Si din mening til Jan Åge Fjørtoft
Jan Gunnar Solli ble kjøpt til Rosenborg i fjor sommer, men sliter med å få spilletid. (Foto: Cornelius Poppe / SCANPIX)
I min familie spelar vi alltid Monopol i jula. Sirleg har vi opp gjennom skreve namna på dei ymse vinnarane bak på eit gamalt brett.
Sjølv om bror min, Geir, ofte protesterar, er eg den som oftast har vunne. Og dei gongane eg har vore i ferd med å tape, har eg freista å innføre nye mulegheiter slik at eg igjen kunne vinne.
Eit år innførte eg som storebror mulegheiten til å ta opp lån frå banken, etter store protestar få yngre slektningar, fekk eg det gjennom. Lånte stort, kjøpte opp dei andre og vann spelet.
Storebror RBK
Storebror – Rosenborg treng ikkje lån i banken, dei har nok pengar på bok til å kjøpe den dei vil.
Og la det vere sagt med ein gong, det er legitimt at klubben ynskjer det, pengane har dei tent på ærleg vis gjennom innsatsen i Meisterligaen.
Men dei MÅ slutte med å pakke inn motiva for desse kjøpa i edle motiver og pådyssande fraser om pengar som blir i Noreg og kollektive klisjear.
RBK kjøper norske spelarar fordi dei vil vinne den norske ligaen og gjennom den makta dei har kan dei også svekke motstandarane ved å kjøpe dei beste spelarane utfordrarane har.
Slik bestemmer storebror. Slik kan Rosenborg vinne ligaen i enno nokre år. Dei vel å kjøpe etablerte spelarar utvikla i dei respektive klubbane, for i Rosenborg har dei ikkje dei seinaste åra vore flinke til å utvikle unge spelarar.
Dei har vore gode til å utvikle gode spelarar til veldig gode spelarar, men å utvikle unggutar har dei ikkje gjort eller klart.
I tillegg til dette hentar dei tilbake tidlegare Rosenborg – spelarar som slit i ein eller annen utanlandsk- klubb.
Der saknar dei samhandling og tryggleiken på brakka. Glimrande for Tippeligaene at vi får attende desse profilane, men særleg oppfinnsamt er det vel ikkje frå lokomotivet i norsk fotball.
Blitt sløve
Har Rosenborg blitt sløve? Har dei gløymt å bygge opp eit godt system for å fange opp talent i inn - og utland? Eg trur svaret er ja.
Som storebror blei eg irritert når dei vesle slektningane mine yppa seg.
Tenk om norsk fotball hadde klart å motstå presset frå storebror og kreditorar! Tenk om klubbane ikkje måtte selje!
Tenk det, da!