– Håkon Opdal er ein liten matchvinnar for oss i dag, seier Start-trenar Mons Ivar Mjelde til Cmore.
Sisteskansen varta opp med den eine klasseredninga etter den andre og fekk skryt av Hønefoss-trenar Leif Gunnar Smerud.
Hønefoss-trenar: – Opdal var fantastisk
– Eg tykkjer vi er det førande laget, men vi tapar på grunn av ein fantastisk Opdal i mål. Vi styrer kampen, men klarer ikkje å overliste han, seier Smerud til Cmore.
Hønefoss-trenaren har all grunn til å føle seg snytt. For laget spelte seg til ei rekkje sjansar, men fekk aldri ballen i mål.
Nærast var Riki Risku i første omgang, som skaut i stolpen 21 minutt ut i kampen.
I staden var det Start som fekk utteljing. På eit hjørnespark datt ballen ned i beina til den finske veteranen Markus Heikkinen. Finnen drog til frå ti meter og sende kristiansandsklubben i leiinga fem minutt ut i andre omgang.
Straffesituasjon
Hønefoss kjempa godt og prøvde å slå tilbake, men klarte aldri å overliste Opdal i Start-målet.
På overtid gjekk Riki Risku i bakken, men dommar Tom Harald Hagen vinka spelet vidare.
– For meg ser det ut som straffe, men dommaren dømmer og vi får håpe han har rett, seier Smerud.
– Det er ingen enkle kampar i eliteserien, og spesielt ikkje på bortebane. Eg er veldig nøgd med moralen i laget, eit fantastisk mål av Markus og Opdal i mål, sa Mjelde til Cmore rett etter kampslutt.
Det betyr at sørlendingane har sikra seg ei luke på fem poeng ned til nedrykksplass. Laget ligg framleis på kvalifiseringsplass.
Hønefoss ligg nest sist med fem poeng opp til kvalifisering.