– Eg merkar at eg har ein betre følelse når eg får spele kvar helg, seier Even Hovland til NRK.
Fredag kveld startar han sin tredje seriekamp på rad for Nürnberg i 2. Bundesliga, heime mot Union Berlin.
Det er godt nytt for landslagssjef Per-Mathias Høgmo.
– Det er frustrerande
Even Hovland var god på det norske landslaget i fjor haust i tospann med Vegard Forren.
Med sogningen i midtforsvaret blei det null mål bakover i fire EM-kvalikkampar på rad.
Til slutt kom tapet i kampen om gruppesigeren i Roma.
2-1-nederlaget mot Italia sendte Norge til playoff mot Ungarn. Men nasjonen kom aldri til EM-sluttspelet etter fiaskoen i Budapest.
Men sjølv om sogningen har behalde landslagsplassen, og spelt samtlege kampar for Norge i 2016, har han knapt spelt seriekampar for Nürnberg.
– Det er ikkje noko kjekt. Du har lyst til å spele fotball, og det er difor eg er her. Du gjev alt når du får moglegheita, og det er frustrerande når du ikkje får spele, seier Hovland.
Samtidig vedgår Hovland at benkeslitinga har gått utover landslaget.
– Det har ikkje vore godt nok. Eg har vore god på trening, men kampforma har ikkje vore hundre prosent. Skal du vere på topp i landskampar, må du spele kampar i kvardagen også, seier Hovland.
For mange blunderar
Skader i Nürnberg-troppen har gjeve Hovland ein etterlengta sjanse.
Førre helg kom også sesongens første siger. Med 27-åringen i midtforsvaret blei det 3-1-triumf borte mot Arminia Bielefeld.
Også NRKs fotballekspert Karl-Petter Løken meiner Hovland har vore under pari for Norge i dei siste kampane.
– I treningskampen mot Hviterussland meiner eg 1-0-målet er litt hans feil. Der er han feilplassert og ikkje vaken nok, seier Løken og held fram:
– På høgt internasjonalt nivå må du vere årvaken og påpasseleg, og der har vi vore for dårlege. Det har vore for mange blunderar i den bakre firaren, seier Løken om Norge som har sleppt inn 12 mål på 7 kampar i 2016.
Løken håpar trenden kan snu med ein Hovland tilbake i startoppstillinga for Nürnberg.
– Det er veldig viktig. Vi treng alle dei som spelar fast. Og forsvarspelet har vore ein «akilleshæl» i lang tid. Det har blitt sleppt inn for mange - og for enkle mål, seier Løken.
For no er Hovland klar til å gripe sjansen igjen i Tyskland.
– Du må vere klar når moglegheita kjem. Eg må vere tålmodig og gjere dei rette tinga slik at eg fortsatt får spele vidare, sjølv om dei andre kjem tilbake frå skade, seier Even Hovland.