiaye bekrefter selv til Bergensavisen at overgangen er i boks.

    – Det er vondt å dra fra klubben nå, men det er dette jeg har jobbet for å få til. Ønsket mitt har hele tiden vært å få sjansen i eliteserien, forteller 26-åringen til BA.

    (NTB)

    FOmDNHw_B34
    Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
Guro Reiten
Champions League - Round of 16 - Second Leg - Borussia Dortmund v PSV Eindhoven
Terland