Hopp til innhold

Hoseth dagens mann då «superfinalen» blei sikra

Lillestrøm hadde éin fot i cupfinalen, men på overtid i andre omgang skrudde superveteranen med silkefoten inn si andre scoring. Kampen gjekk til straffekonk, der Molde-keeperen avgjorde.

Magne Hoseth

Magne Hoseth utlikna til 1–1 i første omgang, før han utlikna til 2–2 på overtid i andre omgang.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Nyland

Ørjan Håskjold Nyland blei cupmeister med Hødd i 2012. No kan han bli cupmeister to år på rad!

Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix

– Det er 11 månader sidan Demps (Mark Dempsey) og Rich (Richard Hartis) opplevde Tromsø mot Hødd, og dei prata sjølvsagt om han Ørjan (Håskjold Nyland), sa Molde-manager Ole Gunnar Solskjær til NRK etter kampen.

For 11 månader sidan spelte nemleg Tromsø og Hødd cupfinale, og Ørjan Håskjold Nyland blei den store helten i den historiske Hødd-sigeren.

– Vi sa at det her skal vi oppleve neste år, og no er vi her – mykje på grunn av Ørjan. Det er ein laginnsats, men Ørjan blir helten saman med Magne (Hoseth).

Solskjær og Molde henta den dåverande Hødd-keeperen etter 2012-sesongen.

Straffehelt på ny

Det stod 2–2 til full tid, og laga følgde kvarandre heilt fram til 6–6 i straffesparkkonkurransen. Etzaz Hussain banka inn 6–7 for Molde, og Thomas Piermayr skulle fram for å kvittere.

Austerrikaren sette ballen hardt mot venstre, men ein Molde-keeper i full strekk hindra 7–7. Ørjan Håskjold Nyland blei den store helten i 2012, og no sikra han seg sjølv og Molde sjansen til cupgull i 2013.

Det blir ein verkeleg «superfinale», for Rosenborg er allereie klare for cupfinalen etter 2-1-siger over Haugesund onsdag.

Det har blitt mange minneverdige oppgjer mellom erkerivalane Rosenborg og Molde gjennom åra, men:

I cupfinale har laga aldri møttest, og 24. november blir det heitt i Oslo og på Ullevaal.

I NM har RBK vunne ni gonger, medan Molde står med to cupgull.

Sjå scoringane frå ordinær tid nedst i saka. Straffesparkkonkurransen kan sjåast i videoen under:

Det måtte straffesparkkonkurranse til for at Molde kunne slå Lillestrøm i torsdagens semifinale. Og Moldes keeper Ørjan Nyland ble den store helten.

Ørjan Håskjold Nyland avgjorde då kampen gjekk til straffer.

Altoppofrande Hovland sikra 0–0

«Superfinalen» blei sikra då Molde var sterkast på Åråsen.

Kampen opna forrykande, og heilt i starten var trykket størst mot Molde-målet. Lillestrøm gjekk ut aggressivt, og etter åtte minutt var heimelaget centimeter frå 1–0.

LSK angreip fint, og ving Erling Knudtzon kom åleine med keeper Ørjan Håskjold Nyland. Knudtzon avslutta frekt med ein lobb, og berre ein altoppofrande Even Hovland hindra scoring med redning på strek.

Kampen sette seg litt meir når 10 minutt var gått, der Lillestrøm låg lågt og gjekk for kontringar, medan Molde trilla ball og leita etter rom.

Saka held fram under bildet.

Palmi Rafn Palmason

Her tuppar Palmi Rafn Palmason 1–0 i mål for Lillestrøm.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB Scanpix
Magne Hoseth

Magne Hoseth i eit djupt jubelbrøl etter at 1–1 var eit faktum. Veteranen storspelte for dei blå og kvite.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Gav svar på tiltale

Nokre halvsjansar kom, men det gjekk ein halvtime før det tok av på Åråsen.

Elegant pasningsspel frå Lillestrøm enda med at Petter Vaagen Moen spelte Palmi Rafn Palmason åleine gjennom. Åleine med Håskjold Nyland gjorde islendingen alt rett, og banka 1–0 i nettaket.

Ikkje ufortent, men etter scoringa vakna bortelaget. Berre tre minutt seinare var laga likt igjen – delvis takka vere LSK-keeper Kenneth Udjus.

Magne Hoseth har ein glimrande skotfot, men då han banka til frå 35 meter verka det ikkje som 1–1 skulle ende i nettet. Ballen trefte midt på Udjus, men keeperen tabba seg ut og Hoseth-skotet gjekk via keeperen og i mål.

Siste del av første omgang blei prega av Molde og Hoseth, men etter 45 minutt var laga like langt.

– Vi møter eit sterkt Molde-lag. Det er ein jamn kamp og ein jamn cupsemifinale med høg intensitet, konkluderte Lillestrøm-trenar Magnus Haglund i prat med NRK i pausen.

Saka held fram under bildet.

Anders Østli

Her jublar Lillestrøm etter at Anders Østli har heada inn 2–1 for Lillestrøm. Midtstopparen såg lenge ut til å bli matchvinnar.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Nikka Åråsen til himmels

Molde ramla eit hakk eller etter pause, medan Lillestrøm på ny gjekk ut i hundre. Etter 56 minutt kom 2–1.

Lillestrøm hadde fått frispark på høgresida, og Bjørn Helge Riise svinga inn. I Molde sin 16-meter var 30 år gamle Anders Østli størst, og med eit velplassert nikk låg 2–1 i Molde-buret.

Molde trengde scoring, men utover i omgangen var det LSK som stod for sjansane. Både Frode Kippe og innbytar Thorstein Helstad var nære ved å punktere kampen.

Sjølv om 3–1 aldri kom, gjekk det mot cupfinale for Lillestrøm. Magne Hoseth ville det annleis.

Magne Hoseth

Magne Hoseth scora to for Molde i ordinær tid.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

– Fantastisk scoring!

Men like før 2–2 blei Molde snytt for 2–2 – igjen med LSK-keeper Udjus i fokus.

Keeperen kom ut for å plukke ein Molde-corner, men mista ballen. Udjus heiv seg etter ballen igjen, men ein Molde-fot var først på. Ballen enda i føtene på innbytar Etzaz Hussain, som enkelt sette 2–2 i mål. Scoringa blei derimot annullert, og Lillestrøm fekk frispark – angrep på keeper.

– Ingenting, ingenting. Feil dommaravgjersle!, konkluderte NRK-kommentator Tom Nordlie.

Molde var frustrerte, men berre minuttet seinare låg ballen i mål.

Bortelaget angreip fint, og like utanfor 16-meteren la Mats Møller Dæhli ballen tilbake til Hoseth. Molde-veteranen fekk tid til å sikte, og med feil fot skrudde 32-åringen frå Averøya ballen i mål.

– Fantastisk scoring, heilt oppe i vinkelen!, kommenterte Arne Scheie.

Ørjan Håskjold Nyland

Ekstatiske lagkameratar stormar mot Ørjan Håskjold Nyland. Molde-keeperen redda den avgjerande straffa i semifinalen.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Hektiske ekstraomgangar

Den vakre Hoseth-scoringa sikra ekstraomgangar, og allereie slitne spelarar måtte psyke seg opp til ein ny halvtime.

Molde var vassast i første ekstraomgang, og både Per-Egil Flo og Daniel Chima Chukwu var nær scoring.

I andre ekstraomgang stod Lillestrøm for sjansane. Først i det 118. minutt ved Thorstein Helstad, følgt av ein Riise-volley i siste speleminutt.

Ved begge høva var derimot Håskjold Nyland på plass med to kjemperedningar.

Når straffespark skulle avgjere semifinalen kom Molde-keeperen på ny i fokus. Han redda den siste straffa, og då Molde scora på alle sine, gjekk dei blå og kvite til finale.

Saka held fram under videoen.

Moldes manager Ole Gunnar Solskjær var ikke imponert over kampen isolert sett, men skryter veldig av egen keeper Ørjan Håskjold Nyland etter kampen.

Ole Gunnar Solskjær hylla Ørjan Håskjold Nyland og Magne Hoseth etter at cupfinaleplassen var sikra.

Kippe: – Bittert og ergeleg

Håskjold Nyland og Hoseth blei dagens menn for Molde. Hadde Lillestrøm gått sigrande ut, hadde Frode Kippe blitt dagens mann. Den rutinerte midtstopparen var botnsolid, og scora i straffekonken.

– Vi skulle avgjort før full tid. Vi spelar ein veldig god match, og spesielt i andre omgang har vi kontroll på Molde. Vi skal drage det i land, men dei scorar på overtid, opna ein skuffa LSK-kaptein.

– Vi er ikkje dyktige nok i slutte av matchen, og vi slepper inn målet vi ikkje skulle sleppt inn. Det er så nære, og at vi ikkje klarer det er bittert og ergeleg.

Medan Molde jubla hemningslaust på LSK si eiga heimebane, gjekk gule og svarte spelarar med tårer i auga inn i garderoben.

– Det er mange skuffa spelarar no, utan tvil. Vi skulle så gjerne vore i cupfinale og hatt noko å sjå fram til, sa Kippe til NRK.

Lillestrøm og Palmi Rafn Palmason står for kampens første mål.

Lillestrøm tar teten

Magne Hoset og Molde utligner mot Lillestrøm. Keeper Udjus har vel ikke godfølelsen etter denne.

Molde utligner!

Lillestrøm tar tilbake teten ved midtstopper Anders Østli

LSK scorer på dødball

Magne Hoset med et kremmerhus i krysset og Molde sender kampen til ekstraomganger.

Molde utligner på overtid!

Fotball

  • Isnes-seier mot gamleklubben – effektivt Strømsgodset slo KFUM 3-1

    Strømsgodset vant 3-1 borte mot KFUM Oslo i Eliteserien tirsdag kveld.

    Godset vant etter en tidlig og en sen scoring i første omgang. Herman Stengel scoret to ganger og fikset seier for vertene og trener Jørgen Isnes, som møtte igjen klubben han trente til og med 2022.

  • Martin Ødegaard tilbake på trening før storkampen mot Bayern München

    Arsenal-kaptein Martin Ødegaard var sammen med resten av laget som forbereder seg til kvartfinalen i Champions League mot Bayern München.

    Det opplyser Sky Sports.

    Ødegaard tuslet av banen etter 77 minutter mot Aston Villa i helgen.

    – Han hadde et problem med beinet, det er årsaken (til at han ble tatt av), sa Arsenal-sjef Arteta, ifølge BBC.

    Onsdag kveld møtes Bayern München og Arsenal. Det første oppgjøret endte 2-2 i London. (NTB)

    Ødegaard
    Foto: Reuters
  • «Kniklas» ute i lengre periode: Ikke aktuell før tidligst til høsten

    Niklas Jensen Wassberg, «Kniklas», blir borte fra fotballbanen i en lengre periode. Det skriver Brann på sine nettsider.

    – Niklas har fått en kneskade som vi fremdeles utreder og gjør vurderinger av hvilke behandlingstiltak vi skal utføre. Men det er uansett ikke aktuelt for han å være på banen igjen før tidligst til høsten, sier Brann-lege Arne Instebø.

    Det var under søndagens kamp mot Viking at 19-åringen pådro seg en kneskade.

    – Det er utrolig kjipt og veldig tungt å få denne skaden nå, men nå skal vi sammen med det medisinske apparatet finne ut hva som blir veien videre, sier Jensen Wassberg.

    Niklas Jensen Wassberg
    Foto: Carina Johansen / NTB
  • Stygg smell for Start-keeper – sendt til sykehus

    Start kunne mandag juble for sitt første poeng denne sesongen etter 1–1 mot Mjøndalen. Det var imidlertid noe helt annet som stjal fokuset.

    Etter 20 drøye minutter smalt det da Start-keeper Jasper Silva Torkildsen skulle avverge et angrep, men ble meid ned av Mjøndalens Mathias Bringaker.

    Keeperen reiste seg først opp og sjanglet bortover, før han måtte sette deg ned igjen med ansiktet dekket av blod. Thorkildsen ville fortsette, men ble til slutt byttet ut med Mats Viken.

    – Han er helt fortumlet, helt sprellemann, fastslo TV 2-kommentator Petter Bø Tosterud.

    Underveis i annen omgang kom Start med en skadeoppdatering på keeperen:

    – Han er ved bevissthet og får medisinsk behandling. Nå er han på vei til sykehuset for videre undersøkelser, skrev klubben på X.

    (NTB)

    1. divisjon fotball 2024: Start - Aalesund
    Foto: Tor Erik Schrøder / NTB
  • Lyn knuste Aalesund på bortebane etter rødt kort

    Jan Halvor Halvorsens Lyn kunne juble for sin første seier siden opprykket til 1. divisjon da Aalesund ble rundspilt med 3-0 mandag.

    Før mandagens knallsterke borteseier sto hovedstadslaget med én uavgjort og ett tap. Lyn har rykket opp to sesonger på rad og har ikke spilt i 1. divisjon siden 2010.

    Mandag fikk Lyn litt hjelp på veien mot sesongens første seier da Aalesunds Sander Kilen pådro seg sitt andre gule kort og ble sendt i dusjen etter bare 35 minutter.

    Daniel Schneider, Henrik Kristiansen og Andreas Hellum scoret målene for Oslo-klubben.

    (NTB)

    NM fotball cup 2023: Vålerenga - Lyn (1-2)
    Foto: Rodrigo Freitas / NTB
Erling Haaland
Phil Foden
Guro Reiten
Champions League - Round of 16 - Second Leg - Borussia Dortmund v PSV Eindhoven